Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Bergensk Holberg-tradisjon

Av Sjur Haga Bringeland
,  10.09.09


Den unge Holberg forlét fødebyen Bergen og vende aldri attende. Men jamvel som ald­rande adelsmann på sjællandske Sorø heldt han fast på bergens­­identiteten sin – det hevdar i alle høve bergensarane. Frå Danmark skreiv han sin Bergens Beskrivelse, han nytta byen som ut­gangspunkt for den underjordiske ferda til Nils Klim, og i essaya og memoarane vender han jamleg heimom.

Bergensarane vender òg jamleg attende til diktaren sin. Statuen på Vågsallmenningen som blei av­­duka ved 200-årsjubileet i 1884, ber bod om ein ubroten Holberg-tradisjon i byen, ein tradisjon som er knytt til scena. Då Det dramatiske Selskab i Bergen blei skipa i 1794, var det med ei oppsetjing av Den politiske Kandestøber, og i tida som fylgde, blei elleve andre Holberg-komediar framførde. Mellom dei intrigekomedien Mascerade, som denne helga hadde premiere på Den Nasjonale Scene.

Best på bergensk
– På same måte som det var naturleg å opna med Holberg den gong­en, tykkjer eg det er på sin plass å spela han i jubileums­sesongen, sa teatersjef Bjarte Hjelmeland i ein introduksjonssamtale til oppsetjinga som markerer at Den Nasjonale Scene er hundre år. Hjelmeland er sjølv del av den levande Holberg-tradisjonen i heimbyen – som Henrik spelar han ei av hovudrollene i Mascerade, saman med Helge Jordal. Jordal, i rolla som Jeronimus, har sjølv lang røynsle som Holberg-komediant, og han synest Holberg bør spelast på bergensk:

– Austlendingane forstår ikkje Holberg like godt som me her vest. Det er sjeldsynt å sjå ei god Holberg-framsyning på Austlandet. Det har kan henda noko med havet, folk og dynamikk å gjera.

Direkte
Premierepublikumet til Mascerade forstår nok kva Jordal meiner med «dynamikk». For dei som har opplevd å sitja på Det Konge­lige Teater i København med hendene i fanget og la samfunnsrefsaren Holberg siga inn, er bergensoppsetjinga definitivt annleis.

– Dette er verkeleg kommunikativt teater, svært utettervendt, og det gjer det morosamt å spela av di du triggar publikum på ein meir direkte måte, meinte Jordal før premieren. Og kommunikasjonen med salen fungerte – gong på gong måtte skodespelarane drygja eit bel då publikum braut ut i applaus og orda frå scena drukna i lått. Og det med eit stykke frå 1724.

Original målbunad
Så kva er grunnen til at publikum reagerer likt på ein Holberg-kome­die som på Anne-Kat. Hærland og hennar Gift, men ingen fanatiker, ei anna framsyning som kan sjåast på bergenske podium for tida? Holberg-biografen Lars Roar Langslet ser i komediane ei livskraft som gjer dei like festlege på norske scener i dag som då dei blei skrivne for nær tre hundre år sidan. «Nesten alt som siden er skrevet av komedier og lystspill i Norge og Danmark, er forlengst ‘gått ut på dato’, selv om de i sin tid hadde stort scenetekke. Men Holberg lever», skriv Langslet.

For danske Kim Bjarke, regissøren bak jubileumsoppsetjinga, er det holbergske språket ein nykel til å skjøna den tidlause appellen. Difor er han òg varsam med å modernisera målbunaden.

– Me har nokre dagsaktuelle innslag som blir avleidde naturleg, men elles er det Holbergs eige språk me nyttar. Blir den språklege rikdomen borte – det blir han lett om ein moderniserer –, forsvinn mykje av humoren, hevda Bjarke i samtalen med Hjelmeland og Jordal. Han er elles overtydd om at publikum ikkje nyttar mange minuttane på å venja seg til dei stiliserte replikkane.

Folkeleg?
Knut Ove Arntzen, teatervitar ved Universitetet i Bergen, er samd med regissøren om at språket i komediane er ein nykel til suksessen i heimbyen.

– Han tok med seg det bergenske lyndet, delvis språket òg. Dei har lagt elskhugen sin på Holberg i Bergen, annleis enn i Oslo, for bergensarane forstår dei språklege finurlegheitene som ligg i komediane. Dei kjenner att det bergenske i personane – det rappkjefta, den kjappe replikken, det biletrike språket, dei saftige uttrykka. Eg trur det er dette Helge Jordal siktar til når han hevdar at austlendingane ikkje forstår Holberg.

I ein kommentar i Bergens Tidende kritiserer kulturredaktør Jan H. Landro haustprogrammet på Den Nasjonale Scene for å «gje etter for folkekravet», for at «det folkelege vil dominera» fram til jul og at «Holbergs Mascerade og bergensklassikaren Jan Herwitz i ein og same haustsesong smakar av kommers». I Bergen er altså 300-åringen Holberg både kommers og folkeleg?

– Dei som synest at Holberg-komediar er folkelege – ja vel, men denne oppsetjinga når i alle høve ut over det. Her har Den Nasjonale Scene råka blink, seier Arntzen.

Han synest ikkje det er underleg at publikum i dag kan le så hjarteleg av desse komediane.

– Dette er ein to tusen år gamal komedietradisjon som kvar generasjon kan ha eit tilhøve til. Ein spelar ikkje Plautus og Terents lenger; det som blei skrive på 200-talet før Kristus blir for fjernt, men mange av figurane i Holbergs komediar er henta nettopp frå den latinske tradisjonen. Det som gjer at eit stykke som Mascerade kan spelast i dag, er personane i det – her møter me ikkje berre figurar, me møter ekte personlegdomar. Mascerade er komisk, ja vel, men ikkje berre komisk. Stykket ber noko meir i seg.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake