Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Professoren som vart sparka

Av Jon Hustad
,  26.02.09


Så har styret ved Universitetet i Oslo (UiO) sparka den siste professoren i norsk mellomalderhistorie. Då Arnved Nedkvitne byrja ved UiO i 1994, var det fire stil­lingar i mellomalderen og to bi­­stillingar, no er det éi att. Men no må den 61 år gamle Nedkvitne finna seg noko anna å gjera. Med ni mot to røyster sa styret tysdag ja til tilrådinga frå administrasjonen og leiinga ved HF-fakultetet om å fjerna Nedkvitne.

Sist ein professor vart sparka frå UiO, var i 1970-åra. Då vart ein ikkje heilt stødig tannlækjarprofessor oppsagd av di han ikkje var i stand til å gjera arbeidet sitt. Men Nedkvitne har gjort arbeidet sitt. Han har rettleitt, han har undervist, og han har publisert. Alle studentevalueringar syner at Nedkvitne er særs populær og at han i så måte er perfekt tilpassa Kvalitetsreforma.

Psykososialt problem
Problemet ligg ein annan stad, seier UiO: Nedkvitne har øydelagt det «psykososiale arbeidsmiljøet». Det er særleg to personar Nedkvitne har lagt seg ut med: Jorunn Bjørgum og Helge Pharo, båe professorar i nyare historie og båe mangeårige styrarar ved Historisk institutt, som no er ein del av Institutt for arkeologi, konservering og historie.

Båe er dei skulda av Nedkvitne for ei medviten og styrd avvikling av mellomalderhistorie til føremon for moderne historie, som han seier har hatt stor stillingsvekst dei seinaste ti–femten åra. Bjørgum er i tillegg inkompetent, utan forskingsproduksjon og har manipulert seg til professorkompetanse, meiner Nedkvitne.

Pharo har derimot forska mykje, men han har òg nytta tida si til å skaffa enorme pengesummar til samtidshistorie, pengar som kunne ha gått til mellom anna mellomalderhistorie. Og alt dette har Nedkvitne vore heilt open om at han har meint: Tallause er dei e-breva og breva som Nedkvitne har sendt til kreti og pleti om det han meiner Pharo og Bjørgum har halde på med.

Men det største mistaket Nedkvitne gjorde, var å nekta å møta opp til ein samtale med dåverande instituttstyrar Bjørgum. Det seier styret ved UiO er ordrenekt og forsøming av tenesteplikta. I tillegg meiner styret at han har vist uhøvisk framferd andsynes kollegaer og eksterne sensorar.

Nedkvitne har no fått to veker på å koma seg ut av kontoret; i tillegg har han fått forbod mot å rettleia ti masterstudentar, og det endå det ikkje finst ein einaste professor med kompetanse på det området han rettleier i, og at det er Nedkvitne som har laga problemstillingane.

– Ja, det var eit mistak
– Du skulle ha møtt opp til denne samtalen med Bjørgum, Nedkvitne?

– Jau, det var eit mistak. Eg skulle ha møtt opp til samtalar med henne og berre høyrt på det ho sa. Så kunne eg ha gått att. Men, vil eg understreka, eg hadde ein samtale med Bjørgum i regi av rektor og dekanus der vi tala om det som ligg til grunn for konflikten. Men ja, eg burde ha høyrt på henne medan ho sa at eg ikkje kunne seia det og det. Då kunne dei ikkje ha teke meg på det formelle.

– Og no forsvinn den siste historikaren med norsk mellom­aldarhistorie?
– Ja, men vi har ei stilling til. I den sit ein islending, Jon Vidar Sigurdsson, men han har berre forska på islandsk historie. Eg er den siste ved UiO i tradisjonen frå P. A. Munch. Det er ein del metodiske og teoretiske tradisjonar som har samla seg opp gjennom dei seinaste 150 åra i norsk mellomalderhistorie, for å seia det slik. No vert dei borte.

– Men er det så gale at Helge Pharo har arbeidt for å gjera sitt område sterkare?
– Mitt fremste ankepunkt mot Pharo er dei stendige freistnadene hans på å byggja opp eit eige og avsondra forskarnettverk i samtidshistorie. To gonger kom dette nettverket til finalen i Forskingsrådets konkurranse om å verta «Senter for fremragende forskning». Og av di dei var så flinke at dei kom til finalen, gav UiO dette nettverket ei eiga løyving på to millionar per år. Og desse pengane har UiO måtta taka andre stader frå.

Tek frå dei andre
– Men ser du ikkje at det er urettvist å kritisera nokon for å vera ein meisterleg forskingspolitikar som har tilpassa seg den nye tida; Pharo har mellom anna skaffa 14 millionar til forsking på Noreg som fredsnasjon?
– Du har heilt rett i at dagens system har store eksterne midlar. Då legg ein opp til å skapa dyktige forskingspolitikarar og nettverksbyggjarar i staden for dyktige forskarar. Og Pharo er ein fantastisk nettverksbyggjar. Men kva gjer vi når denne nettverksbyggjinga går ut over andre? Om ein får ein stipendiat til universitetet gjennom eksterne midlar, så er det likevel slik at ein god del av midlane til denne stipendiaten per definisjon må koma frå universitetet. Dei er ikkje fullfinansierte. Og alle desse samtidshistorikarane og stipendiatane ved instituttet nyt godt av grunnløyvinga til instituttet. Men vi mellomalderhistorikarar får lite eller ingen eksterne midlar og har ikkje noko anna enn grunnløyvinga.

– Så de må dela når samtidshistorie vert fleire, og dimed får de mindre?
– Ja, dei har delen i grunnløyvinga pluss at dei får desse to millionane frå UiO. I fjor vart instituttet pålagt å spara to millionar, men samtidshistorie er skjerma frå denne nedskjeringa sidan dei er eit prioritert fagleg område. Konsekvensane er klåre: To stillingar i antikken og mellomalderhistorie som var utlyste og ferdighandsama, og som to personar hadde vorte innstilte i, vart dregne attende. Og mellomalderstillinga er inndregen permanent. Eg har meint at det har vore mi plikt å seia frå om dette.

Utan rettleiar
– Og no sit studentane dine att utan rettleiar?
– Eg fekk telefon tysdagskvelden. Eg måtte gjera to ting: Flytta ut innan fjorten dagar og halda meg unna all rettleiing. Dei meiner tydelegvis at ein professor er ein professor og at ein rettleiar er ein rettleiar. Slik tenkjer det nye byråkratiet.

– Går du til sak?
– Eg har gått til Forskerforbundet og spurt om dei vil stø meg i ei rettssak. Men dei må handsama førespurnaden formelt, og det vil nok taka tid før den biten er av­­klåra. Eg reagerer spesielt på prosedyren rundt saka: Eg har ynskt at saksførehavinga skulle vera open, men UiO har halde henne lukka av di dei kallar det ei personalsak. Det er ikkje for å verna meg, men UiO. Rett nok tilbaud UiO meg i si tid to årsverk mot at eg gjorde ingenting. Eg skulle ikkje visa meg på instituttet, og om eg ville undervisa eller rettleia studentar, måtte eg gjera det på Universitetsbiblioteket, og det var UB som skulle stå ansvarleg for den biten. UiO ville ikkje ha noko med meg å gjera.

Dag og Tid har ringt både Jorunn Bjørgum og Helge Pharo for eventuelle kommentarar. Bjørgum har ikkje ringt attende, men Pharo vil gjerne svara på dei skuldingane som går på faglege prioriteringar, men har fyrst tid neste veke.

Geir Ellingsrud er avtroppande rektor ved UiO. Han er òg tidlegare tillitsvald for Forskerforbundet. Han gjekk inn for å sparka Nedkvitne og seier til Uniforum at «dette er den vanskelegaste saka eg har vore med og avgjort i styret». Han viser til at «det var likevel eit fleirtal på ni mot to stemmer for å vedta innstillinga frå universitetsdirektøren om å seia opp Arnved Nedkvitne». Favoritten til å verta den neste rektoren ved UiO, teologen Trygve Wyller, stør òg sparkinga.

Eit åtak på idéen bak universitetet
– Har vi ikkje takhøgd for slike som Arnved Nedkvitne, er det kvelden for UiO, seier professor i arbeidsrett Henning Jakhelln.

Henning Jakhelln er professor i arbeidsrett ved Universitetet i Oslo. Han er djupt uroleg for kva sparkinga av Nedkvitne kan føra til.

– No vert det sendt ut eit signal som seier at om du stikk nasen din fram, så skal du få ein på trynet. Vi risikerer å få ein institusjon der dei tilsette vel å sigla midstraums og tek ikkje-kontroversielle synspunkt. Det er livsfarleg. Får vi eit slikt regime, kan vi like godt leggja ned heile universitetet. Vi kan ikkje gå til åtak på sjølve grunnlaget for eksistensen vår.

– At ein professor visstnok har øydelagt det «psykososiale miljøet», er det eit godt nok grunnlag for å sparka han?
– Det er her striden kjem til å stå: Fagleg sett er det så vidt eg kan forstå, få eller ingen skuldingar som er retta mot Nedkvitne. Han har heller ikkje gjort seg upopulær mellom studentane. Han er tvert om populær og effektiv andsynes dei. Så då står vi att med samarbeidsproblematikken.

– Og der går han ved at han gjorde éin stor tabbe: Han skulle ha møtt opp til samtalen med instituttstyraren.
– Ja, og det var svært dumt av han. Men i seg sjølv er det ingen grunn til å få avskil. Vi har på den eine sida ein person som nokon meiner ikkje ter seg høvisk, på den andre sida har vi leiinga på ei rekkje ulike nivå ved UiO. Og det som er klinkande klårt, er at leiinga har eit ansvar for at samarbeidsproblematikk ikkje får lov til å utvikla seg i det stille inntil det har vorte ein forferdeleg verkebyll. Og då vert spørsmålet: Har UiO system som syter for at slikt ikkje hender?

– Vi veit båe at det har UiO ikkje.
– Det har du heilt rett i. Svaret på det spørsmålet er altså nei. Men juridisk sett bør vi seia at «det trur vi ikkje». Og då er vi framme ved det som eg meiner er viktig, og som gjer at universiteta kanskje må sjåast på som noko ulikt andre arbeidsplassar:

– Punkt 1: Fagpersonar er spesialistar på sitt fag. Det er banalt, men vi må seia det. Om ein er særs flink, kan ein mykje om svært lite. Kor mange i Noreg kan svært mykje om svært lite? Svaret? Særs få.

– Punkt 2: Vi er frå dag éin opplærde til å stilla spørsmål og ha ei kritisk halding til det vi les og høyrer. Og har eg ei kritisk haldning til ein kollega, har eg både rett og plikt til å utdjupa kritikken min.

– Punkt 3: Då vert mottakaren naturlegvis sur.

– Vi er alle menneske…
– Ja, ved universiteta skal det oppstå motsetningar mellom folk. Og det er det vi må halda beinhardt fast på. Poenget er at anten det er sånn eller slik, og eg må få understreka dette endå ein gong: Vi har rett og plikt til å fortelja kva vi meiner om den faglege kvaliteten til a, b, c og d. Og ja, vi bør freista å finna diplomatiske formule­ringar, men det er eit formspørsmål: Det er ikkje det saka handlar om. Om vi seier «toskete» eller «ikkje heilt godt hald», ja, så skjønar folk at det stort sett tyder det same.

– Men vert det rettssak, så må korta på bordet. Og vi veit at ein så stor institusjon som UiO gjennom åra per definisjon må ha spela ein del dårlege kort. Er UiO, som er så livsviktig for heile landet, tent med at omverda no skal få innsikt i det som ikkje alltid har vore så bra?
– Spør du meg, er svaret særs enkelt: Sjølvsagt er vi ikkje tente med det. Og det er av di vi talar om ein person som fagleg sett er heilt på høgda. Han steller godt med studentane sine, og elles irriterer han ein del kollegaer. Har vi ikkje takhøgd for slike, så er det noko grunnleggjande gale ved UiO. Då er det kvelden.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake