Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Skal avløysa Allkunneboka

Av Svein Gjerdåker
,  26.02.09


Allkunne spelar på Norsk Allkunnebok til Fonna Forlag – kanskje det mest heroiske nynorskprosjektet etter Aasen – leksikonet i ti svarte skinnband som kom ut i laupet av tjue år etter krigen. I tillegg fylgde det einaste skikkelege atlaset på ny­norsk som er laga til no – særmerkt med dei flotte skarpe fargane som skilde landa eller dei norske fylka frå kvarandre. Har du sjansen, så kjøp verket på eit antikvariat. Prisen er på rundt 2000 kroner med atlaset.

– Du går inn i ein storslått nynorsk leksikografisk tradisjon?
– Takk, eg skal gjera mitt beste.

– Du veit at mange nynorsk­ingar har slite seg ut på ordbøker og oppslagsverk?
– Ja, men skal ein fyrst slita seg ut på noko, så er vel ikkje dette det dummaste.

– Kva nynorsk ordbok eller leksikon set du høgst etter Norsk Ordbok?
– Eg har stor sans for Theodore Slettes norsk-engelske ordbok frå 1977. Der finn eg mange gode forklaringar på norske ord som eg ikkje finn andre stader.   

Treng skribentar
Eirik Helleve er etnolog og har tidlegare vore dokumentasjonsleiar ved Ivar Aasen-tunet. Helleve vil ha ansvaret for ei viktig satsing som ei samla nynorskrørsle står bak. Selskapet skal ha kontor på Voss.

– Vi ønskjer så mange med­arbeidarar som mogleg til å skriva, seier Helleve.

– Alle oppslaga skal vera skrivne berre for «Allkunne». Vi startar med å dekkja det nynorske feltet. Deretter går vi vidare med heile kulturfeltet, men målet er eit allment nettleksikon som dekkjer det allment norske i brei tyding.

– No har vi 30–40 skribentar, men vi treng langt fleire. Lengda på artiklane skal vera på anten 1000 teikn eller 4000 teikn.

– Kvifor skal eg slå opp på Allkunne og ikkje Wikipedia om eit år eller to?
– Fordi artiklane på Allkunne er godkjende av ein kompetent redaksjon og alle oppslaga er på nynorsk. Ikkje minst er det viktig for skuleelevar at dei finn leksikonartiklar på nynorsk på nettet.

Quiz

Til slutt: Korleis ser logoen til Allkunneboka ut?
– Ein eller annan person som er ute og går?

– Ein seglbåt. Gjetarguten du talar om, er logoen til Fonna Forlag som gav ut Norsk Allkunnebok. Kan du namnet på redaktøren?
– Magister Arnulv Sudmann. Jostein Øvrelid var biletredaktør, teiknaren av «Ingeniør Knut Berg».

– Rett. Når kom fyrste band ut?
– 1948.

– Rett – og siste?
– 1966.

– Rett. Kva ord startar band fire med?
– Siste band startar i alle fall med Skuld. Band fire startar kanskje med fyresmann?

– Slett ikkje verst, det avsluttar med Fyresdal, men startar med epigrafikk. Dette kan gå rett så bra. Lykke til.





Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake