Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Reform, reform og reform

Av Jon Hustad
,  12.02.09


Lærarskulane skal reformerast – endå ein gong. Bakgrunnen kjenner vi: Norske skuleelevar vert år for år berre meir og meir kunnskapslause. Før jul kom til dømes den internasjonale matematikkgranskinga TIMSS. Berre to prosent av norske elevar som går ut av fjerdeklasse, maktar å gonga 53 med 26. Det var dårlegast i OECD, som hadde eit gjennomsnitt på 41 prosent rette svar på den oppgåva.

Men no skal noko gjerast. Førre fredag kom stortingsmelding nr. 11 (2008–2009), «Læreren. Rollen og utdanningen». I innleiinga får lesarane vita slikt som at «Elevene er de viktigste i skolen» og at «Dette fordrer at lærerutdanningsinstitusjonene etablerer gode arenaer for faglige drøftinger og samhandling med yrkesfeltet», attåt at «Regjeringen øn­sker en helhetlig oppvekst­politikk, og vil legge til rette for godt tverrsektorielt samarbeid omkring oppvekst og ivareta­kelse av utsatte grupper av barn».

Verkeleg interessant vert det fyrst når departementet fortel om korleis lærarskulane har fungert dei seinaste åra: På side 71 kan vi lesa at «Skikkethetsbegrepet kom inn i lov om lærarutdanning av 1973. Lovens formulering var: ‘Ved slutten av ei lærarutdanning skal høgskolen ta endeleg stilling til om kandidaten er skikka for læraryrket.’» Det synte seg at lova ikkje fungerte, og i 1999 kom regjeringa med eit skjerpa krav. Fem år etter vart det røkt etter kor mange av lærarstudentane som hadde vorte kasta ut av di dei ikkje var skikka. I perioden hadde det vorte utdana 27.000 lærarar ved norske lærarskular; tjue hadde vorte kasta ut.

Hit eit steg...
Eit anna problem er skilnaden på praksis mellom lærarskulane ved karakterfastsetjing. Strykprosenten i matematikk i 2007 varierte frå 4 til 43 prosent, i norsk frå 4 til 35 prosent og i pedagogikk frå 1 til 19 prosent. Karakterfastsetjinga varierer mest like mykje.

Det er òg eit problem at vi har så mange lærarskular her til lands og at kvaliteten på lærarane ved desse institusjonane er nokså skiftande. I Finland er all lærarutdaning fem år og lagd til universiteta. Slik er det ikkje i Noreg; her har vi 32 lærarskular. Det gjer at det vert vanskeleg å etablera ei femårig masterutdaning, og difor går heller ikkje regjeringa inn for det. Mellom anna kjem distrikts- og sysselsetjingspolitikken i vegen:

«Mange læresteder vil ikke kunne gi et bredt og fullverdig tilbud på masternivå. Institusjonene som mangler en slik bredde i tilbudene, vil få rekrutteringsproblemer. (…) En obligatorisk masterutdanning av høy kvalitet kan medføre redusert antall institusjoner som tilbyr lærerutdanning.»

Forsking, fru Blom
Lærarskulane i Noreg er pålagde å gje forskingsbasert undervising. Det er ikkje lett, dei fleste lærarane er nemleg ikkje utdana som forskarar. Berre tre prosent er professorar medan to tredjedelar er lektorar, og berre ti prosent av alle dei akademisk tilsette har doktorgrad. Det er òg eit problem at dei som underviser i pedagogikk, ikkje «har relevant kompetanse» og lite «oppdatert kunnskap om skolen i dag». «Evalueringer av utdanningsforskning gir samlet et inntrykk av et forsk­ningsområde der fagpersonalet har svak forskerkompetanse, at publikasjonsomfanget er lavt og innsatsen er fragmentert», skriv departementet.

Nivået mellom studentane er heller ikkje alltid så høgt, og yrket dei utdanar seg til, er ikkje særleg populært. Då norske studentar vart bedne om å seia kven dei vil ha til arbeidsgjevar, kom ikkje skuleverket med på femti-på-topp-lista. Det er òg slik at berre to tredjedelar av dei som byrjar på ein lærarskule, fullfører, og under helvta fullfører studiet på normert tid. I tillegg sluttar svært mange av dei som kjem ut i læraryrket, alt før det er gått to år.

SSB har laga framskrivingar der dei reknar på kor mange lærarar vi treng i 2020. Mellomalternativet syner at Noreg vil mangla 16.000 lærarar, men då er premissen at 70 prosent av studentane fullfører utdaninga.

Karakterkravet
Eit tilleggsproblem er at det har vorte klårt færre som søkjer seg til lærarskulane dei seinaste åra. Særleg stor var nedgangen etter karakterkravet kom i 2005. No må lærarstudentar ha 35 skule­poeng og karakteren tre i norsk og matematikk frå vidaregåande for å koma inn. I 2007 vart det teke opp 1000 færre studentar enn i 2004. Om krava skulle skjerpast til 40 poeng og karakteren fire i matematikk og norsk, ville 70 prosent av dei som kom inn i 2008, ikkje ha kome inn. Så går då heller ikkje departementet inn for å skjerpa karakter­kravet.

Kontrasten til det finske opptakssystemet er nokså stor. I Finland, fortel departementet, er læraryrket høgstatus. Berre dei med toppkarakterar frå gymnaset treng å søkja. Opptaket går føre seg i to omgangar. Fyrst vert tre til fire gonger så mange som kan koma inn, bedne om å koma til eit intervju. Då gjeld berre karakterar som opptaksgrunn. Så kjem fase to. Der får dei fyrst ei skriftleg oppgåve. Så får dei ei oppgåve der evna til sosial interaksjon og kommunikasjon med born vert observert. Til slutt vert dei utsette for eit intervju.

Denne prosessen, siterer departementet frå ei gransking, gjer at ein både får svært gode studentar og at utdaninga i seg sjølv vert mykje betre av di studentane er så flinke. Men skulle noko slikt skje i Noreg, ville det i praksis vera å leggja ned det meste av norsk lærarutdaning.

Seminar eller universitet?
Eit av hovudproblema på lærarskulane er at dei ikkje lenger heilt veit kva dei er for noko: seminar eller universitetsutdaning. Det fører mellom anna til at «allmennlærerutdanningen er den profesjonsutdanningen som er mest preget av at studenter har relativt lave forventninger til arbeidsinnsatsen i studiet (…) og at allmennlærerstudenter legger mindre vekt på fagkunnskaper enn studenter i de andre utdanningene gjør».

I seminartradisjonen gjekk studentane nærast på vanleg skule. Dei fekk tradisjonell undervising heile dagen, men i 1994 førde Gudmund Hernes inn høgskulereforma, som i sin tur leidde til at studentane fekk undervising i samsvar med universitetstradisjonen: «Omfanget av organisert undervisning i de nye høyskolene ble redusert. Økt selvstudium ble forutsatt.» Men det hende ikkje; lærarstudentane tok ikkje ansvar for eiga læring, og lærarskulelærarane kravde heller ikkje at dei skulle gjera det. «Lærerutdanningene hadde også ofte problemer med å få studentene til å møte opp og delta i undervisningen.»

Så kva skal no henda? Departementet viser til ei rekkje nasjonale og internasjonale gransking­­ar som syner at fagkunnskap er avgjerande for kor god ein lærar er. Difor lagar dei no to laup: eitt for barneskulen, klasse ein til sju, og eitt for storskulen og ungdomsskulen, klasse fem til ti. I barneskuleutdaninga skal det leggjast vekt på nybyrjaropplæring og normalt fire undervisingsfag, norsk og matematikk vert obligatorisk. På steg fem til ti skal studentane verta opplærde i tre fag, der kvart fag normalt vert undervist svarande til eitt år. Åra mellom fem og sju vert altså overlappande og krava til fagkunnskap klårt tydelegare.

I tillegg vert pedagogikkfaget utvida til eitt år og får namnet «pedagogikk og elevkunnskap». Det vert gjort gjeldande for båe studielaupa. Departementet seier at det ikkje er gjennomført mykje forsking som syner kva effekt pedagogikkfaget har på kvaliteten på lærarane og den under­visinga dei gjev, og at faget har hatt og har ei uklår rolle, men viser mellom anna til at mange av høyringsinstansane har ynskt at pedagogikkfaget skal utvidast og styrkjast.

Og dei vert altså høyrde.

Tiår med bortkasta tid
Kristin Clemet er glad for at SV vil vektleggja fag og kunnskap, men er usikker på om lærarskulane vil makta dei krava eit nær samla politisk miljø no set.

Kristin Clemet er tidlegare forskings- og utdanings­minister for Høgre. No leier ho tankesmia Civita.
– Kvifor trur du at dei aukar undervisinga i pedagogikk endå det ikkje finst særleg dokumentasjon på at det hjelper?
– Om eg skal spekulera, så er vel grunnlaget mykje det at delar av lærarkorpset og mange lærarstudentar ikkje er heilt i takt med det som har vorte avdekt om fagkunnskap og kor naudsynt det er. Dei heng delvis att i den gamle tenkjinga, og dette er krinsar som står regjeringa nær. Når ein høyrer kva pedagogikkstudentar får seg til å seia, så er det nokså tydeleg at mange av dei framleis trur på denne meir enn tretti år gamle omvegen som norsk lærarutdaning har vore på, dette at ålmennlærarar ikkje treng fagkunnskap, men pedagogikk.

– Noreg har svært mange forskarar i pedagogikk; korleis har det seg då at det har vore forska så lite på effekten av faget?
– Ein kunne kanskje verta forundra over det, men då gløymer ein at dette feltet har vore stappfullt av ideologi i nær sagt generasjonar. Det er ingen tvil om at fag og konkret kunnskap – medvite og aktivt – vart kasta ut or skulen. Dei pedagogiske forskingsmiljøa har ikkje freista å finna ut kva som fungerer; dei hadde svara på førehand, og dei var ideo­logiske. Då eg vart minister i 2001, var det heilt påfallande kor lite kunnskap det fanst om det skulen held på med, og kva effekten var av det som hadde vorte gjort.

Paradigmeskifte
– Men denne meldinga vektlegg kor viktig fagkunnskap er?
– Ja, det som skjer no, er eit særs tydeleg paradigmeskifte; SV, av alle, vektlegg fag og kunnskap. Det har vore ein utruleg lang veg, men no er partiet snart framme etter å ha vore bortreist i over tretti år. Det tragiske er at norsk skule og norske skuleelevar har mist så mange tiår.

– Kvifor har så mange skift meining om skulen? Departementet løyner no lite eller ingenting?

– Vi har fått kunnskap om korleis stoda verkeleg er. Ein kan ikkje lenger nekta for realitetane. Hugsa korleis det var: Nils Christie drøymde om eit samfunn utan skule, sjå på kva Ap-politikarar sa, fagforeining­ane til lærarane kom med dei mest underlege utsegner. No har venstresida hatt tre år i regjeringskontora, og dei har møtt realitetane. No finst kunnskapen som ikkje var der og som gjorde at alle kunne hevda nær sagt kva det skulle vera om norsk skule.

– Men departementet skjerpar ikkje karakterkravet, og dei aukar som sagt satsinga på pedagogikk?
– Ja då, det er framleis restar av det gamle SV; båe døma du dreg fram, syner det. Og dei vegrar seg framleis mot å få vita kva som går føre seg på kvar einskild skule. Det er òg slik at det innanfor dei pedagogiske forskingsmiljøa framleis vert produsert mykje ideo­logisk forsking. Men likevel: Hugsa at Kristin Halvorsen var beinhardt mot karakterkrav og gjekk sterkt til åtak på meg då vi førde dei inn. Ho sa at det måtte vera lov å sosa litt på skulen for så å skjerpa seg på lærarskulen. Og kravet var altså berre tre i norsk og matematikk.

Før undergangen
– Er det ikkje svært vanskeleg å taka dramatiske grep? Vi har 32 lærarskular her til lands – ein kan ikkje berre leggja dei ned?
– Nei, tenkjer ein i slike banar, møter ein kolossale politiske motkrefter. Eg har ingen problem med å gå ved at vi gjorde altfor lite med lærar­utdaninga då eg sat i posisjon. Men vi var altså ei mindretalsregjering og møtte beinhard kritikk frå norsk venstreside og pedagogiske miljø for det vi trass i alt gjorde. Men vi skaffa kunnskap om kva som verka og ikkje. No ser dei fleste at det vi gjorde av endringar, ikkje var nok. Det er svært gledeleg. Men ja, lærarutdaningane var for oss flaskehalsen, og det er dei enno. Det er stor risiko for at lærarskulane ikkje maktar å fylgja opp det som Stor­tinget vedtek. Kva skjer om vi vedtek at ein må ha fem i norsk for å få lov til å taka lærarutdaning? Vi ville knapt ha lærarar att her til lands, og det endå vi veit at den karakteren sjølvsagt burde vera kravet. Det er trist kor mykje denne ideologiske tenkjinga har
øydelagt og kor vanskeleg det er å bøta på skadane.






Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake