Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Forfattarar mot fråflytting

Av CECILIE N. SEINESS
,  13.08.09


Korleis blir det om 100 år? Vil barndomsheimen til Frode Grytten i Odda opnast for publikum? Vil me få sjå kjøkenbordet der han som vart forfattar åt frukost? Barneteikningane? Familiebileta? Vil ein måtte betala tillegg for ein guida tur frå soverom til kjøken via stova der ein får høyra alle anekdotane om Grytten som gut? Og kva med Ragnar Hovland? Vil komande generasjonar få sjå tannkosten hans? Godstolen? Barskapet? Utvalet av hawaiiskjorter?

LITTERATURIST
Eg innrømmer det med det same. Eg har sjølv hatt stor glede av å vera litteraturist, kikka inn i avdøde forfattarar sine liv, vera på ei litterær se og hør-reise. Prøysenstova, Undsets Bjerkebæk og Bjørnsons Aulestad – eg skjønar godt at folk reiser dit. Sjølv såg eg Meryl Streep som Karen Blixen i Mitt Afrika litt for mange gonger (rett nok var dette for mange år sidan), las litt her og der i Karen Blixen sin forfattarskap og besøkte Rungstedlund. Og det er ikkje til å koma frå, det var ei stor glede å tutla rundt i stova til Blixen, i hagen hennar, sjå grammofonen elskaren gav henne, sjå suvenirane frå Kenya, dukane, møblane, gardinene... Eg innrømmer at eg likte det.

FRÅ KU TIL KUNST
Etter å ha reist litt på Vestlandet i sommar, er det lett å slutta seg til okkinga over at gardane forsvinn, bøane veks igjen og buskaset sigrar. Samstundes som ein kan sørgja over landbruket som blir borte og folka som flyttar, kan ein gle seg over at det skjer mangt på «landet» på det kulturelle området. Sauer og kyr er erstatta med gardsturisme i kvar ei grend, det er spel på kvart eit nes, kunstutstillingar i kvart eit fjøs. Det kjennest som om kulturen skal redda bygdenoreg, halda dei som bur der fast, få nokon til å komma.

Sist veke opna Hamsunsenteret. Hamarøy kommune satsar på at eit 26 meter høgt tårn over forfattar Hamsun kan få fart på den lokale økonomien. Hamsun-biograf Ingar Sletten Kolloen var kritisk og kalla bygget eit luftslott. Han kunne ikkje sjå føre seg kva huset skulle fyllast med. Forskarar oppsøkjer Nasjonalbiblioteket for å studera Hamsun, ikkje barndomsheimen på Hamarøy. Knut Hamsun blir brukt som eit verktøy for å få større tilflytting, turistar og nye næringsetableringar.

DAUDE DIKTARAR
Sist veke kunne Dag og Tid fortelja at på Jøa har dei lenge hatt planar om å bygga eit Olav Duun-senter. Dei kan berre drøyma om dei 142 millionane dei har brukt på Hamarøy, men har dei teke det første steget på ein mindre ambisiøs veg. Førebels har dei berre ein tom Duun-heim å gle seg over, men planane er store. Dei vil gjera Duuns barndomsheim til museum.

Ulvik og Hardanger ville ikkje vore det same utan Olav H. Hauge. Olav H. Hauge-stiftinga har dei siste åra arbeidd med å etablera eit Haugesenter. Senteret skal liggja i det gamle heradshuset i Ulvik saman med turistkontoret og lokalhistorisk arkiv. I huset skal det etablerast studieplassar og vera utstillingar.

Planane er mange for dei døde forfattarane. Om få år står eit Nasjonalt Garborgsenter klart. I Ryfylke skal det byggjast Rasmus Løland-senter, eit nasjonalt senter for barnekultur. I Strandebarm er det planar om å få i stand ein kulturinstitusjon med utgangspunkt i forfattarskapen til Jon Fosse sjølv om han vandrar rundt i levande live. I Dale i Sunnfjord kan ein besøka Klokkargarden om ein er Jakob Sande-fan. Der er det òg planar om eit meir omfattande Jakob Sande-senter. I forprosjektet til senteret vert det snakka om «næringspotensialet» i Klokkargarden og Jakob Sande som «merkevare».

MERKEVARENE
Døde diktarar kan brukast kommersielt, dei blir «merkevarer». Dei kan fronta nærast kva det måtte vera. I vår vart planane for Diktarvegen lansert, eller RV 13 frå Sandnes til Førde som skal knyttast til fem døde menn, Garborg, Løland, Hauge, Sivle og Sande. Diktarane skal vera med å auka trafikken, gjera standarden på RV 13 betre. Dei fem skal gjera det lettare for folk å velja RV 13. «I den grad det å gjera folk medvitne om denne vegen kan ha noko å seia for at standarden vert betra, så er det bra.», sa leiar i styringsgruppa Arne Kleppa til Dag og Tid i vår.

På vårparten 2008 vart stova der Per Sivle vart fødd i Flåm, riven. Tvillingbror til Per Sivle var dødfødd og det var knapt liv i vesle Per. Både huset og fødselen er myteomspunne, men eigaren ville byggja eit nytt hus der Sivle-heimen stod og reiv det gamle ruklet, noko som fekk mange i lokalsamfunnet til å mista munn og mæle. Sivle-laget rykka ut og tok vare på tømmeret. Stova skal setjast opp ein annan stad i Flåm. Historia om eigaren som reiv huset med ei særmerkt historie knytt til ein lokal forfattarhelt, er utypisk og nærast komisk. Den som i ei bygd har ei historisk forfattarstove på tomta si, riv ikkje huset, men ser billettinntekter og arbeidsplassar og framtids-voner.

REDNINGSBØYER
Kan ei bygd smykka seg med at frå denne plassen kjem det ein forfattar, meir eller mindre god, lét ein ikkje sjansen gå få frå seg. Ein gjer noko ut av det, set opp byster og statuar, lagar museum av heimar og skrivestover og gjerne dokumentasjons-senter. For forfattardyrkinga handlar om meir enn kjøkenbord og dynetrekk, det handlar om informasjon og dokumentasjon av ein forfattarskap, om kunnskap rett og slett. Forfattaren kan etter sin død skapa nokre arbeidsplassar og få turistar til å koma. Og den døde forfattaren vert som ein gallionsfigur for eit distrikt same om forfattaren budde storparten av livet ein annan stad og ikkje hadde eit heilt godt forhold til staden. Bygdesamfunn klamrar seg til døde lokale forfattarar som redningsbøyer.

Litteraturprofessor ved Universitetet i Oslo, Tore Rem, har etterlyst meir forsking, evaluering og debatt om kva dei gigantiske forfattarjubilea gjer med oss. Kva skjer når festtalane er over og millionane er brukte opp?

Kanskje burde ein òg undersøkja kva det gjer med oppfatninga vår av forfattarar når dei blir kanoniserte representantar for ein heimplass og eit distrikt? Kva gjer det med ein forfattar å bli ein del av kampen mot avfolking og for lokale inntekter – eller kopla til betring av riksvegar? Kvar har det å seia for korleis me les ein forfattarskap?

RAGDE-RÅNAR
Det er absurd om ein tenkjer at det same skal skje med nolevande forfattarar som med dei døde. Skal Edvard Hoem få eit dokumentasjonssenter og museum og sikra framtida for Fræna? Eller kva med Anne B. Ragde og hennar historie? Kan eit distrikt bruka henne som merkevare og næringsutvikling etter at ho er død? Kan garderoben hennar stillast ut? Vil det gje inntekter? Eller kanskje vil Ragde få noko å seia for svinekjøtprodusentane i framtida?




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake