Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Frå krig til kamp og leik

Av Pål H. Bakka
,  11.12.08


Sakprosa
Rune Slagstad:
(Sporten). En idéhistorisk studie
Pax

Først av alt: (Sporten) er ei bok det er verdt å lesa. Mykje nytt stoff. Mykje interessant stoff, også for den ålmennhistorisk interesserte. Velskriven. Men med sine 849 sider (inklusive kritisk apparat) er ho dryg å koma gjennom. Ho er faktisk nesten 300 sider lengre enn De nasjonale strateger frå 1998, som ho etter det forfattaren skriv, er ei oppfølging av. Det må kan henda vera slik. Norsk politisk historie dei siste to hundre åra er enkel materie jamført med historia til idretten.

Boka er oppdelt i elleve tematiske hovudkapittel, som dels er kronologisk ordna, dels overlappande i tid. Det gjer at den historiske lina av og til druknar i i og for seg forvitnelege deltaljar. Forteljinga byrjar med landmælarar, land(skaps)målarar og fotturistar, idrett som naturoppleving; held fram med engelske sportsmen, idrett for sin eigen del og som stands­markør, som munnar ut i det paradoksale fenomenet «idrettssport», idrett for resultatet og sigeren si skuld; eit eige kapittel om Nordmarka og nikkersadelen og eit langt kapittel om «den nyttige idretten» frå 1814 til 1965; idretten som ei side ved forsvarssak, folkeopplysing og folkehelse.

Til saman fyller desse fire kapitla, som alle kunne høyrt heime i De nasjonale strateger, 400 sider. Eit gjennomgåande tema er norsk idretts, også fotturismens og jaktas, «demokratiske vesen». Eit anna er spenninga mellom breidde- og masseidrett. Eit tredje, knytt til det andre, er spenninga mellom det aristokratiske amatøridealet og profesjonismen, der profesjonismen, og dermed idrett som stige for sosial mobilitet, i første omgang tapte.

Syndefallet
Dei fem siste kapitla er vigde ein analyse av den postmoderne idretten som byrjar med eit kapittel om «Munchs Nietzsche», ei tolking av moderne publikumsidrett som «postromantisk ekspresjonisme»; den spektakulære framsyninga av individuelle og kollektive prestasjonar, den penge- og fjernsynsstyrde sporten, ekstremsport som ut­­veg frå livsleie og keisemd. Slagstad skriv om OL, om stadionanlegg, om fotball. Og han skriv om syndefallet i norsk idrett i 1980-åra, rett nok utan å kalla det så. For i røynda, slik les eg Slagstad, er den postmoderne idretten det endelege resultatet av eit ungdomsopprør i idretten kring førre hundreårsskifte, der menn som trudde på idrett for sin eigen del og som folkeoppseding til helse og krigersk dygd, vart utfordra av ungdom som ville sjå kven som kunne springa fortast og kasta lengst. Eit vellukka ungdomsopprør, slår forfattaren fast.

Ulik andre i sin generasjon er Slagstad ingen nostalgikar som græt over at peng­­ane kom inn att i idretten. Han slår fast at sporten sigra over idretten – utan eigenleg å gje noka forklaring på det anna enn stats­amatørane i den gamle austblokka og utviklinga av fleirkanalsamfunnet etter 1980. Den kultursosiologiske analysen av «sportens» vesen som «en henrykkende publikumsforestilling» han gjev i «Munchs Nietzsche», er vel og bra. Men kroppsleg utagering framfor augo på jublande tilskodarar har i alle land til alle tider vore det «idrett» har handla om. Korkje Nietzsche eller Munch fann opp konkurranseidretten.

Gladiatoren
Det historisk interessante spørsmålet er: Kvifor kjem gjennomslaget for den «postmoderne» sporten i det moderne samfunnet nett i 1980-åra? For idretten i det førmoderne samfunnet, som i antikkens Hellas, var også like utagerande. Gladiatoren var den første profesjonelle idrettsmannen. Moderne idrett byrja med ein reaksjon på den slags utagerande spetakkel; med at standspersonar som Lord Culbertson tok det på seg sjølv å disiplinera tidtrøytet i dei lågare klassane ved å laga reglar dei måtte følgja om dei ville tena pengar på til dømes nevekamp. Fotball, soccer, er det mest strålande dømet på korleis eit masseslagsmål om ein ball vart disi­plinert til ein frøkensport fordi den dyriske villskapen til arbeidarklassen måtte temjast. Britisk middelklasse spelar framleis rugby, som er ein mandig kontaktsport.

Med andre ord: Kvifor dukkar noko attkjenneleg førmoderne opp i postmoderne drakt rundt 1990?

Angell og Angell
Av og til vert Jens Arup Seips historiske paradigme med embetsmannsstat, venstrestat og eitt­partistat litt for overstyrande på norsk historieskriving. Eit døme: Den kaptein Henrik Angell som i 1898 argumenterte for «Mere diciplin» i Norsk Skoletidenes spalter, var ingen reaksjonær høgremann, som er saman­hengen Slag­stad set han i (s. 323). Han var den oberst H. A. Angell som var mellom Noregs Ungdomslags mest nytta talarar (s. 336); ein rabiat nasjonalistisk romantikar som var mot den fredelege oppløysinga av unionen fordi røynleg fridom berre kunne vinnast med blod. Ein mann etter OL-grunnleggjar baron Coubertins smak (s. 814), like fylt av Henri Bergsons vitalisme som nokon samtidig fransk general.

Det er ikkje brota som er framståande i «den nyttige idretten». Det er kontinuiteten. Som Slag­stad skriv, avløyste det eine disiplineringsprosjektet det andre. Og den sosialdemokratiserte kommunisten Rolf Hofmo i Statens Idrettskontor i 1950-åra er den rettkomne arvingen etter «militær­demokraten» oberst Hegermann på Eidsvoll. Ikkje berre i eit disiplinerings­perspektiv, som Slagstad peikar på. Han er det institusjonelt. Em­betsmannsstaten er daud. Embetsmannsstaten leve.

«Den evige krig»
Og embetsmannsstaten er eldre enn 1814. Det var den staten som skreiv Grunnlova. Men sidan norske historikarar, også Slag­stad, har det med å gjera regimeskiftet i 1814 til eit systemskifte – eit strukturhistorisk skilje – vert det seipske perspektivet for snevert. I norsk politisk historie er 1660 framleis det skilsetjande brotet. Det var då salig Frederik III innførde den «evige krig» – perpetuum bellum – ein stat som hadde som nest viktigaste mål å syta for at samfunnet til kvar tid skulle kunna stetta krigens krav. Ingen middel vart verande uprøvde i mobiliseringa av folket mot dette målet. Det vere seg røysterett til bønder og ålmenn verneplikt i 1814, idrett og skyttarlag i siste halvdel av 1800-talet eller helse­arbeid då moderne medisin ved inngangen til 1900-talet gjorde det mogeleg å gjera noko med folks helse. Det viktigaste, om ikkje einaste, skiljet i offentleg politikk mellom byrjinga og slutten av epoken Slagstad skildrar, er at helse har avløyst frelse som overordna målsetjing for offentleg politikk.

Den modellen som etter mitt syn best forklarar norsk politisk utvikling, er faktisk tesen om «reaksjonær modernisme»; utvikla for å forklara syndefallet til den tyske nasjonen, men samstundes den einaste truverdige modellen for forklaring av transformasjonen av militærstaten på 1700-talet til den sosial­demokratiske velferdsstaten på 1900-talet. Denne byråkratiske militærstaten var støypeforma idéane attom 1814 storkna i. Han vart ei livsform, ein kultur i tydinga måten ting vert gjorde på. 1884 og 1935 var regimeskifte, men ikkje brot med tradisjonen frå militærstaten.

MUREN OG SPORTEN
I dette perspektivet vert «sporten», konkurranseidretten, slik han braut seg fram rundt 1900, det første røynlege symptomet på eit sivilsamfunn i Noreg; nett fordi han var «upolitisk» og individorientert. Alle tidlegare folkerørsler var kollektive og anten skipa av øvrigheita, misjonen, eller oppretta for å nå overordna politiske mål, fråhalds-, arbeidar- eller målrørsle. Motsetnaden til eit sivilsamfunn tufta på upolitiske og individorienterte organisasjonar er til dømes Weimar-Tyskland eller Libanon.

Gjennombrotet for sporten i Noreg fell saman i tid med at Frederik IIIs perpetuum bellum slutta over natta 9. november 1989. Ikkje fordi nokon ville det slik. Gud forby. Men fordi det ikkje var fiendar att å bu seg på krig mot. Med Muren fall også dei gjerda denne staten sette på utfaldinga av det ut­­agerande, «ekspressivt-performative» i norsk idrett. Sporten i Noreg fekk lov til å utfalda seg på eigne premissar – som er lysår unna den olympiske konstruksjonen og den militære disiplinen – og som liknar meir på korleis dei gjer det i Brasil enn i Noreg.

Det Slagstad har gjort i (Sporten), er å overtyda meg om at 1989 er eit like konstituerande skilje i norsk politikk som 1660. Og i fråvære av perpetuum bellum vert politikken redusert til brød og sirkus, velferd og events. Med Trond Giske som ein eventminister, å likna med ein romersk politikar som gav sirkusleikar for å takka for valet.

På den andre sida treng ikkje ungdomen lenger bu seg på 100 meter stålstorm – som Ernst Jünger meinte var den ultimate ekstremsporten.

Pål H. Bakka er statsvitar og fyrste­bibliotekar ved UiB og fast sakprosameldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake