Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Ein riksveg og fem døde forfattarar

Av Cecilie N. Seiness
,  23.04.09


Rv 13 går frå Sandnes i Rogaland til Førde i Sogn og Fjordane. Langs denne vegen, eller rettare sagt i nærleiken av denne vegen, vart nynorskdiktarane Arne Garborg, Rasmus Løland, Olav H. Hauge, Per Sivle og Jakob Sande fødde. No planlegg diktarorganisasjonane til dei fem nynorskforfattarane å gjera Rv 13 til ein diktarveg. Alle organisasjonane har eller er i ferd med å etablera eit samlingspunkt på heimstadene til forfattarane. Forfattarorganisasjonane er ikkje åleine om diktarvegplanane. Dei har gått saman med IS Fjord­vegen som er eit interesseselskap for Rv 13. Selskapet arbeider for å gjera vegen betre, få auka løyvingar, gjera heile Rv 13 til stamveg og marknadsføra vegen som turistveg og transportalternativ.

– Dette ein uheilag allianse mellom organisasjonar som representerer dei fem forfattarane og IS Fjordvegen. IS Fjordvegen har sin agenda, dei vil ha meir trafikk for å få fleire midlar slik at vegen kan rustast opp. Forfattarorganisasjonane har sin agenda. Dei treng fleire som kan vitja forfattarsentra. Målet for alle er å få fleire brukarar, av vegen og av forfattarsentra, seier Vidar Høviskeland, leiar i Landssamanslutninga for nynorskommunar (LNK), som òg er med i styringsgruppa for Diktarvegen.

Eit paradoks
Prosjektet er heilt i startgropa. Førre veke vart det arrangert oppstartskonferanse for Diktarvegen i Ulvik. Der karakteriserte kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa planane som ein unik idé.

– Men kva i alle dagar er ein diktarveg, Arne Kleppa, leiar i styringsgruppa til Diktarvegen?
– Rv 13 er ei transportåre frå Ryfylke, gjennom Hordaland og til Sogn og Fjordane, det er den indre stamvegen. Delar av denne vegen får turistvegstatus i 2012. I samband med det ønskjer me å skapa ymse opplevingar langs vegen som kan vera med på å styrkja dei nasjonale sentra som er planlagde for desse fem diktarane. Me skal lyfta fram desse diktarane. Prosjektet er òg eit ledd i å skapa medvit om denne vegen. Me skal gjera det lettare for folk å velja riksveg 13.

– Veg og dikting, det høyrer liksom ikkje heilt saman?
– Det kan verka som eit paradoks. Rv 13 er på mange vis ei miserabel køyrestrekning. I den grad det å gjera folk medvitne om denne vegen kan ha noko å seia for at standarden vert betra, så er det bra.

– Brukar de diktarane til å rusta opp vegen?
– Det er ikkje det primære målet. Målet er at dei reisande skal få oppleva desse diktarane, men me tek med alle gode biverknader. Om dette tyder at vegen vert rusta opp, er me sjølvsagt glade for det. Om det gjer Rv 13 kjend, så er det òg bra.

Godvilje
Rv 13 passerer ikkje fødestadene til forfattarane; skal ein koma dit, må ein gjera avstikkarar. Arne Kleppa strekar under at det er kort veg frå Rv 13 til fødestadene.

– Med godvilje er det ikkje eit problem å sjå at det er langs denne aksen forfattarane kom frå. Alle saman, bortsett frå Hauge, flytta bort frå heimstaden som vaksne, seier Kleppa.

– Å skulla læra noko om ein forfattar samstundes som ein køyrer, det høyrest nesten trafikkfarleg ut?
– Vegvesenet har så rigorøse reglar at det ikkje er nokon fare. Me talar her om fem av dei mest kjende nynorskforfattarane. Dei fleste kommunane vegen passerer, har nynorsk som administrasjonsspråk. Dette er ei vegsak, ei målsak og ei kultursak. Førebels er det ein idé. Og så får me sjå om ideen lèt seg realisera, seier Kleppa.

Undring
Rasmus Løland-markeringa har alt sett opp Løland-sitat på ferja mellom Ropeid og Sand. Dagleg leiar for Rasmus Løland-markeringa Marny Skeie Henkel kan fortelja om begeistra reaksjonar.

– Utanlandske turistar undra seg over kvifor det hang så mange åtvaringar på ferja, så no er sitata omsette til både engelsk og tysk. Slikt er døme på kva ein kan møta langs diktarruta. Dessutan kan det synleggjerast at ein er på ein diktarveg på ferjeplassar og rasteplassar. Dette handlar om å plassera litteratur der folk er. Eg ønskjer at folk som køyrer vegen, skal stoppa opp, undra seg, tenkja seg om, verta kreative sjølve, seier Marny Skeie Henkel.

Margrete Reisæter, leiar i Jakob Sande-selskapet, er òg oppglødd for planane.

– Me er glade for alle nye måtar me kan formidla forfattarskapen til Jakob Sande på. Det er viktig for oss å gjera Sande kjend for komande slekter, seier Reisæter.

Men så kan ein lura: Hadde forfattarane lika dette sjølve? Hadde dei lika kompaniskapen med vegentusiastane?

Prosjektleiar Einar Schibevaag i Nasjonalt Garborgsenter er òg ein i styringsgruppa for Diktarvegen.

– Hadde Garborg lika å vera med på eit vegbyggingsprosjekt, Einar Schibevaag?
– Ja, han ville vore med på å arbeida for at ein kan leva i Distrikts-Noreg. Eg ser ikkje problemet. Me vil skapa levande bygder. Veg er ein del av det. Kultur ein annan del, seier Schibevaag.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake