Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


– Venstresida er mest liberal!

Av Svein Gjerdåker
,  18.06.09


LIBERALISME

Svein Tuastad: Den opplagte posisjonen: Liberal sosialisme.
– Sosialist i økonomiske spørsmål, liberal i spørsmål om staten og individet. Det er den opplagde posisjonen! Ofte krev folk på høgresida hevd på liberalismeomgrepet. Det bør dei ikkje få! For det er venstresida som har dei beste føresetnadene til å forvalte den liberale arven vidare i vår tid. Det er difor dei viktigaste bidraga innanfor liberal tenking dei siste hundre åra har kome etter 1970 frå venstre­liberale tenkjarar som John Rawls og Holbergpris-vinnarane Ronald Dworkin og Jürgen Habermas.

Røe Isaksen: – Personleg kallar eg meg konservativ, men med ståstad i den liberale tradisjonen frå Edmund Burke. Alle idétradisjonar har greiner og spenningar. Difor er det merkeleg at så mange på venstresida ropar Eureka! berre fordi dei har oppdaga at det eksisterer ein venstreliberal tradisjon som også kjem med interessante bidrag. Venstresida evnar framleis ikkje å ta innover seg at økonomisk fridom og personleg fridom heng saman, til dømes demokrati og marknadsøkonomi. Ikkje berre i den banale tydinga at fridom utan rett til å rå over ein stor del av eigen produksjon er hol, men òg fordi infrastrukturen i eit fritt samfunn kviler på ei spreiing av makt som inga sosialistiske alternativ har evna å lage i stand.

Tuastad: Liberalismens kjerne er ei særleg form for likskap.
– Folk på høgresida trur liberalismen handlar om å vere mest mogleg mot staten. Det er misforstått. Den liberale idétradisjonen er fyrst og fremst overlegen andre teoriar når det gjeld kva som er legitim bruk av statsmakt. Kjernen i liberalismen er at staten lyt syne lik respekt for kvar og éin av samfunnsborgarane. Ei oppfatning av det gode livet må ikkje verte favorisert. Det er difor til dømes statskyrkjeordningar er diskriminerande.

Røe Isaksen: – Eit fritt samfunn kan ikkje vere til utan ein stat, og dei fleste liberale ønskjer også at staten skal ta eit ansvar for til dømes skule, forsking og sosialt tryggleik. Resonnementet vert ein stråmann. At Tuastad skulle meine at staten aldri lyt favorisere «ei oppfatning av det gode livet», er openbert gale, gjeve resonnementet han kjem med. Tuastad er da for både omfordeling, skatt og regulering­ar, alle døme på lover og reglar som straffar bestemte former for val. Ein langt meir interessant debatt for meg som konservativ er om staten aldri lyt «favorisere ei oppfatning av det gode liv» også utanfor det økonomiske området. Eg er til dømes sterk tilhengjar av å favorisere til dømes ekteskap framfor andre samlivsformer.

Tuastad: Venstresida har det beste utgangspunktet for si ideologiske tenking.
– Venstresidas utgangspunkt er at samfunn og marknad er eit samarbeidssystem der spørsmålet er korleis vi fordeler fruktene av samarbeidet. Høgresida tenkjer ofte at «vinnaren» i mark­nadsspelet fortener heile potten. I dagens komplekse, samanvovne globaliserte velferdsdemokrati må det venstreliberale utgangspunktet vere det rette. Når marknaden er eit samarbeidssystem, tilseier det meir, ikkje mindre, likskap i fordelinga av pengar og makt. Skatt, omfordeling og makt til tilsette er ikkje illiberalt, men føresetnader for reell fridom.

Røe Isaksen: – Kven er «vi» som fordeler? Jo, statsapparatet og politikarane, og ei slik fordeling har sine eigne problem og utfordringar. Det er eit interessant spørsmål om «vinnaren» i mark­nadsspelet fortener potten sin. Eg er tilbøyeleg til å svare nei. Marknaden sikrar ikkje rettvise utfall i seg sjølv; ein god person kan verte fattig, mens ein dårleg person kan verte rik. Utfallet av marknadsprosessane er amoralske, sjølv om marknaden, fordi han baserer seg på friviljug deltaking, kan seiast å ha eit moralsk fundament. Spørsmålet er om det i det heile teke er mogleg å lage eit økonomisk system der «vi», altså staten, fordeler alt rettvist. Eit liberalt utgangspunkt (merk, utgangspunkt, dette kan også problematiserast) må snarare vere prosessrettvise: Så lenge fordelinga har skjedd utan at noen vert krenkte, er også resultatet legitimt. Som i ein fotballkamp: Eit lag kan ha uflaks, men må framleis godta at dei andre vinn så sant dei følgjer reglane.

Tuastad: Eigedomsretten hamnar langt nede på lista over viktige fridomar.
– I moderne politisk teori, in­­kludert liberal, gjeld det ofte å balansere dei sentrale fridomane våre mot kvarandre. Når vi balanserer fridomane, vert eigedomsrett til produksjonsmidla ein ganske uviktig rett sett opp mot andre fridomar. Om ikkje eigedomsretten vert skoren ned, vert omfordelinga mindre. Fridomen til å realisere sine livsdraumar ville vere mest for dei rike.

Røe Isaksen: – Eg meiner innfallsvinkelen er feil, særleg sett frå eit liberalt ståstad. Spørs­målet er ikkje om eigedomsrett til produksjonsmidla er mindre viktig enn andre fridomar, men om han ikkje er ein naturleg konsekvens av slike fridomar? Det er vanskeleg å tenkje seg reell handlefridom utan retten til å eige noko, og det er igjen vanskeleg å tenkje seg retten til å eige utan at ein også får lov til å auke sin eigedom.

Tuastad: Sosialisme går godt saman med liberalismen.
– Medan sosialistisk teori stort sett har handla om økonomisk rettferd, har diskusjonen om binding av statsmakta, liberalismens hovudtema, ofte vore for overflatisk. Men det er ingen ting i vegen for å supplere sosialistiske kjerneidear med dei sentrale liberale innsiktene. Ideane til Rawls, Dworkin og Habermas går som hand i hanske saman med førestellingar om ein sosialistisk marknads­økonomi der bedriftene er medarbeidareigde, til dømes. Sterkare vern av ytringsfridomen og mot overvakingsparanoiaen, skulle det vere i prinsipiell motstrid til sosialistisk, økonomisk likskap?

Røe Isaksen: – Eg er heilt samd med Tuastad i at sosialistiske innsikter både kan og lyt supplerast med liberale. Det er også det som reint faktisk har skjedd med sosialistiske parti i Vesten. Samtidig er sosialismens akilleshæl, også slik han syner seg langt inn i norske SV, at han manglar eit omgrep om grenser for politikk og difor også «maktbinding av staten». Så lenge sosialistar ikkje har klare konsept om private sfærar, grenser for makta til fleirtalet, spontan utvikling og så vidare, risikerer dei alltid å verte illiberale eller i verste fall autoritære – slik SV viste eit lite døme på gjennom vedtaket om å stengja alle private skular.

Tuastad: Liberalismen og konservativismen er ideologiske motpolar.
– Ein kristen føremålsparagraf eller Nina Karin Monsen og kampen til dei konservative mot den nye ekteskapslova: Det er det motsette av liberalisme. Folk på høgresida kallar seg ofte «liberalkonservative». Men det er jo ei sjølvmotseiing. Konservativismen er både opphavleg og i dag ofte ein direkte kritikk mot grunnelement i liberalismen. For i konservativismen meiner ein at staten bør kunne favorisere somme av oppfatning­ane av det gode livet.

Røe Isaksen: – Dette er tull, både historisk og faktisk, og kjem av at venstresida har late seg forføre av sitt eige, ulne stråmannsomgrep «nyliberalismen». Den klassiske liberalismen, eller Whig-ismen som den kanskje bør kallast, hadde sitt opphav i ei langt djupare forståing av enkeltmenneske, fellesskap, historie, tradisjon og ansvar enn den hole, atomistiske liberalismen som i dag vert presentert som sanning frå folk på venstresida. Det finst sjølvsagt konservative som ikkje er liberale, men linja frå Edmund Burkes forsvar for den engelske maktdelinga er klart liberal – og konservativ.

Svein Tuastad er medlem av SV, statsvitar ved Universitetet i Stavanger og aktuell med boka Fridom, likskap og gullkort. Venstresidas nye utfordringar.

Torbjørn Røe Isaksen er Høgre-mann, statsvitar, redaktør av tidsskriftet Minerva og kom i fjor med boka Høyre om! For ein ny konservatisme.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake