Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Lat pengane fylgja elevane

Av Jon Hustad
,  26.02.09


For to veker sidan presenterte vi stortingsmeldinga om ålmennlærarutdaninga her til lands. Ho var ikkje lystig lesnad: Om lærarstudentane møtte eit krav på fire i norsk og matematikk frå vidaregåande, ville 70 prosent av dei som kom inn i 2008, ikkje ha fått plass. I tillegg fell ein tredjedel av lærarstudentane frå under utdaninga, og dei komande lærarane arbeider minst av alle norske studentar og har lægst motivasjon.

Og når stoda er som ho er, treng vi ikkje å verta forundra over at norske elevar ligg to år etter finske når dei går ut av ungdomsskulen, at 20 til 25 prosent er funksjonelle analfabetar ved fylte seksten, eller at berre to prosent av fjerdeklassingane kan gonga to siffer med to andre siffer. Heller ikkje bør vi verta forundra over at vi har mest uro i klassene av alle i OECD og at norske småskuleelevar har gått frå å vera best i lesing i den industrialiserte verda til å verta dårlegast.

Det tyske alternativet
Så då får vi atter ein gong stilla det gamle Lenin-spørsmålet: Kva må gjerast? Lat meg byrja på det private planet. Kona og eg har meldt oss ut av den offentlege norske skulen. Vi har tre born; dei to eldste gjekk fyrst i den tyske barnehagen på Majorstua i Oslo, som var fullt ut subsidiert av det offentlege; no går dei i den tyske skulen, som ikkje er fullt ut subsidiert av det offentlege. Snart byrjar den yngste i barnehagen, og også han skal byrja ved Den tyske skulen når han vert seks år.

Vi har ikkje angra eit sekund på at vi har valt ei anna løysing enn stort sett alle andre norske foreldre. Den tyske skulen i Oslo vart byrja i eit lite kyrkjelokale i 1980. No har han vakse til ein mellomstor norsk skule, med barneskule, realskule og gymnas. Undervisingsspråket er tysk, men i tillegg får borna undervising i læreplanen for norsk. Om lag ein tredjedel av borna har tyske foreldre, ein tredjedel tysk-norske foreldre eller av ein annan nasjonalitet, og ein tredjedel har norske foreldre. Det er ingenting særmerkt ved skulen; undervisinga er tradisjonell klasseundervising, disiplinen er god og lærarane er godt utdana – fleire av dei som underviser i den høgre skulen, har doktorgrad.

Resultata vert deretter: På dei nasjonale prøvene for femten­åringar gjer skulen det best i Noreg, ja, tilmed i norsk gjer elevane det betre enn gjennomsnittet, men det er særleg i matematikk og engelsk at elevane gjer det bra, og så godt som alle elevane er flytande både i norsk og i tysk. Skulepengane er om lag 2500 i månaden per elev, men har du fleire born i skulen, får du rabatt. Samla sett finansierer foreldra noko over ein tredjedel av utgiftene, i tillegg får skulen subsidiar frå den tyske regjeringa og ein mindre sum frå den norske.

Men underleg nok: Skulen har alltid ledige plassar; truleg er det slik at skulepengane diverre gjer at mange som kunne ha tenkt seg å senda borna sine til skulen, lèt vera av di dei ikkje har råd. Det er ikkje av di skuledrifta i seg sjølv er så dyr. Tek ein med det faktumet at skulen må betala høg leige for dei privatåtte lokala på Majorstua, syner det seg at skulen vert driven med nokre av dei lægste driftskostnadene i Noreg.

Like dyrt som i England
I den offentlege skulen var den gjennomsnittlege kostnaden per elev 71.000 kroner i KS-området i 2007. Dei som nytta mest, sette av 107.000 kroner. Men dette er dei reine driftsutgiftene, i tillegg har kommunane gjennom mange år investert i skulebygg, og på toppen kjem statleg administrasjon, attåt ein del kostnader til velferdstilbod som ikkje syner att i kommunale rekneskapar.

Alt i alt er det ikkje urimeleg å gå ut frå at den gjennomsnittlege kostnaden per elev i den norske skulen – om vi tek med alternativ forrenting av kapital, avskriving­­ar, pensjonsavsetjingar og så bortetter – no er åt å passera 100.000 kroner per år.

Kor mykje kan ein få for 100.000 2009-kroner? Tja, 100.000 kroner svarar til skulepengane ved dei dyraste engelske private dagskulane. Og alle som har sett sin fot på slike, veit at standardane ikkje nett er låge. Sagt på ein annan måte, og dette er neppe ein kontroversiell påstand: Sett i ljos av dei enorme summane som vert pumpa inn i skulen, får norske elevar lite att frå det offentlege norske skulesystemet, og norske lærarar er i høve til BNP lægst betalte i heile OECD-området.

Mitt ynske er av vi byrjar å tenkja radikal nytt på skuleområdet, og at foreldra sjølve får velja kva slag skulegang borna deira skal få. Kvifor i alle dagar kan ikkje foreldre med langt dårlegare økonomi enn det kona og eg har, få det same eller liknande tilbod som det vi nyttar oss av på Majorstua?

Tek eg no til ords for stykkprisfinansiering i den norske skulen? Ja. Men har ikkje stykkprisfinansiering vore ein økonomisk kata­strofe i sjukehusstellet? Jau, og eg er sterk motstandar av finansieringsmodellen for sjukehusa og privatisering av helse­tenester. Men at ein modell ikkje fungerer på eit område, tyder ikkje at han ikkje fungerer på eit anna.

Loddtrekking
Tenk på kva nokre fåe velutdana lærartalent kunne ha fått til om dei fekk 100.000 kroner per elev per år. Mitt framlegg er at norske kommunar ikkje kan seia nei til å finansiera privatskular, men at ingen av desse skulane skal få meir enn gjennomsnittet per offentleg elev. Ja, dei kan gjerne berre få 90 prosent av denne summen (men meir for funksjonshemja eller andre tunge kasus). Desse privatskulane skal ikkje kunna seia nei til nokon elevar. Opptaket bør skje gjennom loddtrekking. Skulane kan heller ikkje taka skulepengar frå foreldra. Dei må òg verta pålagde å offentleggjera kva slags utdaning og yrkesbakgrunn lærarane har, men det må vera opp til skuleeigarane sjølve å avgjera kva slags formell kompetanse dei tilsette skal ha.

Kva slags kontrollfunksjon bør det offentlege ha med desse skulane? Ein så liten som råd er. Dei private skulane bør missa dei offentlege overføringane om elevane gjer det dårlegare enn gjennomsnittet på dei nasjonale prøvene, og elevane må taka alle dei nasjonale prøvene og alle dei nasjonale eksamenane. Utover dette bør ikkje det offentlege skulebyråkratiet ha noka form for kontrollfunksjon andsynes desse skulane.

Fri lønsfastsetjing
Skuleeigar eller rektor må òg stå fritt til å nytta pengane på det viset dei sjølve finn best. Vil dei satsa ekstra på matematikk eller nytta andre lærebøker eller læremiddel enn den norske skulen, ja, så skal dei få høve til det. Vil dei betala ein dugande fysikar eller matematikar 700.000 i årsløn mot at han eller ho underviser meir enn i den offentlege, ja, så skal dei få høve til det òg.

Bør så desse skulane få høve til å gå med overskot og taka ut profitt? Svaret på det spørsmålet er òg ja. Om ein skule gjer det bra og vert populær hjå foreldra, så bør skuleeigaren ha incitament til å starta ein eller fleire nye skular. Eg vil rett nok setja grensa ved éi form for private skular: dei religiøse. Noreg er i dag eit multikulturelt samfunn. Eit multikulturelt samfunn må ha ein sekulær og livssynsnøytral skule. Offentlege pengar bør ikkje gå til religiøs indoktrinering. Kreasjonistane tek feil; Darwin hadde rett.

I byrjinga av 1990-åra gjennomførde Carl Bildt-regjeringa ei privatskulereform i Sverige. Dei påla kommunane å betala for privatskular på lik line med offentlege skular. I dag er det over 900 offentlege finansierte privatskular i Sverige. Inga sosialdemokratisk regjering har våga å oppheva denne reforma, ho er vorten svært populær, og kvart år vert det skipa nye privatskular, som jamt over gjer det betre enn den offentlege skulen. Forskingsresultata er eintydige: Område med store innslag av privatskular har fått ein mykje betre offentleg skule òg.

Sviket mot borna
Dessutan er det på tide å leggja ned dei offentlege lærarskulane. Ein ber ikkje havre til ein daud hest, som Einar Førde sa det.

Og ja, eg veit at framlegga mine er utopiske og ikkje uttømande. Men kor lenge skal vi lata Utdanningsforbundet, skulebyråkratiet og pedagogar få halda fram med det økonomisk-ideologisk motiverte sviket av norske born?




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake