Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Fosse kverkar Hamsun

Av Solveig Aareskjold
,  02.04.09


TEATER
Rogaland Teater:
Ylajali
Av Jon Fosse etter Knut Hamsuns roman Sult

Romanen Sult frå 1890 handlar om ein ung mann som prøver å slå gjennom som forfattar mens han vasar omkring i Kristiania med oppblåse ego og tom mage. Ei ung kvinne som går forbi, blir på flekken dikta om til den mystiske Ylajali og blomstrande ut­­måla for ein tilfeldig gammal mann på ein benk i parken:

«Bare et enkelt Blik af hende var forførende som et Kys, og naar hun kaldte paa mig, jog hendes Stemme mig som en Straale af Vin lige ind i min Sjæls Fosfor. Hvorfor skulde hun ikke være saapas dejlig? Tog han hende for et Regningsbud eller for noget i Brandvæsenet?»

Jon Fosse har laga ei gjendikting av denne romanen som han har kalla Ylajali. Stykket går på intimscena på Rogaland Teater no i vår.

Godt handverk
Som teaterhandverk er det ei god oppsetjing, med stilfulle kulissar og skodespelarar som gjer jobben sin og meir til. Cecilie Enersen har tittelrolla, Glenn André Kaada er den mannlege hovudpersonen, Svein Harry Schöttker Hauge er alle dei andre. Realistisk gjennomførde oppkastrier strekar under alvoret ved konstant matmangel og gir publikum kjensla av grensesprengjande teater. Om det er nok til å forsvara dette inngrepet i annanmanns verk, er ei anna sak.

Hovudpersonen går omkring med eit teppe under armen, for han er nettopp blitt kasta ut or hybelen sin. Sjølv om det er vanskeleg å få auga på dei lyse sidene ved livet, prøver han så godt han kan. Der Hamsun fortel om brå kast mellom stordomsvanvit og fortviling, skildrar Fosse saktmodige rørsler i eit sinn som berre vil det beste for alle.

Trass i namneendringa har det ikkje skjedd noko skifte av blikkpunkt, sjølv om enkelte kan henda vil oppleva det som ei utviding av perspektivet at den gåtefulle Ylajali må trakka att og fram over scena til alle kjenner henne ut inn, både framanfrå og bakanfrå, og skjønar at ho berre er eit rekningsbod eller noko i brannvesenet.

Ånd over materie
Samansmeltinga av to heilt ulike forfattarspråk er heller ikkje særleg vellukka, sjølv om Fosse har plukka utvalde svisker frå Hamsun og plassert dei innimellom sine eigne vassbleike repetisjonar.

I programheftet står det at Fosse med vilje har konsentrert seg om dei heilt grunnleggjande vilkåra i livet, «at ein treng mat, ein treng husly, ein treng kjærleik og sosial aksept».

Men det oppblåsne egoet i Sult verken tenkjer, snakkar eller oppfører seg som ein som prøver å tilfredsstilla dei basale behova sine. Han trur på forfattargjerninga slik religiøse menneske trur på Gud. Han satsar alt på at ånda skal sigra over materien, og held fast ved det lik ein dykkar som har vore nede så lenge at han har mista evna til å skjøna at han må koma seg opp. Elles kunne han jo berre teke hyre på ein amerikabåt med det same, slik boka sluttar med.

I Ylajali er han redusert til ein me skal synast synd på, ein mann utan andre eigenskapar enn dei som gjer han til eit høveleg objekt for medynk.

Slik utslettar Fosse den han om­­famnar, og gir den gamle landssvikaren den verst tenkjelege straff.

Solveig Aareskjold er forfattar.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake