Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Slåst om kraftmillionar

Av Arvid Bryne
,  05.03.09


Det er ikkje mykje att av den ein gong så stolte og kraftige industristaden Dale i Vaksdal kommune i Hordaland. På det meste hadde Dale Fabrikker rundt 1300 tilsette. Etter påske vil det vera att 35 arbeidsplassar i Daletec, 95 i Dale of Norway. Mykje av produksjonen er flagga ut. Jamvel gratis kraft er ikkje tilstrekkeleg til at produksjonen er lønsam nok for eigarane.

I tillegg til 12–13 gigawattimar (GWh) gratis kraft til eigen produksjon har fabrikken òg vore sikra like mykje kraft til rimeleg pris. Det er denne verdfulle tilleggskrafta Christian Bjelland og Vaksdal kommune no kjempar om å få kontroll over. Bergenshalvøens kommunale kraftselskap (BKK) har sagt seg viljug til å betala 90 millionar kroner for henne, om dei kan få ein kjøpsavtale utan heftingar. Men desse heftingane kan vera så viktige at dei veltar heile spelet for Bjelland.

Dalevernavtala
Då den såkalla Dalevernavtalen, som skulle sikra at verdiane vart verande på Dale, vart inngått mellom Bjelland, kommunen og fagforeiningane i 1993, var ikkje kraft ei omsetjeleg vare. Det vart endra av senterpartimannen Eivind Reiten, som då han var olje- og energiminister liberaliserte kraftmarknaden, noko som fekk så mange norske kommunar til å selja arvesylvet som låg i vasskrafta.

Jamvel om sal av kraft enno ikkje var noko tema, var Vaksdal kommune likevel føre var og fekk sett inn i avtalen ein passus som no kan vera årsaka til at storkapitalisten frå Stavanger må sjå langt etter dei 90 millionane. I Dalevernavtalen står det først at dei kraftrettane selskapet har, ikkje skal kunna førast over til ein annan part. Dette skal likevel ikkje vera til hinder for at selskapet kan føra over rettar til tredjemann i den utstrekning det handlar om kraft selskapet ikkje treng. Berre dersom det må leggjast til grunn at selskapet heller ikkje på lang sikt vil ha nytte av den aktuelle krafta, skal det vera aktuelt å overlate rettar til tredjemann på varig basis. Men jamvel då er det ein hake som vert vanskeleg for Bjelland å gjera noko med: «Ved overføring til tredjemann skal kraftrettighetene søkes overført slik at verdien av disse tilkommer alternativ produksjonsvirksomhet på Dale», står det i avtalen.

Advokatmat
Begge partar har no mobilisert skarpskorne advokatar. Då Vaksdal kommune høyrde om avtalen mellom BKK og Bjelland om sal av krafta for 90 millionar kroner, gjekk dei til retten og fekk stoppa avtalen med eit mellombels tiltak. Dette vart likevel oppheva i Nordhordland tingrett sist veke. Rettsavgjerda går ut på at krafta kan seljast, men at verdiane skal vera att på Dale. Men då er ikkje BKK lenger så interesserte. Økonomidirektøren i selskapet, Birger Schønberg, seier til Dag og Tid:

– Vi ønskjer ikkje å gjennomføre nokon avtale så lenge vi er usikre på heimelen som ligg føre for å setja avtala ut i livet.

I eit brev frå advokatfirmaet Vogt & Wiig AS, som representerer kommunen, heiter det at den avtalen Bjelland ynskjer å inngå med BKK, er i strid med Dalevernavtalen, og at partane, om dei vel å gjennomføra han, vil gjera Dalevernavtalen tilnærma umogeleg og i sin tur føra med seg at arbeidsplassar på Dale kjem i uturvande fare.

«Hovedbærebjelken i avtalen er at den verdien kraften utgjør, skal komme virksomhet på Dale til gode i fullt monn. Splitting av virksomhet med flytting av produksjon reduserer behovet for kraft og er samtidig i strid med Dalevernavtalen. Dalevernavtalen innebærer at den verdi den tilnærmet kostnadsfrie tilgangen på kraft representerer, skal virke til fordel for produksjonsvirksomheten der. I forhold til Dalevernavtalen er det ingen forskjell på den delen av kraften det betales vederlag for eller den såkalte gratiskraften.»

Skuffa
I ein reaksjon på at tingretten sette ein mellombels stopp for avtalen mellom Bjelland og BKK, gjev Bjelland i eit brev ut­­trykk for at han er «svært skuffet og overrasket over at kommunen og de øvrige saksøkerne har (…) stanset inngåelse av en avtale som vil gi selskapet en helt nødvendig kapitaltilførsel … Det vil være kjent … at selskapet har tapt penger over flere år. Dette selv etter at fordelen med billig kraft er medregnet. Det foreløpige regnskap for 2008 viser et underskudd, og utviklingen hittil i 2009 er også dårlig. Selskapet (Dale Fabrikker) har, som følge av flere års tap og betydelig kapitalbinding i driftsmidler, også kommet i en vanskelig finansiell situasjon og var pr. 31.12.2008 i brudd med lånevilkårene med banken. … Styret mener at det vil være både uansvarlig og ansvarsbetingende ikke å gjennomføre den fremforhandlede avtalen med BKK.»

Den endelege avgjersla i denne saka vil venteleg koma i retten.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake