|
|
Kommersialisert kultur Terje Strøm-Olsen, 27.08.09 Etter den andre verdskrigen var det eit politisk krav om å spreie den borgarlege kulturarven til flest mogleg. Politikarane kalla det eit prosjekt om folkeopplysing. Men medan den vaksne generasjonen var fylt av optimisme for framtida, såg kunstnarane den andre vegen. Dei ville bryte med symbola og formene til den gamle verda. «Folk flest» kjende seg framandgjorde overfor dei nye kunstnarlege ytringane. Utover i 1960-åra var det mange i Arbeidarpartiet som meinte at bruken av den borgarlege høgkulturen gjekk utover tradisjonelle verdiar i arbeidarrørsla. Dei sette seg føre å la kulturen famne om alt frå høgkulturen, amatørkulturen, folkeleg underhaldning til sportsaktivitetar. «Det utvida kulturomgrepet» vart fødd rundt midten av 1970-åra. Slik skulle ein famne heile folket i kulturell aktivitet. Også ungdomskulturen vart oppgradert og sidestilt med høgkulturen. Er eg snill, kan eg seie at kulturlivet vart demokratisert. Men i røynda vart det kommersialisert og byråkratisert. Dette skaper kanskje mangfald, men endar til slutt med ei folkeleggjering. Det var eit knefall for populismen, og publikum vart konsumentar. Røyndomsflukt Den teknologiske revolusjonen i media tok til i USA, og det var der det først oppstod ein massemarknad. Film, radio og plateindustri detroniserte tidlegare kulturformer og la grunnlaget for ein verdskultur der det eine beinet var teknologien og det andre det amerikanske innvandrarsamfunnet. Middelklassen overtok det kulturelle hegemoniet under depresjonen i USA i 1930-åra. Presset frå røyndomen gjorde at folk søkte tilflukt i elegansen. Unngå det personlege No vende kunstnarane tilbake til det figurative formspråket og ei rein og klar penselføring. Motivkrinsen var bylivet i samtida, forbruksvarer, ja – dei ting som stadig omgjev det moderne mennesket, og dei symbola det moderne samfunnet har skaffa fram. Den mest kjende forgrunnsfiguren innanfor popkunsten er Andy Warhol. Han unngjekk alle spor etter det personlege engasjementet til kunstnaren i arbeidet. Warhols motivkrins varierer frå det banale – ei mengd Coca-Cola-flasker, suppeboksar, populære venleiks- eller sexsymbol som Marilyn Monroe, Liz Taylor og Jackie Kennedy dehydrerte til det banale – til det groteske: ei uttrykkslaus oppstilling av nesten uendeleg mange trykk av den elektriske stolen. Direkte og suggestivt Men popkunsten opna òg biletet for eit nytt innhald og freista gjere det til eit direkte og suggestivt uttrykk for medvitet til mennesket om si eiga verd. Popkunsten bana veg for ein svær marknad, han vart ein kult – og kunstnarane vart dyrka som pop- og filmstjerner. Popkunsten grensar tett opp til populærkulturen. Han har ei eiga evne til å flytte blikket frå dei kompliserte til dei mindre kompliserte tinga, og han er svært dynamisk; funksjonen hans er nettopp kontinuerleg å skifte ut produkt. Han er ein refleks av forbrukarsamfunnet. Totalkunst Wagners idé var å utfordre grensesona mellom røyndom og ikkje-røyndom. Kven kan ikkje då forførast? Vi har mist noko på vegen mot den regisserte røyndomen: evna til å lytte. Det har endra konsertlivet og den klassiske konsertforma. Også samansetjinga av publikummet har endra seg. Publikum i dag forventar noko meir enn ein musikar ved eit flygel på eit nake podium eller eit orkester dressa opp i kjole og kvitt under leiing av ein dirigent med ryggen mot publikum. Eit stort publikum, helst på mange tusen, skaper ei dynamisk, suggestiv oppleving av fellesskap. Det forsterkar inntrykket av å vere med på noko stort, ei viktig hending. Dette er eit publikum som heller vil ha ei cocktailblanding med ein større dose emosjonelle opplevingar enn intellektuelle stimulansar. Alt vart underhaldning Tidsånda er i dag hedonistisk. Ho har skapt eit nytt ideal. Det nye mennesket skal vere ungt, vitalt og vakkert, grensesprengjande og eigenrådig. Den politiske oppfinninga «det utvida kulturomgrepet» har sendt ut eit gale signal om kva kultur er. «Det utvida kulturomgrepet» må demonterast. Det vart sjølve motoren i kommersialiseringa av kulturlivet. Men det kan ikkje vere oppgåva til staten å hegne om ein populær- og ungdomskultur som står svært bra på eigne bein og som formidlar eit uttrykk som har den direkte effekten som einaste mål – å kitle kjenslestrengen i 3,5 minutt. Entzaubert Eg nærer ei konstant frykt for utviklinga til kulturen. Det er kulturen som skaper og tek vare på eit godt samfunn. Det mest alvorlege som kan råke eit samfunn, er ikkje økonomisk tilbakegang, men kjensla av kulturell oppløysing og forfall som gjerne følgjer med. Sivilisasjonen vår har vorte skildra som entzaubert – ufortrolla. Den teknologiske sivilisasjonen ignorerer trongen til å produsere mytar. I staden lagar han ei overflod av produkt som er framand for det musiske mennesket. Terje Strøm-Olsen (1952–2009). Musikk- og kunsthistorikar og forfattar. Han var impresario, konsert- og teaterprodusent og gav ut fleire bøker. Kronikken er skriven med utgangspunkt i essayet «Dannelsesidealet må gjenreises». Det står i den nyleg utgjevne pamfletten Dannelsens sammenbrudd (Kolofon), som Strøm-Olsen skreiv saman med Kristian Meisingset før han døydde 4. august i år. Kronikken er nedkorta av Meisingset.
« Tilbake |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|