Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Kvinner rår om kvinner

Av Cecilie N. Seiness
,  13.03.09


Førre veke gav Brit Bildøen ut boka Litterær salong, ei feministisk essaysamling med innføring i ti kvinnelege forfattarskapar dei siste hundre åra. Bildøen vil skapa ei positiv motvekt til den sterke mannsdominansen på litteraturfeltet. Ho vil gjera oss medvitne om at det er kjønns­relatert kva litteratur som vert snakka seriøst om, sedd på som lett eller tung.
Bildøen har i årevis studert lister der aviser og tidsskrift bed forfattarar om å lista opp yndligsforfattarane sine. «Mine mannlege kollegaer gjer det dårlegast i denne private undersøkinga, dei har sjeldan med kvinnelege forfattarar i det heile. (...) Mine kvinnelege kollegaer gjer det atskilleg betre, men ikkje bra nok», skriv Bildøen.
Difor har Dag og Tid utfordra kvinnelege forfattarar til å setja opp lister med fem kvinnelege kollegaer, norske nolevande forfattarar, og kort grunngje kvifor desse forfattarane fortener fleire lesarar. Og forfattarane har ikkje vore vonde å be. Her kan du lesa kva Olaug Nilssen, Rønnaug Kleiva, Heidi Marie Kriznik, Hanne Ørstavik og Inger Bråtveit vil rå folk til å lesa. Men òg Brit Bildøen. I boka hennar har ho skrive om Amalie Skram og Halldis Moren Vesaas, men kven av dei nolevande kvinnelege kollegaene vil Bildøen trekkja fram?

Brit Bildøen:
- Marit Tusvik kom ut med romanen Ishuset det året eg debuterte, og blei med den eit av mine førebilete. Ho har gitt ut mange fine romanar, dikt og barnebøker, men romanen av fjoråret, Sigrid Finne, stiller i særklasse. På varmt og vimsete vis prøver forfattaren her å nærme seg den store løyndomen mor hennar ber på.

Anne Bøe gir ikkje ut dikt kvart år, men dei bøkene ho har gitt ut, lyser lang veg. I den siste samlinga hennar, Sisyfos synger frå 2003, heiter det: «vi er som skimmer, som skisser av lys / til det liv som skal bli, en varme langt inn i vinteren / solsildret inn mellom mørke er vi / en verden som vokser»

Eg blei hoppande glad då Merethe Lindstrøm i fjor blei nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Endeleg ei solid påskjøning til ein forfattar som har halde høg kvalitet i årevis. Eg er kanskje aller mest glad i novellene hennar, men også romanar som Steinsamlere og Stedfortrederen har festa seg.

Laila Stien er rett nok utropt til ein av dei beste novellistane her til lands, men noveller er ikkje av dei mest høgrøysta og breiskuldra i bokheimen, så eg vil minne om dei flotte samlingane Sånt som skjer frå 1988 og Gjennom glass frå 1999. Stien skriv rått og nøkternt om utsette menneske, dvs. slike dei fleste kan kjenne seg att i.

Solfrid Sivertsen blir ein stadig betre novelleforfattar. Små, små løgner frå 2006 fekk meg til å tenkje på sjølvaste Alice Munro. I fjor debuterte Sivertsen med ein roman som ikkje fekk all verdas merksemd. Eit plutseleg mørke er spennande som ein kriminal­roman og tek ein grundig titt bak tyllgardinene i eit vestnorsk bygdesamfunn.

Rønnaug Kleiva:
- Sissel Solbjørg Bjugn er uredd og dristig. Bøkene hennar er ukonvensjonelle, spesielle både i form og innhald og handlar om viktige emne. Det er lenge sidan sist ho gav ut noko, men eg håpar på fleire bøker frå henne.

Marit Tusvik skriv både for barn og unge, og i ulike sjangrar. I bøkene hennar er det både humor og alvor, og gjerne uventa hendingar og tankar. Eg tek meg ofte i å le høgt av bøkene hennar. Prøv dei flotte dikta hennar for barn!

Ingeborg Arvola skriv nådelaust, men på ein slik måte at det ikkje berre blir trist. Ho skriv sprelsk og morosamt med groteske og makabre element. Ho har stor innsikt i sårbare, sterke barn.

Marit Kaldhol har skrive både for barn, unge og vaksne. Ho skriv med eit stort alvor, men òg med undring og svært sanseleg. Særleg vil eg tilrå dikta og novellene hennar for ungdom.

Trude Marstein har eit framifrå skrivehandverk, ein nøktern og sakleg stil og er ein god forteljar. Ho skildrar relasjonar med eit skarpt blikk, og ofte er det ikkje så idyllisk det ho skildrar, som ein først trur.

Heidi Marie Kriznik:
- Tone Hødnebø er ein sterk, analytisk lyrikar. Eg vert alltid sett i ei stemning, men samstundes tvungen til å tenkja når eg les dikta hennar. Det er bra! Poesien til Tone Hødnebø kan vera både subjektivt erkjennande, filosofisk og sivilisasjonskritisk.

Mona Høvring er både sterk og original. Ho har eit ujålete, tøft språk som kan ta pusten frå meg. Det er ingen andre som skriv som ho. Den siste diktsamlinga hennar, Å paradis, er eit aldri så lite mirakel! Høvring er tøff og utfordrar sjangrane.

Ingrid Z. Aanestad har skrive to romanar, den siste Eg kjem med toget er stram, tett og fin, og det presise språket driv lesinga framover. Det er ei vakker bok. Eg gler meg til å lesa meir av henne.

Marit Tusvik er ein original forfattar, ho overraskar og kjem med finurlege, leikne ting i teksten og originale bilete. Den siste romanen hennar, Sigrid Finne, er ei morosam, original og sår bok som fortener fleire lesarar.

Dikta til Ingvild Burkey er prega av eit strekt nærvære, ei uro, ei søking etter å finna eit språk for erfaringane. Dikta hennar tek vare på ei kompleks og samansett verd.

Hanne Ørstavik:
- Anne Gjeitanger er ettertenksam i måten ho skriv på. Det skaper eit sterkt nærvære og gjev tillit. Når eg les Gjeitanger, kjenner eg at dette er ei undersøking eg vågar å vera med inn i, fordi det er ein tone her, av varmt alvor og vilje til erkjenning, som held.

Hanne Bramness skriv med tørr lysande klarleik. Å lesa henne er som å koma tett på ei glasrute der det renn vatn på den andre sida, og kjenna at eg ser kva det er, det på den andre sida, gjennom regnet; plutseleg kan eg sjå det alt saman, heilt tydeleg.
 
Gro Dahle er viktig mellom anna fordi ho er så modig. Ho vågar å visa kjenslene. Dikta hennar, men òg prosaen, til dømes «Dronningdager» frå samlinga Pelsjegerliv, når fram til kjenslene fordi dei er lysande intelligente tekstar som samstundes har rive avstanden av språket og står der heilt rått rett på.
 
Kristin Ribe gjer det ho må gjera, på ein måte som verkar som den einaste moglege for det som skal undersøkjast i kvar ny roman. Nødvendigheita gjer at eg blir med henne kvar som helst.

Kristine Næss skriv på ein måte frå to verder samstundes. Det er som om ho er både i den verda eg trur eg kjenner, og så er ho i ei anna, som er like ved, like verkeleg, berre annleis, ukjend – på måtar eg ikkje skjønar før eg les. Det er spennande og skremmande og derfor vedunderleg.


Inger Bråtveit:
- Som eit lynnedslag mellom fuglar og myrull, ormegras og mauregg, svart jord og fjørlette sommarfug­lar i stålspenn debuterte Janne Marie Fatland med den litterært medvitne poesisamlinga Imitabilis i 2008. imitabilis er ein poesi­debut av dei sjeldne.

Mona Høvring er ein polemisk poet som skriv fram smerta, lengten, det groteske og det vakre i eit og same pennestrøk. Skrifta er leiken og lærd, to-the-point på eit kroppsnært, sensuelt og nærast taktil-sjølvbiografisk vis. Ho har skrive seg inn i kjøtet på meg.

Tonje Røed debuterte i 1999 med den imponerande novellesamlinga Ferie. I kjærleiksromanen Udødelig med deg (2001) vert klisjeane vridne og vrengde, og ingen krav til å få kjærleiken gjengjeldt finst hjå hovudpersonen Tonje. Kanskje finst Tonje, eller så har ho alt forsvunne langt inn i sin eigen kjærleik, for å kunna elska.

Cecilie Løveid er brutalt heilstøypt i alt ho gjer; anten det er lyrikk eller dramatikk, så er den alvorlege leiken der, med sjanger, konvensjonar og skrift. Det strålar av skrifta hennar: sensibilitet, intelligens og ikkje minst humor.

Ingrid Z. Aanestad er meisteren av dei små, avgjerande og akutte rørslene på dei store kvite flatene. I den vakre debutboka I dag er ein fin dag (2006) syner ho fram denne skarpe, poetisk observasjonsevna, som i si atterhalding får denne lesaren til å koka. I den siste boka hennar, Eg kjem med toget (2008), glid det indre landskapet over i eit stort, omskifteleg og dramatisk ytre landskap der storm og rullesteinar kvernar sin låge og messande høgsong.
 
Olaug Nilssen:
- Hanne Ørstavik er så kompromisslaus at det kan vera tøft og irriterande å lesa henne, men med dei nådelaust ærlege skildringane er det umogleg å koma utanom henne.

Rita blir forfatter og Sonja, skriven av Kristine Næss, likar eg svært godt. Næss skriv om erfaringane til unge kvinner; det er mykje kropp, begjær og sex i bøkene hennar, men også realistiske og ville tankestraumar. Rita blir forfatter er fantastisk treffande og utleverande.

Tonje Røed. Ho må skriva meir! Ho har ikkje gjeve ut noko sidan 2001. Romanen hennar, Udødelig med deg, er ei utruleg sterk og modig bok. Det er ei kjærleikshistorie der hovudpersonen vert så oppslukt av ein mann at ho nedverdigar seg sjølv grenselaust.

Gunnhild Øyehaug skriv moro­­samt og går tett på mellommenneskelege erfaringar og skånar verken seg sjølv eller andre. Øyehaug har ein avvæpnande humor som gjer henne «enkel» å lesa. Dessutan skriv ho gode essay som kan lesast av andre enn akademikarar.

Agnes Ravatn har berre gjeve ut éi bok, men debutromanen hennar, Veke 53, er verkeleg fin. Endå finare er kanskje utgjeving­ane hennar saman med gjengen bak Ikke til hjemlån, ei fanzine som kjem til å bli ståande i litteraturhistoria.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake