Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Redsla for religionskritikk

Av Jon Hustad
,  22.01.09


Om du sit i regjering og har noko negativt eller vanskeleg å fortelja, når bør du fortelja det? Den som meistra det spelet best, var truleg Alastair Campbell, pressesjefen til Tony Blair. Berre timar etter at flya krasja inn i Twin Towers i New York, gjekk det ut ordre frå Downing Street 10 til departement og offentlege etatar: Få ut alt kontroversielt, send pressemelding etter pressemelding. Strategien fungerte godt; det meste drukna i kjølvatnet av 9/11.

Så kyniske er vi ikkje i Noreg; her til lands er det som regel tre faste dagar som vert nytta: fredagen før påske, fredagen før fellesferien og fredagen før jul.

Ny straffelov
Fredag 19. desember sende Justisdepartementet ut ei pressemelding med denne overskrifta: «Ny straffelov: Bedre vern mot hatefulle ytringer».

Der fortalde fyrst Knut Stor­berget det som alt lenge har vore klårt: Regjeringa vil fjerna blasfemiparagrafen. Så kom det, og vi bed om orsaking for at ein del sitat vert litt lange i denne saka:

«Et straffansvar som verner ulike religioner og den enkeltes religiøse følelser kan avverge alvorlige konflikter i samfunnet. Mange kan oppleve slike angrep krenkende. Angrep på trosset­ningene i religioner som ikke har mange tilhengere i Norge, kan lettere enn før oppleves som et angrep på en minoritetsgruppe med særskilt behov for vern. I dag ivaretas dette delvis av straffelovens formuleringer om straff for hatefulle ytringer, men ikke fullt ut. Regjeringen vil derfor foreslå å utvide § 185 om hatefulle ytringer slik at bestemmelsen ivaretar behovet for et strafferettslig vern mot kvalifiserte angrep på trossetninger og livssyn.»

Attved pressemeldinga var det ein link til odelstingsproposisjon 22/2008–2009. Der kunne vi lesa denne grunngjevinga for å utvida paragraf 185:

«Ytringsfriheten må altså av­­veies mot andre hensyn. Religiøs tro og overbevisning vil ofte for­­ankres i de dypere lag av ens personlighet, og det vil kunne knytte seg sterke følelser til slike over­bevisninger. Læresetninger av religiøs karakter vil fortsatt av mange bli holdt for å være ‘hellige’. Angrep på trossetninger og livssyn vil derfor kunne påvirke den enkeltes livsutfoldelse i negativ retning, ikke minst ved å påvirke det ‘klimaet’ vedkommende møter i samfunnet. Et straffansvar som verner ulike religioner og den enkeltes religiøse følelser[,] kan derfor avverge alvorlige konflikter i samfunnet. Dette kan i tiden fremover vise seg å bli viktigere enn før, ikke minst som en følge av den religiøse pluralismen som innvandringen til Norge har medført.»

Taust i media
Så korleis reagerte norsk presse på at ytringsfridomen skal avgrensast av di han kan føra til konfliktar, og at norsk lovverk må endrast av di einskilde innvandrargrupper visstnok ikkje toler det same som trauste, kristne og etniske nordmenn? Med nær total togn. Det vi kunne lesa før jul om saka, var mellom anna ei stutt melding frå NTB om at Noreg no skulle oppheva blasfemiparagrafen, som elles ikkje har vore nytta sidan Arnulf Øverland vart frikjend for «Kristendommen – den tiende landeplage» i 1933.

På internett var det annleis. Same dagen som pressemeldinga vart send ut, hadde den islamkritiske og verdikonservative nett­staden document.no og internettversjonen til Fri Tanke, avisa til Human-Etisk Forbund, store oppslag.

«– Religioner skal ikke være beskyttet mot kritikk, så dette synes jeg er et bekymringsfullt og skremmende lovforslag. Det er min første reaksjon etter å ha lest pressemeldingen. Dette synes jeg dessverre minner om den prosessen vi har hørt om fra FNs menneskerettighetsråd, der muslimske land har forsøkt å innarbeide et spesielt vern mot kritikk av religioner», sa generalsekretær Kristin Mile i HEF til Fri Tanke.

Samfunnsfreden
Hans Rustad, redaktør av document.no, var òg klår: «I korttekst: Muslimers sensitivitet må beskyttes. Det er selvfølgelig det som menes. Man vil beskytte samfunnsfreden – et ord som vekker minner om embetsstaten. Men dette er en ren instrumentalisering av ytringsfriheten. Den gjøres avhengig av ytre faktorer: nemlig en minoritets følelser.»

I vekene etter har ordskiftet gått og oppslaga vore mange i båe internettavisene; i tillegg har ei lang rekkje bloggarar skrive om saka. Få om nokon har stødd framlegget, og den største muslimske nettstaden i Noreg, islam.no, har ikkje ofra eitt ord på saka.

Det skulle taka mest ein månad før dei store avisene og etermedia tok saka. Då hadde framlegget alt lenge vore omtala og debattert som eit åtak på demokratiet i danske aviser. Førre fredag oppdaga NTB at Per Edgar Kokkvold hadde vorte intervjua av Fri Tanke, og laga eit kort samandrag. Deretter vart Kokk­vold intervjua på Her og Nå i NRK:

– Det er dei forstyrrande, støytande, sjokkerande ytringane vi må verna. Kardemomme-lova treng ikkje vern, hevda han.

Ikkje konkret
Etterpå var det ordskifte mellom assisterande generalsekretær Arne Jensen i Redaktørfore­ningen og statssekretær Astri Aas-Hansen i Justisdepartementet. Ho fortalde at dei som eventuelt skulle dømast, skulle verta dømde etter objektive kriterium, men ho kunne ikkje no fortelja kva desse var. Ho kunne heller ikkje gje døme på kva slags ytringar som kunne verta påtala: «Eg kan ikkje vera konkret på det noverande tidspunktet», men ho peika på at lova skulle verka «preventivt» utan å vera konkret om kva prevensjonen skulle nyttast mot.

Ho hevda samstundes at det nye vernet var mindre omfemnande enn det gamle under blasfemiparagrafen. Då ville Hansen og programleiaren vita korleis det nye vernet då skulle kunna «av­­verge alvorlige konflikter i samfunnet».

Hansen svara at Departementet skulle koma attende til det når den konkrete utforminga av paragraf 185 var klår.

Sist sundag fekk frustrasjonen mellom internettaktivistane si endelege utforming. Tidlegare generalsekretær i Human-Etisk Forbund Lars Gule og journalist Nina Hjerpset-Østlie på document.no hadde laga eit opprop mot innstraminga som folk kunne skriva under og senda til alle stortingspartia og Justis­departementet (http://opprop.info/).

Subjektivitet
I oppropet står mellom anna dette: «Vi kan ikke akseptere at det skal være et offentlig anliggende å beskytte subjektive, religiøse følelser eller legitimere subjektive, religiøse følelser som gyldig argument i samfunnsdebatten. En slik politikk kan lett åpne for subjektiv vilkårlighet i en eventuell straffeforfølgelse av religionskritiske ytringer.»

Mellom dei som stødde oppropet, var Roy Jacobsen, Ingvar Am­bjørnsen, Anne B. Ragde, Bernt Hag­tvet, Gunnar Skirbekk, Aslak Nore, Hege Storhaug, Walid al-Kubaisi og Francis Sejersted, leiaren for Ytringsfridomskommisjonen.

Då Dag og Tid gjekk i trykken, hadde over tusen skrive under og protestert mot departement og storting. Mellom underskrivarane er såpass ulike professorar som Thomas Hylland Eriksen, Stig S. Frøland og Helge Rønning.

Har aldri tapt
Nils E. Øy er generalsekretær i Norsk redaktørforening. Han meiner det er særs viktig å få stogga utvidinga av paragraf 185.

– Men om saka er så viktig, er det ikkje underleg at det gjekk så lang tid før dei store media tok i saka og at dei gjer så lite av henne?

– Det er mange år sidan eg slutta å undra meg over norske medium. Det meste vert styrt av tilfellet, slik er det berre. Nokon må ropa svært høgt, skal noko verta høyrt. Då heile proposi­sjonen om endringa av straffelova vart lagd fram på ein pressekonferanse, var det mange frå pressa til stades, men svært få som forstod delen om utvidinga av paragraf 185. Såleis har det vorte.

Kva er så sjansen for at utvidinga vert stogga i Stortinget? Vel, denne regjeringa har ikkje tapt éi røysting i Stor­tinget. Dessutan har Jonas Gahr Støre i ei stønadsfråsegn til norske jødar hevda at «såkalte komikere» har fyrt opp under konflikten mellom jødar og andre trusgrupper. Det meinte han var «usmakelig».




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake