Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Eit litterært funn

Av Svein Gjerdåker
,  05.03.09


LYRIKK
«I dag har eg fått meg ei stor overrasking! Eg har ‘funne’ eit nytt og ukjent Hauge-dikt som er godt! Vil du prenta det?»

Det er ei begeistra Bodil Cappelen, enkja etter Olav H. Hauge, som tek kontakt. Sist onsdag fann ho det som kanskje er eit av dei siste dikta Olav H. Hauge skreiv. Mykje tyder i alle fall på det. Ingen Hauge-kjennarar Dag og Tid har vore i kontakt med, har høyrt om diktet før. Og det må vera hans eige, ikkje noko ved diktet tyder på at det er ei omsetjing.

På farga papir
Bodil Cappelen fortel at ho sist veke ville ordna i nokre konvoluttar etter Hauge.      
– Olav skreiv alltid dikta han skulle lesa opp på tilstellingar, på lause ark. Han ville ha så tom veske som mogeleg, for det skulle vera plass til nye bøker heim att. Då han kom heim, la han arka til sides i nokre gamle konvoluttar. I desse konvoluttane har eg ikkje trudd det var anna enn desse av­­skriftene frå Dikt i samling. Men no såg eg det låg eit grønt papir mellom dei kvite arka. Og på det arket står diktet.

– Og sidan det er skrive ned så fint på eit farga papir, trur eg at han ville at nokon skulle finna det.

Ingen spor
Bodil Cappelen trur diktet er skrive etter den siste diktsamlinga til Hauge i 1985.

– Eg har ikkje sett noko spor etter det i kladdebøkene. Så eg trur det er det siste diktet han har skrive. Han har fortalt meg at nokre av dikta sine skreiv han rett ned. Det same kan ha skjedd her.   

– Kvifor fekk ikkje du lesa det?
– Han synte meg alltid dei nye dikta han hadde skrive, men altså ikkje dette. Kanskje fordi han aldri snakka om sin eigen død. Og dette diktet handlar jo nettopp om døden.

– Han ville heller ikkje ha med diktet «Teppet» då han i 1985 gav ut Janglestå, endå han tykte sjølv det var eit godt dikt. «Les siste strofa», sa han, då eg føreslo at det burde med: «Ein dag skal eg setja meg på teppet og sigla burt på det til ei onnor verd.» Meir vart ikkje sagt.

Diktet står å lesa i papiravisa, kommentert av Jan Erik Vold, Asbjørn Aarnes og Ruth Lillegraven.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake