Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Eit livslaup i revers

Av Cathrine Brøymer
,  05.02.09


FILM
Den fantastiske historien om Benjamin Button
Regi: David Fincher
USA 2008

Korleis er det å bli fødd like rynkete og skrøpeleg som sjuande far i huset, berre at det er byrjinga på sjølve livet? Historia om Benjamin Button er ikkje berre fantastisk og usannsynleg, ho er òg ei slags framsyning av det skøyre tilhøvet mellom alder og ungdom. Som «baby» blir Benjamin forlaten av faren på trappetrinna til ein gamleheim, slik at han dei første åra veks opp mellom menneske som ser ut som han sjølv. Skilnaden er at Benjamin Button berre blir yngre og mindre skrøpeleg. Han startar livet i rullestol, plaga av leddgikt, men blir seinare ein ung, pen mann, dinest barn igjen.

Liten mann, stor film
Filmen har fått 13 Oscar-nominasjonar, mellom dei ein for beste film. Den fantastiske historien om Benjamin Button kan med rette kallast ein skikkeleg Oscar-film. Vi har å gjere med ei storslegen forteljing om ein mann med ein utruleg lagnad og eit tidleg blikk for ei spesiell jente, Daisy, ein skikkeleg «sweetheart». Med andre ord; den litle mannen med den litt uvanlege tvisten, han som gjev oss kjensla av å ha sett noko annleis, som ein annan og meir interessant Forrest Gump (Oscar-vinnaren frå 1994 med Tom Hanks i hovudrolla). Prinsippet er likevel det same: Liten mann med ein spesiell lagnad gjennomfører ei lang reise, både i tid, rom – og kjærleik.

Godt sminka Pitt
Og filmen om Benjamin Button tek tilskodarane trygt med på denne reisa. Det blir ikkje keisamt på dei nesten tre timane filmen varer, endå eg må vedgå at den gode varmen i kinosalen fekk underteikna til å duppe av nokre augneblinkar. Trass i dette trygge, solide Hollywood-preget, hadde eg likevel håpa på ei meir dristig handsaming av dei konfliktane som må oppstå når ein person reiser med negativt forteikn gjennom tida. Regissør David Fincher har i tidlegare filmar som Seven (1995) og særleg Fight Club (1999) synt fram ein eigen finesse og overraskingar som er langt meir intrikate enn dei Benjamin Button byd tilskodaren.

Den største overraskinga i denne filmen er rett og slett kor utruleg godt dei har greidd å sminke skodespelaren Brad Pitts aldring og forynging gjennom tida. Også Cate Blanchetts Daisy er fantastisk vakker som ei ung og raudhåra ballerina. Ho er nesten for nydeleg til å vere heilt verkeleg. For ikkje å snakke om den eldgamle babyen som blir fødd: ein skrukkete, ekkel liten skapnad det likevel er mogeleg å tru på. Men kvifor fører han tankane mine til David Lynch’ nyfødde vanskapnad i den avantgardistiske filmen Eraserhead?

Ung og gamal
Vi talar om ei forvandling som er så uvanleg at dei ulike stadia i livet til Benjamin Button framstår som særskilde fysiske etappar. Undervegs kan ein til dømes lure på korleis han vil bli som barn og baby, den eigenlege alderdomen hans. Vil han døy som sædcelle eller egg? Må vi sjå det òg?

Det er først og fremst gjennom relasjonen til kvinna han elskar, Daisy, at vi får servert motsetnadene mellom ungdomen og den aldrande. Berre på eitt tidspunkt kan dei møtast på same stad i livet, og heile tida blir framtida og ulikskapen i utsjånad eit trugsmål. Det er slike kontrastar som gjer filmen spanande. Kanskje vi til og med kan lære noko av filmen om den utrulege Benjamin Button. Handlar filmen djupast sett om vår tids redsle for å bli gamal og skrøpeleg? I så måte er ikkje den glatte hudas ungdom noko å trakte etter.

Pent pakka
Historia, som er teken frå ei novelle av F. Scott Fitzgerald, er jamvel pakka pent inn i ei litt unødvendig og trøyttande rammeforteljing: Den aldrande og døyande Daisy lèt dottera lese høgt frå dagboka til Benjamin Button, ein mann ho aldri har kjent eller visst om. Men aller først fortel Daisy dottera om Herr Kake, ein mann som miste son sin i den første verdskrigen og som laga eit ur med ein visar som gjekk motsett veg. Uret skulle få dei døde soldatane til å kome attende, frå død til liv.

Cathrine Brøymer er litteraturvitar og fast filmmeldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake