Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Tankar om eit jødespørsmål

Av Roald Helgheim
,  05.02.09


Antisemittismen er ikkje eit jødisk problem, det er vårt problem, skreiv Jean-Paul Sartre i Tanker om jødespørsmålet, det klassiske skriftet som i 1963 kom på norsk i Cappelens upopulære skrifter. Det gule heftet der eg måtte skjere opp sidene med kniv, står framleis i hylla, mellom fleire av dei gule bøkene som var eit arsenal av kunnskap, til under ein tiar for i dette tilfellet hundre sider. Etter mange år i dvale vart dei uopopulære skriftene relanserte og lever i beste vel­gåande, men eg har bladd opp i mitt gamle gule, med mine gamle understrekingar som lesesnor, der Sartre siterer den svarte forfattaren Richard Wright, som skreiv: «Der er ikkje noko negerproblem i USA, det er den kvites problem». «Det er ikke erfaringen som skaper jødebegrepet, det er tvertimot jødebegrepet som farger erfaringen: Dersom jøden ikke eksisterte, ville antisemitten ha funnet ham opp», skriv Sartre sjølv, i boka som kom på fransk i 1954. Og eg gjer meg mine tankar om kva tankar han i dag hadde gjort seg om det nye «problemet» vårt, islam.
Tanker om jødespørsmålet er eit glitrande essay som opnar slik: «Hvis en mann helt eller delvis legger skylden for landets og sine egne ulykker på jødene som lever i samfunnet, og hvis han for å rette på tingenes tilstand foreslår å berøve jødene visse rettigheter eller holde dem borte fra bestemte økonomiske og sosiale funksjoner, vise dem ut av landet eller utrydde dem, sier man at han har antisemittiske meninger.» Sartre har sjølv utheva ordet, eit ord som gjev grunn til ettertanke, fordi det med kategorien «meninger» ligg under at alle oppfatningar er likeverdige. I namnet til ytringsfridomen krev antisemitten «rett til å preke det anti-jødiske korstog», skriv Sartre, som har ein heilt annan konklusjon: «Antisemittismen inngår ikke i den kategori tanker som be­skyttes av retten til fri meningsytring.» Han skildrar korleis antisemittens «jøde» er ein sum av vedtekne stereotypar ingen treng å forsvare, aller minst føre prov for, for antisemitten er «i dypet av sitt hjerte en forbryter». Kjenner jødemotstandarar seg ikkje att i skildringa av han, så er dei ingen antisemittar. «De ville ikke krumme et hår på deres hode, men de ville heller ikke løfte lillefinge­ren for at noen foregikk seg mot dem. De er ikke antisemitter, de er ingenting, de er ingen», og då du trass i alt må sjå ut som noko, blir du berre ekko for andre.

For meg, og eg trur mange som voks opp etter krigen, var antisemittismen ein fjern lærdom om noko grufullt som vi ikkje opplevde på nært hald, og som på ein måte ikkje vedkom oss. Korleis den i beste fall ikkje-medvitne, men likevel djupt ibuande oppfatninga av jøden også var medverkande til eit norsk holocaust, som kulminerte i den første båtlasta med jødar deporterte til Tyskland og Auschwitz i oktober 1942. Men før det kom så langt, hadde gode borgarar kunna lese skildringar som dette i Aftenposten av dei jødiske innvandrarane i 20-åra:

«De kommer ind som sildestim. De setter sig fast over hele byen. Det er snart ikke en frukt­butikk, utsalg av brukte klær, et lager av ure og andet kram uten at det staar en plirende smilende jøde bak disken. Osterhaugsgaten er fremtidens Ghetto eller jødekvarter. Men bare vent, om noen tid finder vi dem som smarte eiere av villaer paa Vestkanten... Snart har de foten indenfor en avis, en bank, universitet og Nationalgalleriet!»

For meg førde boka til Johansen til at eg sidan nokså systematisk har skrive om saker som har med holocaust og antisemittisme å gjere. I dag er det meir danna måtar å skildre våre nye landsmenn og opphaldsstadene deira på, men ein viss type kollektive oppfatningar om kva dei nye landsmennene våre særleg frå den muslimske verda representerer, lever framleis i beste velgåande. Om ein ikkje kallar det rasisme, finst det heller inga nemning som svarar til antisemittismen som har råka jødar. Men det finst utan tvil ei form for skuldtenking i samfunnet, som går ut på at det ein muslim eller ei gruppe muslimar gjer, har alle muslimar eit ansvar for, med mindre dei omgåande tek offentleg avstand frå det. Det tok for alvor av under fatwaen mot Salman Rushdie og skotet mot den norske forleggjaren hans. Som muslim skulle du vere sterk for å våge å ytre offentleg at du nekta å stå skulerett for alt muslimar gjer og difor ikkje ville gå i tog berre fordi du sjølv var muslim, då ein nederlandsk muslim drap filmmannen van Gogh.

Under dei oppheta meiningsytringane om Gaza-krigen har jødar også her i landet med rette protestert mot å bli slått kollektivt i hartkorn med den politikken Israel fører. Men samstundes har skuldingar om antisemittisme, som slik Sartre brukar det, er svært alvorleg, også sete laust blant Israel-vener, som eit kronargument mot kritikarar. Når Kåre Willoch hadde ein glipp i omtalen av den nye stabssjefen til Obama, vil eg utan vidare hevde at den standhaftige kritikken hans av Israel og Vestens politikk mot palestinarane har vore den eigentleg skyteskiva for opphissa åtak mot Willoch etterpå. Israel kallar sin eigen stat jødisk, men når kan ein i offentlege ordskifte kalle ein jødisk person ein jøde? Spørsmålet er ikkje demagogisk, for når jødiske miljø utanfor Israel fylkar seg bak Israels politikk, kan dei ikkje samstundes krevje immunitet i alle diskusjonar. Då er antisemittismen ikkje lenger berre det Sartre kalla «vårt problem».   






Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake