Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Askepott-effekten

Av Jon Hustad
,  14.05.09


Biologisk, eller meir presist ikkje-biologisk, foreldreskap har vore eit tema i media den siste tida. «Skadene på Christoffer Kihle Gjerstads ansikt og kropp bekymret alle. Men ingen varslet. Så døde han», var ingressen på ein større reportasje som stod på trykk i A-magasinet fredag den 21. oktober. Berre nokre dagar etter var stefaren til den vesle guten dømd for andre gong for drap og mishandling.

Det journalisten, Kjetil S. Østli, synte i reportasjen, har resultert i ei mengd lesarinnlegg og artiklar i norske aviser, for, viste det seg: Helse- og omsorgsapparatet svikta totalt. Gong etter gong vart guten send attende til det vi i ettertid har fått vita var nærast dagleg vald. Det offentlege velferdsapparatet frå skule til lækjar skjøna ikkje kva det var dei stod andsynes.

Men noko innlegg frå norske biologar eller evolusjonspsykologar har ikkje stått på trykk i norske aviser.

Svært sensitivt
Dag O. Hessen er Noregs kanskje mest kjende biolog og professor ved Universitetet i Oslo.

– Burde ikkje norske biologar ha nytta høvet til å presentera den internasjonale stefarforskinga?
– Jau, det burde vi nok ha gjort, men du veit, det er så ekstremt sensitivt.   

– Er det gjort noka forsking på fenomenet i Noreg?
– Nei, det er ikkje det. Vi burde kanskje ha gjort det òg, men skriv ein om dei stefedrane som ikkje er gode fedrar, så kjem stormen frå alle dei som er det.

– Men omsorgsapparatet treng vel kunnskap om den forskinga som er gjord?
– Ja, og som alltid bør ein ha to tankar i hovudet: Det finst både gode og ikkje fullt så gode stefedrar, men står ein andsynes problematikken, bør funna frå stefarforskinga i det minste vera i bakhovudet.

– Internasjonalt er fenomenet såpass kjent at det har fått eit eige namn?
– Det er nok rett, det.

Askepott! Askepott!
Og namnet på fenomenet er «The Cinderella effect» eller Askepott-effekten. Slik byrjar dei no verdskjende canadiske forskarane og psykologane Martin Daly og Margo Wilson ein av dei mange artiklane sine om Askepott-effekten: «Foreldre nyttar særs mykje tid, merksemd og økonomiske ressursar på å gje omsut til borna sine; i tillegg er dei viljuge til å verna dei med sitt eige liv om dei vert truga, og lata eigen kropp forfalla for å gje dei næring. Kvifor investerer foreldre så mykje i borna sine? I eit evolusjonært perspektiv er svaret gjeve: Den naturlege seleksjonen har favorisert intensiv foreldreomsorg. Dei (av våre forfedrar og -mødrer) som hadde størst suksess i å oppseda borna til reproduserande vaksne, var dei som vann fram og spreidde seg.»

Men då melder det sensitive spørsmålet seg: Kva med alle dei foreldra som ikkje er biologiske foreldre? Korleis ter dei seg? Det var det Wilson og Daly ville vita meir om i byrjinga av 1980-åra. Hypotesen deira var «at alle former for overgrep, misbruk og utnytting vil vera overrepresenterte i stefarrelasjonar jamført med genetiske far–barn-relasjonar, og at desse skilnadene også ville vera der jamvel om vi kontrollerte for sosio­økonomisk bakgrunn. Hypotesen har i ettertid vorte stadfest i overmål, både av vår eiga, men òg av forskinga til mange andre. Denne ulike handsaminga av born er det vi kallar ‘the Cinderella effect’.»

100 gonger farlegare
Tala er ikkje nett gledelege. I fleire land slår steforeldre dei yngste borna over hundre gong­er så ofte som det biologiske foreldre gjer. Dei mest gjennomarbeidde tala er frå Canada. Frå 1974 til 1990 var den årlege drapsraten per million born under fem år 2,6 når barnet budde hjå den bio­logiske faren. Den same raten når barnet budde hjå ein stefar, var 321,6. Frå 1977 til 1990 i England og Wales vart 117 born under fem år drepne av den biologiske faren; det same talet for stefedrar var 114. Men då skal ein ha i minnet at berre om lag éin prosent av borna under fem år i England og Wales levde saman med ein stefar i denne perioden.

Tal frå Australia syner ein endå sterkare «Askepott-effekt». Frå 1968 til 1981 i New South Wales stod stefedrar bak 18 babydrap (medianalder var tolv månader på offera), biologiske 11. I denne perioden var det berre 0,5 prosent av babyane som budde saman med ste­fedrar.

Og diverre: Kompenserer ein for sosioøkonomisk bakgrunn og andre forventa påverknadsfaktorar innanfor kvart einskilt land, så går ratane litt ned, men ikkje mykje. «Den relevante risikofaktoren per se er stefarrelasjonen», skriv dei to canadiarane.

Sjå til Sverige
Kan vi likevel gjera noko for å få ned tala? Nokre svenske forskarar hevda i 2000 at ein ikkje fann ein Askepott-effekt i Sverige. Det var ikkje sant. Forskarane hadde gjort feil på feil. Men då Wilson og Daly såg nærare på tala, fann dei likevel ein lægre Askepott-effekt i Sverige enn i Australia, Storbritannia, USA og Canada. Sidan folketalet er relativt lågt i Sverige og landet generelt har ein lægre drapsrate enn vi finn i den engelsktalande verda, er tala for låge til at ein kan draga særleg sikre konklusjonar. Men, synte det seg, om ein rekna på dei tala ein hadde, var den årlege drapsraten per million born mellom éin og fire år som budde saman med ein stefar, 31,7. Den tilsvarande raten når borna budde med biologisk far, var 3,8 (men her må vi som alltid hugsa at det er svært få born som vert misbruka eller utsette for vald, som endar opp med å døy av det).

Korleis kan dette ha seg? Om ein legg eit evolusjonært perspektiv til grunn, seier Wilson og Daly, så kan ein av grunnane til at ein del steforeldre umedvite eller medvite ynskjer å kvitta seg med omsorgsrolla, vera at stebarnet dei har ansvar for, konkurrerer om knappe ressursar med biologiske born (tala syner at fedrar som har ansvar for både biologiske born og steborn som bur under same tak, diskriminerer til føremon for det biologiske avkjømet). Den skandinaviske velferdsstaten har til mål å redusera slike effektar; overføringane til barnefamiliar og åleinemødrer, som ofte har ein uoffisiell sambuar, er i verdssamanheng svært store: Det «kan godt henda at ein moderne svensk velferdsstat gjer at stefedrane ikkje opplever eit tungt omsorgspress og dimed ikkje har så mykje mot ei rolle som pseudofar», skriv Wilson og Daly.

Det kan òg vera at ein ekspansiv velferdsstat endrar sjølve mannskulturen, at menn generelt tyr mindre til vald i eit slikt klima. Men Wilson og Daly seier òg: Tala «gjev ikkje grunnlag for å seia at svenskar handsamar steborna sine nett som dei biologiske borna». Dessutan er det ein del som tyder på at velferdsstatar i seg sjølve leier til at fleire biologiske foreldre flytter frå kvarandre, så jamvel om dei relative tala skulle gå ned, vil dei absolutte kanskje gå opp – men berre så det er sagt: Her talar vi om særs kompliserte tilbakeføringsmekanismar.

Daly og Wilson strekar under at forskinga deira har vore av­­grensa til relasjonar der éin forelder er biologisk forelder og den andre ikkje, og at forskinga dimed ikkje har overføringsverdi til adoptivforeldre.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake