Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Hamsun og barnet

Av Otto Hageberg
,  04.06.09


Vi er langt ute i Hamsun-året, og det har vore ei fredeleg feiring hittil, utan uventa synsmåtar. På den eine sida unyansert hylling av den store diktaren, geniet bak språklege lykketreff, den glitrande stilisten og særmerkte lyriske epikaren som fornya norsk romankunst i 1890-åra, og ikkje berre norsk romankunst, men han vann verda som stor modernist. På den andre sida obligatorisk kjæling med det posttraumatiske stresset som krigsåra og rettssaka etterpå skapte. Og bør han få eit minnesmerke i stein eller bronse eller gater og plassar oppkalla etter seg?

Dette blir det tala om, og om det skeive tårnet i Hamar­øy som truleg kjem, og fantasiane om ei skikkeleg tekstkritisk utgåve med korrekte komma til ære for han som hata filologar (og som truleg aldri kjem). Ny samla utgåve av skriftene hans har rett nok kome til jubileet, med fleire tekstar inkluderte enn før, og det er ikkje mange år sidan Hamsuns brev kom, og den store tobands biografien til Kolloen (2003–2004) som ingen kan klandra for å gå i vegen for litteraturforskarane; bøkene til Hamsun er nok nemnde i biografien, kor dei vart skrivne òg, men det er ein reinsleg biografi som ikkje fortolkar.

Unnatak
Det er elles litt av ei gåte at det er skrive så lite om Hamsuns dikting og presentert så få seriøse vurderingar av forfattarskapen hans. Dei seinare åra skil Jørgen Haugans litterære biografi, Solgudens fall (2004), seg ut, og året før, i 2003, kom den første doktoravhandlinga til no om Hamsuns seinare dikting, nemleg Ståle Dingstad: Hamsuns strategier. Realisme, humor og kynisme, begge heller kritiske studiar som altså kom om lag samtidig med Kolloens biografi og hamna i skuggen av den. Femten–tjue år før dette kom det også to sentrale Hamsun-innspel, Atle Kittangs psykoanalytisk orienterte Luft, vind, ingenting. Hamsuns desillusjonsromanar frå Sult til Ringen sluttet (1984) og Robert Fergussons Gåten Knut Hamsun (1987). Omkring 2000 gav også Lars Frode Larsen ut tre detaljrike biografiar om den unge Hamsun, så her er lesestoff nok for interesserte, og mange er interesserte i fenomenet Hamsun.

Veik nobelprisroman
Men det er påfallande at fleire sentrale Hamsun-verk er det nesten ikkje skrive noko om, i alle fall ikkje noko med analytisk tyngd. Det gjeld også Markens grøde, som Hamsun fekk Nobelprisen for.

Kanskje det ikkje er så rart. Ein kritisk analyse kunne lett koma til å plassera prisromanen lågt som kunstverk. Det hjelper ikkje om romanen etter seiande hadde rekordsal i Tyskland, visstnok i USA også, og har vore ein relativ suksess her heime òg, og heller ikkje er det skrive noko om til dømes Siste kapitel. Eg har ein kjettersk tanke om kvifor det er slik: Det er rimeleg å tru at ein kritisk analyse ville sjå på desse romanane som veike.

Markens Grøde har litteraturhistorikarane rett nok freista å berga med snakk om både jord­evangelium og robinsonade. Visst kjenner vi sitata om den litt sære Isak med bustehovud som er sedd som ein kvervel gjennom ruta, og når han går ute og spreier såkornet sitt, er han som ein kubbe som sår. Og den diskret skildringa av Inger som i løynd drep den nyfødde dotter si fordi ho som Inger sjølv er fødd med hareskard, er kanskje det mest gripande Hamsun har skrive. Og nobelprisromanen inneheld fabelaktige vitalistiske passasjar om Eros og Isak og Inger, men også bisarr og tvitydig sivilisatorisk kritikk når Inger kjem på straff i Trondheim og opplever fengselsopphaldet som det flottaste i livet sitt; det gjev henne kontakt med kulturen og byen, og også dottera, Leopoldine, som blir fødd i fengslet, har røynsler som dei andre kan misunna henne; ho er så godt som byfrøken, ein posisjon aldri den yngre systera, som blir avla etter Inger kjem heim att, Rebekka, kan oppnå. Eller kanskje kan ho det om ho går i fotspora til den eldste broren og følgjer hans verdiar: Eliseus heiter han, og byen er hans lengsels mål, fantasien om kontoret er hans tabernakel dei åra han er på ørkenvandring i nybyggjarland. Han vil ikkje vera på Sellanrå, han vil urbaniserast, i ein viss motsetnad til den yngre broren, Sivert, som meir er i takt med ideane til faren. Ein merkeleg roman, som til liks med andre romanar av meisteren viser kor hjelpelaus Knut Hamsun er når han skal skildra barn.

Barn til spott og satire
Ja, det er påfallande at det nesten ikkje finst barneskildringar hos han, anna enn som ledd i satire og spott. Dette blir ekstra påfallande når ein tenkjer på den rolla skildringar av barn og skildringar frå barneperspektiv spelar i samtidig og litt eldre litteratur.

Vi kan minna om dei forfattarane Hamsun hudfletta i føredraga sine i 1891. Bjørnson får tilsynelatande ros for at han har produsert «Husapoteker for Folk tilfjelds og Folk tilhavs», men Hamsun nemner ikkje dei perspektiva på omverda som til dømes En glad Gut og Synnøve Solbakken representerer.

Og Ibsen då, som blir forhåna: Det er opplagt at Hamsun aldri ville kunna skapa ein figur som Hedvig i Vildanden. Og ikkje ein Abraham Løvdal i Gift.

Nemn Jonas Lie med viktige perspektiv på oppvekst, både i Livsslaven, Kommandørens døtre og Familien paa Gilje. Dei aspekta nemner ikkje Hamsun i den nedlatande omtalen sin av Lie.

Han nemner Camilla Collett fordi ho skriv betre enn broren, men Amtmandens Døttre og barneskildringar hos Amalie Skram er like unemnde som livsbileta hos Arne Garborg, i Bondestudentar og Fred.

Vitale område vantar
Kjem ein så inn på 1900-talet, blir barneskildringane endå meir markerte, hos Hamsuns kollegaer, som legg nytt land til menneskeskildringa, nett gjennom det barnet ser og det forteljaren tematiserer av livet som heilskap gjennom vekta på det Hamsun har så vanskeleg for å få med seg, barnet. Det gjeld Uppdal i romanar som Stigeren og Vandringa, det gjeld Sigrid Undset, i Elleve år og i Kransen og bøkene om Olav Audunssøn. Og det er ikkje minst barneskildringane som gjev Duuns romanar sitt særmerkte liv og sin livsfylde. Her kan det berre bli postulat og oppramsing av titlar som På tvert, Nøkksjølia, Tre venner og ikkje minst I eventyre og også Menneske og maktene. Det er også ein utenkjeleg tanke at Hamsun skulle skriva noko som likna på ei novelle som «Vesle-Trask» av Vesaas eller Is­-slottet. Eller Sigurd Hoels Veien til verdens ende eller En flyktning krysser sitt spor av Sandemose. Og slett ikkje Alberte og Jakob av Cora Sandel eller Allis sønn av Magnhild Haalke. Dette kan verka som utvendige samanstillingar, men er ikkje det. Det peikar mot det faktum at det er vitale livsområde som vantar hos Hamsun, og kritikken har knapt nok nemnt tilhøvet.

Ikkje slik å forstå at det ikkje finst barn i Hamsuns romanar, men dei inngår helst i farseaktige og burleske samanhengar, nesten groteske av og til. Det burleske finst i Segelfoss-bøkene, Børn av tiden (1913) og Segelfoss by (1915), både i skildringane av flogvitbarnet Lars Manuelsen, som skal bli prest, og i dei andre av denne generasjonen, også Willatz Holmsen, som blir forkjælt av den tyske mor si, Adalheid.

Det blir ikkje så mykje annleis når den nye tida kjem til Segelfoss, med oppkomlingen Holmengraa som vender tilbake til Nordland frå Mexico med dei mørkhuda og «lavpannede» barna sine, Felix og Marianne med indiansk mor. Barns oppleving og tematisering av tilhøvet mellom foreldre og barn held fram med å vera utvendig.

Berre Abel
Det må ein også seia om den Hamsun-romanen der barn–foreldre-tilhøvet er mest grotesk framstilt og også relativt utførleg utan å gå djupt. Det er romanen Konerne ved Vandposten, som kom ut same hausten som Hamsun fekk Nobelprisen for Markens Grøde, i 1920. Hovudpersonen er Oliver Andersen, som er så uheldig å bli alvorleg skadd då han er til sjøs i unge år. Han må amputera ein fot og blir så godt som kastrert og kan ikkje få barn. Men han kan gifta seg, med kjærasten Petra, som er fruktbar nok til fem gonger å koma i den tilstanden at ho ikkje kan drikka kaffi utan kvalme, og ho får først to gutar med brune augo; det er slik det skal vera, meiner Oliver, sidan både han og Petra har blåe augo, men han blir skeptisk når det kjem ei dotter med blåe augo og luskar sjalu omkring i småbyen og er tilfreds når det fjerde barnet også er brunøygd. Ungane er ikkje opptekne av opphavet sitt, ikkje folk i byen heller, men den eldste av gutane, skuleflinke Frank med filologisk givnad, tek mot gåvene frå dobbelkonsulen Johnsen, som både held han på skule og betaler minst ein dress i året til guten, skulle berre mang­­la, ser det ut til at Petra meiner.

Broren Abel er av eit anna slag, han både ror fiske med kameratar, tuskar til seg litt her og der også og blir etter kvart smed. Abel er vel elles det einaste unge mennesket i Hamsuns dikting som vi får følgja inn i hans originale opplevingsverd ein gong han er åleine ute i marka og møter trolldomsmakta i eit ekko, som gjentek og gjentek ord han ropar. Heilt uvanleg med eit slikt barneperspektiv i ein Hamsun-tekst.

Livet som heilskap
Det er ikkje eit krav til dikting at ho skal gje framstilling av unge menneske, og romanar blir ikkje geniale om den dimensjonen er med. Men det vi ventar av litteraturen, særleg romanen, er tematisering av liv som heilskap. I mange diktverk følgjer vi oppdikta figurar frå gryande liv, inn i vakse liv med all den fylde livet kan vera: visjon, konflikt, draum, strid, kjærleik, hat, forsoning. Og jamt ser vi livshjulet som rullar, generasjonar som følgjer etter kvarandre. Somt av dette ser vi hos Hamsun òg, men frå ei side sedd er diktinga hans så skrinn og grunn. Nesten ingen av hovudpersonane hans har ei vital fortid, og så å seia ingen har barndom.

Dette tyder ikkje at Hamsun ikkje kan skriva. Den språklege meisterskapen hans er større enn dei flestes, og evna til å få humor og ironi til å glitra er makelaus. Og han kan teikna livsbilete som har tryllemakt. Han kan lata sin løytnant Glahn sitja einsam og nedbroten i Kristiania med evne til å skildra jernnettene i nordlandssommaren forførande rytmisk. Og dei spenstige maktfantasiane i Mysterier kan få kven som helst til å missa pusten: «verdensånden til hest» rører seg på scena. Og Victoria med sin utspekulerte retorikk evnar visst å bli rein erotikk for mange: «Ja hvad var kjærligheten? En vind som suser i roserne, nei en gul morild i blodet […] Den var som margeritan som åpner sig på vid væg mot nattens komme, og den var som anemonen som lukker sig for et åndepust og dør ved berøring […] Og kjærligheten blev verdens ophav og verdens hersker, mens alle dens veier er fulde av blomster og blod, blomster og blod.»

Lita interesse
Det er mykje Hamsun kan. Men i tillegg til å mangla evna til å gå inn i barneverda på alvor kan han heller ikkje skildra monumentale døds- og gravferds-scener slik Duun, Undset, Johannes V. Jensen og I. P. Jacobsen kan. Nett det er eit anna svært viktig og ukommentert aspekt ved Hamsuns dikting, og ein kunne jo ønskja at Hamsun-året skapte ny diskusjon om diktaren og diktinga. Det er liten grunn til å tru at det vil skje. Dei som dyrkar Hamsun, vil helst ha seg fråbede kritikk, og same kva som blir hevda i festtalar: Dei fleste er ikkje interesserte i diktinga hans.

Otto Hageberg er professor emeritus i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake