Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Verda sedd frå Noreg

Av Cecilie N. Seiness
,  22.05.09


27.–29. mai presenterer Norsk Dramatikkfestival fem ferske dramatikarar. Morten Nyhus, Nelly Winterhalder, Marius Leknes Snekkevåg, Fredrik Brattberg og Malmfrid Hovsveen Hallum får alle synt kvar sin ein­aktar under festivalen. Dei fem har skrive om trafficking, ufrivillig svangerskap, dødsfornekting, foreldreopprør og angst for muslimar og vart valde ut mellom 77 innsende tekstar. I juryen sat skodespelar og dramatikar Cecilie Mosli, regissør Line Rosvoll og leiar for Norsk Dramatikkfestival Harry Guttormsen.

– Me har valt fem tekstar med substans og brodd, tekstar som speglar liva våre på ein eller annan måte. Eg las alle dei innsende tekstane og var førebudd på å leggja bort mange av dei med det same, men det trong eg ikkje. Eg vart overraska over eit monaleg høgare nivå enn før om åra.

– Korleis forklarar du det?
– Eg trur det handlar om at skriveskulane og litteraturutdanningane fungerer, men kanskje òg om at utviklinga av kommunikasjonsmåtar påverkar skrivemåten, seier Harry Guttormsen.

Stolt tradisjon
Norsk Dramatikkfestival vert driven av Foreningen Norsk Samtidsdramatikk. Målet for verksemda er mellom anna å rekruttera skrivande talent til dramatikarfaget og dessutan arbeida for at norsk dramatikk vert sett opp på norske teaterscener. Vertsteatret for festivalen er Det Norske Teatret.

– Målet er å fanga opp nye stemmer og gje dei høve til å få sett opp ein dramatisk tekst på ei scene, seier Harry Guttormsen.

– Den første dramatikkfestivalen vart arrangert i 1985. Festivalen i år er den ellevte i rekkja. Kva dramatikarar kan festivalen smykka seg med å ha gjeve oss?
– Ser ein i arkiva til dramatikkfestivalen, er det slåande kor få av dei som skriv for teater i dag, som ikkje har vore innom dramatikkfestivalen. Der finn ein namn som Lars Vik, Arne Lygre, Jesper Halle, Maria Tryti Vennerød, Erlend Sandem og Liv Heløe, seier Guttormsen.

Norsk Dramatikkfestival vart starta opp etter eit initiativ frå regissørar. Tanken var at teatret måtte rykkja nærare samtida, ein ønskte seg dramatikk skriven av folk som såg verda frå Noreg.

– Klassikarane kjem alltid til å vera der, men den norske dramatikken er eit viktig supplement. Sverige og Noreg har dessutan ein stolt dramatikktradisjon med Ibsen og Strindberg, Fosse og Norén. Ein kan ikkje forventa slike kapasitetar meir enn kvart hundre år, men ein kan syta for at det finst ein underskog med aktive, relevante dramatikarar som kommenterer samtida, seier Guttormsen.

Fanesak
Guttormsen har i mange år vore oppteken av norske samtids­tekstar, både som teaterregissør, konsulent for Filmfondet, manuskonsulent for Statens studiesenter for film og dekan for Kunsthøgskulen i Oslo.

– I gjennomsnitt er det for tida éin norsk urpremiere kvar veke om ein ser på både radio, fjernsyn, teater og frie grupper.

– Norsk samtidsdramatikk er ei mangelvare, hevdar mange. Stemmer ikkje det?
– Nei, det er ikkje kvantiteten det står på, men produksjonsvilkåra. Norsk dramatikk er ofte ikkje høgt nok prioritert på teatra, og når teatra satsar på norsk dramatikk, er det uroppføringar dei vil ha.

– På grunn av økonomi?
– Ja, teatra kjem godt ut av det økonomisk når dei har norske uroppføringar. Ved gjenbruk av norsk dramatikk kjem teatra dårlegare ut av det, og teatersjefane vel heller utanlandsk dramatikk som kostar mykje mindre. At dramatikk ikkje vert sett opp meir enn éin gong, hindrar dramatikarar i å vidareutvikla seg. Det har utruleg mykje å seia for eit dramatisk talent å sjå ulike oppsetjingar av eit stykke. For Jon Fosse har det vore ein draumesituasjon å kunna sjå stykka sine sette opp ulike stader i verda.

– Jon Fosse sa i si tid at berre dei som ville seg sjølv vondt, skriv for teatret. Finst det slike skott mellom dei som skriv, og teatret i dag òg?
– Nei, i dag er det nok mykje sjeldnare at ein dramatikar opplever at eit stykke vert skamfare i teatret, men det skjer nok framleis. Det har vorte ufatteleg mange fleire arenaer for dramatisk skrivekunst sidan den første dramatikkfestivalen i 1985. I dag er det mogleg for skrivande å vandra mellom ulike sjangrar.

– Kva skal elles til for at det vert skrive god norsk samtidsdramatikk?
– For meg er det ei fanesak å danna ein master i dramatisk skrivekunst på Kunsthøgskulen. Så langt har ikkje Kunnskaps­departementet løyvd den millionen som trengst. Om politikarane vil den dramatiske skrivekunsten vel, opprettar ein eit slikt masterstudium. Noko slikt har Sverige og Danmark hatt i årevis.

Lite motiverte
Harry Guttormsen meiner det same kan skje med norsk samtidsdramatikk i teatret som med norsk film. Norsk film har gått frå å vera latterleg og dårleg til å verta filmar publikum oppsøkjer.

– For tolv–femten år sidan var det ingen som hadde tru på norsk film, men på nokre år snudde det; ein tok nokre modige avgjerder og satsa på det lokale. I dag flokkar det norske publikummet seg om norske historier på film. Om me har eit val, så vel me det norske.

– Kan det same skje med norsk samtidsdramatikk i teatret?
– Ja, eg trur det kjem til å skje, men teaterbransjen er meir konservativ.

– Er teatersjefane lite motiverte til å spela samtidsdramatikk?
– På kredittlista til festivalen er alle teatra i landet med, bortsett frå eitt. For nokre av teatra sat det langt inne å vera med og støtta festivalen. Me måtte overtala dei, men det skjer eit generasjonsskifte i sjefsstolane no, det vil kan henda føra til ei nyorientering? Norsk samtidsdramatikk kjem til å få eit statuslyft med tida. Teatra må finna talenta, gjødsla og driva god gartnarverksemd. Dei kan ikkje laga geni, men dei må gje talenta vekstvilkår, seier Harry Guttormsen.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake