Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Sluttar før han byrjar

Av Cecilie N. Seiness
,  02.07.09


I juni 2008 vart det kjent at Lars Erik Holter fekk stillinga som teatersjef ved Det Norske Teatret. Eit år etter, før Holter formelt har byrja som teatersjef, takkar han for seg. Holter skulle ta over etter Vidar Sandem frå nyttår, men har alt arbeidd ved teatret i eitt år for å leggja repertoaret for 2010. I ei pressemelding heiter det at Holter gjev to grunnar for å forlata teatret: Teatret er inne i ein krevjande situasjon med nedbemanning, noko som ikkje var tilfellet då han fekk tilbod om stillinga. Dessutan ventar familien det fyrste barnet sitt i oktober.

– Eg får ikkje det å vera teatersjef til å henga saman med ein slik familiefar eg gjerne vil vera. Hadde den økonomiske situasjonen ved Det Norske Teatret vore normal, hadde eg kanskje halde fram. Men når ei verksemd skal gjennom ein slik prosess som teatret no må gjennom, krev det mykje av den som skal leia verksemda. Eg ser føre meg at det vil ta mykje tid og krefter, meir enn eg er viljug til å ofra med tanke på at eg skal verta far i oktober. Eg har i alle år sagt til studentane på Teaterhøgskulen: Nummer éin i livet er helsa, nummer to er familien, og først på tredjeplass kjem teatret. Eg vil leva etter det, seier Lars Erik Holter.

– Har du dårleg samvit for at du forlèt teatret og set dei i ein vanskeleg situasjon?
– Nei, då eg vart tilsett, var det på grunn av kunstnarlege kvalifikasjonar. I den situasjonen teatret er i no, trur eg det er best for både teatret og meg om eg trekkjer meg. Teatret treng eit menneske med evne til å rydda opp i store verksemder og som har slik erfaring. Dessutan, kona og eg har prøvd å få barn i åtte år. Det kjennest underleg om eg knapt skulle vera heime når me endeleg lukkast.

Økonomiske vanskar
– Du forlèt stillinga delvis på grunn av dei økonomiske vanskane til teatret. Trur du det vert vanskeleg å skaffa godt kvalifiserte folk etter denne historia?
– No er dei økonomiske vanskane kjende. Kanskje tilsetjingsprosessen dreg til seg litt andre typar søkjarar denne gong­­en. Eg trur det finst folk som vert trigga, inspirerte og får lyst til å arbeida under slike tilhøve.

– Oppseiinga di kom som ei stor overrasking for teatret?
– Eg er glad i Det Norske Teatret, eg vil teatret berre godt. Skal ein slå opp med kjærasten, kjennest det i alle tilfelle som det kjem brått. Eg håpar eg ein gong kan koma tilbake som instruktør.

– Er du usamd med sparetiltaka styret ved teatret har gått inn for?
– Nei, eg gjekk sjølv inn for dei tiltaka som vart vedtekne i styret. Dei årlege kostnadene skal reduserast med åtte millionar, og det er teke ei avgjerd om å kutta ordinære teaterproduksjonar på Prøvesalen. Mange har oppfatta det som om ein skal kutta all aktivitet på Prøvesalen; det stemmer ikkje, det vert andre typar framsyningar der. Når det er sagt, meiner eg uansett at det er vanskeleg å vera med på å redusera aktiviteten ved eit av dei største teatra i landet. Å kutta i fram­syningane er ein farleg veg å gå om ein tenkjer framover.

– Men korleis burde ein ha kutta i kostnadene?
– Eg har gjort den vurderinga at eg ikkje har den erfaringa som skal til for å leia ein så stor organisasjon gjennom ei krisetid. Det er noko av grunnen til at eg seier opp stillinga.

Repertoaret lagt– Repertoaret du har lagt, kjem stort sett til å verta gjennomført neste år. Kva tenkjer du om det?
– Det er litt rart. Sjølvsagt har Vidar Sandem full rett til å endra på det han vil, men store delar av mine planar vert gjennomførde.

– Er det òg med sorg du gjev frå deg stillinga?
– Ja, det er klart at det er ve­­modig. Men det er ein siger for meg at eg har greidd å velja familielivet framføre karriere som teatersjef.

– Kva kjem du til å driva med framover?
– Som før vil eg setja opp framsyningar. Eg har sagt frå meg alle oppdrag på grunn av at eg tok stillinga som teatersjef, og teatra har alt lagt planane for 2010, men eg har nokre oppdrag. Eg skal nok greia meg, seier Lars Erik Holter.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake