Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


– Dårleg dømekraft å droppe Hegnar-saka

Av Svein Gjerdåker
,  20.11.08


I februar melde han dei ansvarlege for nettstaden til politiet.

– Påtalemakta hadde no eit eineståande høve til å fylla eit juridisk tomrom og få ei rettskjenning som trekte opp grensene for redaktøransvaret for nettstadene. Det tok dei ikkje, seier Bernt Hagtvet. Saka starta med at Dag og Tid hadde ein gjennomgang av debattane på nettstadene til mange norske aviser etter at Ramin-Osmundsen måtte gå av som statsråd. Det var svært mykje grums å lesa – også på VG-nett og Aftenpostens nettsider. Men Hegnar Online var i ein heilt eigen klasse. Der florerte det med reint rasistiske innlegg. Dette fekk Bernt Hagtvet til å melda Hegnar Online til politiet.

– Denne saka bør no raskast mogleg bringast til høgste nivå i påtalemakta, for dette er eit område som ropar etter rettskjenning. Saka kan ikkje stoppa med dette.

– Har du høyrt noko frå politiet etter at du melde saka i februar?
– Ingenting. Ikkje eit brev, ikkje ein telefon, ikkje eit spørsmål. Ingenting som dei bed meg utdjupa eller leggja til.

– Kvifor trur du dei har avvist saka?
– På grunn av dårleg dømmekraft og manglande innsikt i det prinsipielle i dette temaet. Skiljet mellom nettsider og papirsider er eit kunstig skilje. Det er det denne saka dreier seg om. Det har ikkje politijuristane klart å få med seg. Det er provoserande.

– Ytringsfridomen har aldri vore absolutt. Han har alltid vore inngjerda av andre omsyn, til dømes personvern, injurielova, omsyn til offentleg ro og orden, militære løyndomar og så vidare. Men plutseleg skal ein no etter den nye medieteknologien altså gå inn for absolutt ytringsfridom på nettet. Det er heilt uansvarleg.

– Bør Stortinget ta tak i denne saka?
– Sjølvsagt. Det som i siste instans står på spel her, er kor funksjonsdyktig det norske demokratiet skal vera. Om ein tillet ein slik understraum av forakt, brennmerking og fordommar å flyta fritt, vert det gjeve ein slags sanksjon frå storsamfunnet om at slike ytringar er legitime.

– Eg merkar meg no på nytt med undring det demokrati-omgrepet som Hegnar Onlines «redaktør» legg for dagen, nemleg å sleppa til det absolutte botnnivå av ytringar. Men ideen om eit representativt demokrati er ikkje slavisk å avspegla alle moglege fordommar. Ideen er å bringa fram det beste – ikkje dei lågaste impulsane.

– Kva trur du motiverer styreformann Trygve Hegnar når han slepper til slike ytringar?
– Pengar. Om Hegnars redaktørar er så opptekne av ytringsfridomen – kvifor lyftar dei då ikkje ytringane frå nettstaden rett inn i papiravisa? Men det dette dreier seg om for Hegnar, er å få flest mogleg treff på desse sidene slik at dei skal gjera seg mest mogleg attraktive og slik få flest mogleg annonsekroner. Avkledd all retorikk er det dei mest vulgære pengeomsyn som driv Hegnar.

– Men av omsyn til injurielova vil eg helst ikkje seia noko meir om Trygve Hegnar nett no.

– Klager du saka inn til statsadvokaten?
– Ja, sjølvsagt.


– Vi har ingen lovheimel
Politiet meiner det ikkje er grunnlag for å tiltala Trygve Hegnar og Stein Ove Haugen i Hegnar Online.

– Vi legg vekk saka på grunn av mangel på lovheimel, seier politiadvokat Morten Bentzrød.

– Er det ein absolutt mangel på lovheimel, eller er det slik de tolkar det?
– Eg kan ikkje vera med på å kategorisera grunngjevinga slik.

– Så det var ingen sjanse for at denne saka kunne førast vidare?
– Vi knyter dette opp til noko så grunnleggjande som legalitetsprinsippet: Skal ein dømast, skal det skje etter heimel i lova, provsbøra og at all rimeleg tvil skal koma den tiltalte til gode. Difor må saka leggjast vekk.

– Har de konfrontert saka med juridisk ekspertise på anna hald, til dømes universitetet?
– Vi har orientert oss godt i det juridiske landskapet om kva juristar har sagt i dette spørsmålet, men vi har ikkje konsultert andre juristar spesielt.

– Er du samd i at Hegnar Online har formidla rasisme?
– Ja.

– Ei kommersiell nettside skal altså kunna vidareformidla rasisme utan noko som helst eigeansvar?
– Eg kan berre svara at politiet ynskjer ein klarare lovheimel når det gjeld redaktøransvaret.

– Trykkjer eg slike rasistiske utsegner i avisa, vert eg dømd. Kva er skilnaden på papir og nett?
– Rettstilstanden er ulik.

– Alle juristar er ikkje samde i det?
– Juristar har ulike ståstader. Min ståstad er påtalemakta sin, og slik vi ser det, er det ikkje grunnlag for tiltale.


– Eg byggjer berre vegar
– Det er snart berre professor Hagtvet som ikkje skjønar kva dette dreier seg om, seier Stein Ove Haugen, ansvarleg redaktør i Hegnar Online.

– Politiet veit at det ikkje er vi i Hegnar Online som skriv på forumet. Dei skjønar dette. Eg trur det snart er berre Bernt Hagtvet som ikkje gjer det, seier ansvarleg redaktør i Hegnar Online, Stein Ove Haugen.

– Det kan ikkje vera slik at om nokon køyrer for fort, skal ein melda dei som har bygd vegane. Ein kan heller ikkje saksøkja dei som eig doveggen for ytringar som måtte stå der.

– Greitt, men du gjer no meir enn det. Du tilrettelegg, plasserer det under logoen dykkar og ordnar det slik at folk lett kan finna fram til ytringane. Du driv klassisk redaksjonell verksemd?
– Eg byggjer vegar og tilrettelegg for at folk skal kunna køyra på dei. Ein kan ikkje melda meg til politiet av den grunn.

– Denne vegmetaforen gjev lite innsikt. Er det ikkje Telenor som har bygd vegen din? Du tilrettelegg og formidlar meiningar på lik line med andre medium.
– Nei, det er ikkje rett. Vi har bygd ein veg som det er lov til å køyra på gratis – ein motorveg for diskusjon på nettet. Vegen er det vi som har bygd, ikkje Telenor.

– Du seier at de slettar dei verste innlegga – altså redigerer de?
– Nei, vi har ingen redaksjon. Det er moderatorar som slettar.

– Som de har hyra inn? Eg skjønar ikkje skilnaden.
– Dei slettar basert på trafikkreglane vi har laga. Dette bør du skjøna. Og det er ingen redaktør eller journalist som gjer vurderingane, men moderatorar.

– Trafikkreglane dine er det vi andre i media kallar redaksjonelle reglar.
– Nei, der tek du feil.

– OK. Hagtvet klagar no saka til statsadvokaten?   
– Det må han berre gjera, men eg reknar med at statsadvokaten òg avviser saka. Dette er i ferd med å verta ein komedie, og det er snart berre professor Hagtvet som ikkje skjønar det. Det er heilt på jordet. Eg veit ikkje kva han er professor i, men det er i alle fall ikkje logikk.

– Det er klart for alle som skriv på forumet, at dei sjølve står ansvarlege for ytringane sine. Slik er det med ytringsfridomen i Noreg. Det må no vera meir interessant for professoren å få tak i dei som kjem med ytringane?

– Om ein ikkje kan utfordra ytringsfridomen, så er det heller ingen ytringsfridom. Er det store overtramp, så slettar vi det, men det er det ikkje professor Hagtvet som skal avgjera.

– Vel, det er nok av ting å ta tak i for professoren òg.
– Du, er du journalist forresten? Eg får inntrykk av at du inntek ei anna rolle.

– Eg er redaktør, men journalist i dette tilfellet. Men eg er likevel klar på at eg aldri ville ha redigert ei nettside slik du gjer det. Det du gjer, er heilt uansvarleg.
– Eg skjønar at redaktørar ikkje ynskjer at folk skal sleppa til med meiningane sine. Vi vil ikkje knebla ytringane til folk. Vi slettar så fort vi kan ting som er i strid med norsk lov.

– Det er vanskeleg å sjå. Men vi snakkast i neste runde etter at statsadvokaten har sagt sitt.
– Ok. Ha det.
– Ha det.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake