Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Smøla, landet ved verdas ende

Av Per Anders Todal
,  22.01.09


Kring 325 år før Kristus kasta grekaren Pytheas loss frå Massilia og sette kursen mot det ukjende nord. Handelsmannen og oppdagaren skulle leite etter handelsruter og framande kystar og finne ut kor dyrebare råvarer som rav og tinn kom frå. I den greske kolonien Massilia, som låg der Marseille ligg i dag, var appetitten stor på slike godsaker.

Den dristige ferda til Pytheas var vellukka. Han kartla mykje av det som i dag er Storbritannia, skildra Stonehenge og er den første kjende kjelda til namnet Britannia. Han reiste langs kysten av dagens Tyskland, møtte germanske stammar og utforska delar av Austersjøen.

Men Pytheas reiste også lenger nord. I desse framande farvatna støytte ekspedisjonen på ein merkeleg substans som han skildra slik: «stader der land ikkje lenger finst, heller ikkje sjø eller luft, men ei blanding av desse tinga, lik ein manet (…) som ein verken kan gå på eller segle i.» Sidan substansane i verda truleg var dei same som i dag, kan vi rekne med at Pytheas hadde støytt på drivis.

Til slutt nådde Pytheas verdas ende. Han kom til eit land han kalla Thule – skildra som ei øy seks dagars segling nord frå Britannia, nær det frosne havet. Og ferda hans vart opphavet til eit mysterium som historieskrivarane og geografane har bala med i tusenår etterpå: Kor var eigentleg dette mystiske, kalde landet ved verdas ende som Pytheas kalla Thule? Spekulasjonane og teoriane har vore mange og inkluderer mellom anna øya Saaremaa i Estland, Lofoten, Trondheim, Orknøyane, Island og Grønland. Geografar frå romerske Plinius til Fridtjof Nansen har bala med dette.

No ligg eit nytt, insisterande svar føre frå ei tysk forskargruppe: Thule var Smøla på Nordmøre. Basta.

Nesten heilt sikker
Det var det lokalhistoriske årsskriftet Smøla­minne som i fjor haust sleppte denne sensasjonen i Noreg. Kjelda deira er professor Dieter Lelgemann ved Det tekniske universitetet i Berlin. Fagfeltet hans er geodesi, ein vitskap som nyttar matematikk, fysikk, astronomi og geovitskap for å finne nøyaktige posisjonar på jord­overflata. Lelgemann har i fem år arbeidd saman med historikarar, geografar og astronomar for å identifisere mange hundre stader frå kart og litteratur i antikken. Og for nordmenn, særleg smølværingar, er svaret hans på Thule-mysteriet i særklasse det mest interessante.

– Vi kan no vere nesten heilt sikre på at Thule er Smøla. Det einaste alternativet er Hitra, men det er mindre sannsynleg, seier Lelgemann på telefon frå Berlin.

Det byd naturleg nok på enorme utfordringar å tolke 2300 gamle geografiske data. Ikkje minst fordi originalverket der Pytheas skildra Thule, Om havet, for lengst er forsvunne. Alt ein har, er attgjevingar av Pytheas hos seinare greske og romerske kartografar og historikarar. Desse har tolka han høgst ulikt, og somme av dei kallar han rett ut for ein løgnar og bløffmakar som berre har dikta opp heile Thule og som førte mange menneske på villspor.

Likevel hevdar altså professor Lelgemann at han har eliminert feilkjeldene og kan seie sikkert kva måleiningane til Pytheas var, omrekna til dagens mål. Eit viktig materiale for det tyske teamet var verket Geografi av Ptolemaios, som levde i Alexandria frå kring år 83 til år 168. Geografi oppsummerte geografikunnskapen i det romerske imperiet.

Ei eldre kjelde til Pytheas’ data er den store greske geografen Erathostenes, som mellom anna er kjend for å ha rekna ut omkrinsen til jorda med stor presisjon.

– Vi har brukt alle tilgjengelege kjelder som gjev informasjon om Thule, og sjekka dei mot kvarandre. Vi har særleg sett på karta frå Ptolemaios og justert for det vi meiner er hans feiltolking av måleining­ane som Pytheas brukte.

Høgt fagleg nivå
– Eg må innrømme at eg har noko vanskeleg for å tru at nokon kunne fastslå posisjonen sin så presist for 2300 år sidan.

– Navigasjon var eit fag på eit svært høgt nivå hos grekarane, mykje høgare enn til dømes på Columbus si tid. Pytheas navigerte truleg ved hjelp av eit solur for å fastslå breiddegradane. Vi veit at han fastslo posisjonen til heimbyen Massilia med ein feilmargin på berre 10 kilometer, seier Lelgemann.

– Etter dei korreksjonane vi har gjort, er vi sikre på at Pytheas’ Thule var ved den 63. breiddegraden, som stemmer godt med Smøla. Vi har òg informasjon om at Pytheas segla i seks dagar frå Shetland for å kome til Thule, og avstanden han oppgjev, stemmer med avstanden frå Shetland til Smøla.

Arbeidet til Lelgemann og kollegaene er enno ikkje fagfellevurdert. Med det første skal dei sende artiklar til vurdering i akademiske tidsskrift i Tyskland og i Storbritannia.

– Eg er naturvitskapsmann, eg har inga interesse i å drive med spekulasjonar. Eg håpar alt vil bli sett på prøve og utsett for systematisk tvil. Det er jo slik vitskapen går framover.

Eit kick i smølaminne
På Smøla er Thule-teorien til Lelgemann så langt ikkje utsett for systematisk tvil, men derimot omfamna med entusiasme. I alle fall av Jorun M. Jonassen, redaktør for årsskriftet Smølaminne.

– For meg som redaktør var dette kjempeartig. Det var eit skikkeleg adrenalinkick som varer enno, seier Jonassen. Ho fekk tipset frå ein tyskar busett i Noreg, som hadde lese om Thule-teorien i Süddeutsche Zeitung.

– Det er ikkje ofte lokalhistoriske skrifter har slike sensasjonar?
– Å, du må ikkje snakke! Dette var stort.

– Synest du teorien om at Smøla er Thule, verkar truverdig?
– Ja, absolutt. Dette verkar godt vitskapleg underbygd, dette er ikkje frå ein som sit på eit nes og synsar.

Jonassen er så langt noko skuffa over mangelen på interesse i dei norske riksmedia.

– Vi har vore i kontakt med dei store avisene og med Schrödingers katt på NRK, men dei har ikkje vist interesse. Men vi har i det minste fått gira opp folka på kommunen, seier Jonassen.

Thule og Kuli
Dag og Tid ringjer Smøla-ordførar Iver Nordseth for å finne ut kor gira han er. Ganske gira, verkar det som, i alle fall til nordmøring å vere.

– Eg synest dette er kjempespennande, og vi vil prøve å utnytte det så godt som mogleg. Vi held på å lage eit nytt kultursenter kalla Gurisenteret på Edøya, og dette temaet vil få ein plass der. Det verkar som det er ganske mange indikasjonar på at Smøla var Thule. Men det er vanskeleg å seie sikkert, det er jo ei stund sidan, dette her.

– Om det blir spikra at Smøla er det gamle Thule, får de kanskje ein armada av turistar frå Middelhavet som vil reise i Pytheas’ kjølvatn?
– Ja, kven veit? Ein må i alle fall ikkje late slike sjansar gå frå seg. Men å gjere Thule-historia til ein hovudattraksjon på Gurisenteret ville nok vere litt for spenstig.

Om det verkeleg var Smøla Pytheas besøkte for 2300 år sidan, hadde han gode sjansar til å treffe folk. Her har vore busetnad sidan yngre steinalder. Gurisenteret på Edøya skal dessutan fortelje om Kulisteinen frå Smøla, ein runestein frå 1034.

– Vi har mykje historie på Smøla. Og på Gurisenteret skal Kulisteinen få sitt eige rom, fortel Nordseth.

– Men de har ikkje den originale Kulisteinen på Smøla lenger, veit eg?
– Nei, den står i Vitskapsmuseet i Trondheim. Men vi har ikkje gjeve opp å få han attende, sjølv om det kanskje ikkje er så lurt å ta opp enno.

– Om de kan slå i bordet med at Smøla er det gamle Thule, synest eg Trondheim bør gje seg. Egypt har jo klart å få attende nokre av mumiane sine.
– Ja, og det er kanskje litt enklare å få ein stein frå Trondheim til Smøla.

Tviler sterkt på Smøla-teorien
Når ting er på sitt mest spennande, er det alltid nokon som må helle malurt i begeret.

I denne artikkelen fell det ansvaret på Bjørn Geirr Harsson, som i mange år har arbeidd for Statens kartverk og har bakgrunn frå same fagfelt som professor Lelgemann. Harsson er ingen kven som helst, men er riddar av St. Olavs Orden for innsatsen sin for norsk geodesi. (I grunngjevinga heitte det at han har sett Noreg på det geodetiske verdskartet. Det er uklart om det var skrive med glimt i auget.)

– Du er skeptisk til at Smøla skal vere Thule, du?
– Ja, og ikkje så reint lite heller. Skildringa av Thule er frå ei tid med svært få skriftlege kjelder. Reisa til Pytheas er blitt tolka på mange måtar, mellom anna av­hengig av kva ein legg til grunn av måleiningar, og ulike forskarar kjem til vidt ulike konklusjonar. Somme av desse har kome til at Thule kan vere nær breiddegraden til Smøla. Men å prøve å seie sikkert kva stad dette eigentleg var, er som å finne knappenåla i høystakken. Å hevde at det må ha vore Smøla, er berre ein ønskedraum for dei som bur der.

– Umogleg å vere sikker
Avhengig av reknemåten og dei data vi kjenner, kan Pytheas ha vore ein stad mellom 64 og 76 grader nord, seier Harsson.
– Han var ein stad nord for England, og det kan ha vore norskekysten, men det veit vi heller ikkje sikkert. Han har òg møtt folk som har fortalt om midnattssol. Men det er umogleg å seie kor han faktisk var.

– Det er vel i det minste usannsynleg at det Pytheas kalla Thule, skulle vere Island. På Island budde det ikkje menneske da han var på reise?
– Nei, men vi veit heller ikkje sikkert at det budde folk i det landet Pytheas omtalar. Det er i det heile uklart kva Pytheas seier om Thule, det kan vere at han berre har møtt folk som fortel han om dette landet. Eg skjønar at professor Lelgemann har sett seg grundig inn i gamle greske mål­einingar, men det er for mange usikre storleikar her til å seie noko sikkert. Eg kan ikkje skjøne korleis han kan vere sikker på at dette skal ha vore Smøla.

Harsson har forståing for at konklusjonane til Lelgemann har vekt entusiasme på Smøla.

– Det er ofte slik at folk inderleg ønskjer at verda var litt annleis enn ho er, fordi det gjer ting meir spennande. Men dette verkar altfor tynt belagt til å slå fast at Smøla var Thule.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake