Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


– Politisk farleg to­deling av landet

Av Svein Gjerdåker
,  19.03.09


Det vert 16.000 fleire innbyggjarar i Oslo i 2008, melder byråds­leiar Erling Lae i Oslo – og legg til at veksten har vore like stor i områda rundt Oslo. I eit NRK-studio sist veke sat Lae og diskuterte transportmeldinga og kravde meir pengar til samferdsleutbyggjing i Oslo: «Investeringane må koma der folk faktisk er», hevdar han.

Lae meiner at prognosane har vore altfor nøkterne. Veksten i Oslo og Oslo-området kjem til å verta langt større enn alle rapportane til Oslo kommune har tippa så langt. Og han har rett. Dei nøkterne tala frå Statistisk sentralbyrå syner at Oslo kjem til å auka med 200.000 innbyggjarar dei neste tjue åra. Mykje kan tyda på at veksten vert endå høgre. Så krava frå Lae i dag er nok smålåtne i høve til dei vi kan ha i vente frå Oslo-hald i åra som kjem.

Fakta på bakken
For Lae har det tyngste av alle argument på si side – demografi – fakta på bakken. På sikt går peng­ane dit folk er. Og alle som har teke ettermiddagstoget frå Oslo til Ski, veit at det ikkje er lett å argumentera mot ein ny Østfoldbane. Du står trongt og forseinkingane tek ingen ende.

Men kvifor dette presset mot Oslo? Var det ikkje slik at Noreg skulle driva ein aktiv distriktspolitikk? Det var Sverige som la ned distrikta – ikkje vi. Den norske modellen skulle halda oppe folkesetnaden i heile landet.

Innlandet og kysten
Det snudde rundt 1985. Sidan då har fleirtalet budd nær tettstader med minst 50.000 innbyggjarar. Størst har veksten vore i Oslo-regionen. Kvifor? Nedbyggjinga av tradisjonell industri og jordbruk har berre auka. I staden har vi fått nye høgkompetansearbeidsplassar – fyrst og fremst i Oslo-regionen. Tradisjonelle næringar i innlandet og langs kysten taper – Oslo og Oslo-området er vinnarar med klar netto flyttevekst. Vel ein tredjedel av arbeidsplassane i Noreg er no i dagpendlings­avstand til Oslo.   

Dei som vert nedbemanna i distrikta, vert derimot verande der dei er, og hamnar på trygd – gjerne godt støtta opp med statlege nedbemanningstiltak. Stagnasjon og nedbemanning med mindre sjansar for omstilling pregar mange stader. Oslo, derimot, får dei nye jobbane, dei unge menneska og pengane.

Klyngjer
Les berre artikkelen til Victor D. Normann og Karen Helene Ulltveit-Moe i Samfunnsøkonomen nr. 6/2008. Den er tydeleg: Den mest kunnskapsintensive delen av økonomien vert konsentrert rundt Oslofjorden. Vi er no vitne til ein klar og sjølvforsterkande klyngjemekanisme der kunnskapsintensiv verksemd vil veksa der ho alt er stor. Dei to økonomane trur utviklinga over tid vil føra til ei «økonomisk kostbar, sosialt uheldig og politisk farlig todeling av landet». Det er sterk tale frå det haldet.

Rest-Noreg
Artikkelen konkluderer med at Noregs store omstillingsevne har utnytta den økonomiske globaliseringa godt, men at omstilling­ane har gått ut på å skuva arbeidstakarar ut av arbeidslivet kombinert med ei kraftig sentralisering av økonomisk aktivitet: «Det kan virke som om vi ikke har maktet å gjøre globaliseringen til en vekstkraft for andre deler av landet enn hovedstadsområdet», skriv Norman og Ulltveit-Moe, som åtvarar mot å gjera «rest-Norge til et stagnasjonsområde».

Trygd avlar trygd
Dette stagnasjonsområdet vil i aukande grad ha personar i yrkesaktiv alder på ulike former for trygd: attføring, sjukepengar, uføretrygd eller AFP. Koplinga mellom omstilling og trygd er tydeleg. I kommunar der større verksemder er lagde ned, er alt talet på uføretrygda systematisk høgre enn gjennomsnittet for fylket der kommunen ligg.

I Kristiansund, der Sterkoder verft vart nedlagt i 2003, er 14,1 prosent trygda, mot 9,9 prosent for heile Møre og Romsdal. I Kragerø, der Tangen verft òg vart nedlagt i 2003, er 16,2 prosent uføretrygda, mot 13,2 i heile Telemark. Landsgjennomsnittet er 10,3 prosent – eller 600.000 personar, dobbelt så mange som det arbeider i heile den norske industrien. Og studiar syner at dei som hamnar på trygd, vert verande der. Trygd avlar trygd, og med klare geografiske smitteeffektar. Som Norman og Ulltveit-Moe skriv: «Vi omstiller i stor grad til passivitet.»

Kva må så gjerast? Ifylgje Norman og Ulltveit-Moe må vi ha eit langt sterkare offentleg engasjement for å motverka utviklinga, som satsing på infrastruktur og plassering av kompetansearbeidsplassar òg utanfor Oslofjordområdet.

Artikkelen «Globalisering og omstilling. Holder den norske modellen mål?» av Normann og Ulltveit-Moe finn du i tidsskriftet Samfunnsøkonomen nr. 6/2008.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake