|
|
Den nye politiske klassen Av Morten Søberg, 30.10.08 Korleis pregar statssekretærane norsk politikk? I byrjinga, i 1947, la Stortinget til grunn at «viktigere saker» alltid må avgjerast av statsrådar, ikkje statssekretærar. I dag tenderer røyndomen mot ein løyndom: Kva saker statssekretærar avgjer, korleis dei brukar fullmaktene sine, kvar dei er i det politiske landskapet – alt dette er mest lik dis og tåke i det offentlege romet. Kven veit – kan henda er statssekretærordninga eit ekspanderande kraftfelt der berre yttergrensene somtid er synlege: til dømes i eit fotografi, ei tekstmelding og eit e-brev: Fotografiet var råma inn og hekk på veggen attom pulten til statssekretæren. I fokus: eit handtrykk, to underskrifter, ein internasjonal avtale. Statssekretæren hadde signert på vegner av kongeriket Noreg. Tekstmeldinga melde at det var ein statssekretær som var ansvarleg for den politiske godkjenninga av opsjonsopplegget til Hydro-styret våren 2007. Avgjerda løyste ut massemedialt rabalder og – meir alvorleg – open høyring i kontroll- og konstitusjonsnemnda med statsråden hennar same hausten. E-brevet opplyste om at to statssekretærar i lag med statsråd Eldbjørg Løwer «tok avgjerd om maktutgreiinga». Mellom anna om kven som skulle leia arbeidet med blant anna å «fokusere på hvordan det representative demokratiet og dets forutsetninger blir utfordret og påvirket». I sluttrapporten frå maktutgreiinga er det derimot ingen spor etter rolla, statusen og funksjonen til statssekretærane i dette representative demokratiet. Personkrins 46 Stortinget debatterte retningsliner for desse nye, politiske statssekretærstillingane den 7. juli 1947. Dei borgarlege partia var mot heile ordninga, Arbeidarpartiet og Noregs Kommunistiske Parti for. Til sist gav dei raude grønt ljos med 78 mot 41 røyster. Dinest vart statssekretærordninga skipa med kongeleg resolusjon den 11. juli 1947. Same dagen vart sju statssekretærar utnemnde – i Finans-, Forsvars-, Handels-, Kyrkje-, Landbruks-, Samferdsle- og Sosialdepartementet. Statsministerens kontor fekk statssekretær fyrst på nyåret i 1956. Under John Lyngs intermesso i 1963 vart det tilsett statssekretærar i nær alle departement. Her kjem Paul Thyness inn i biletet for fyrste gong: Han var statssekretær ved Statsministerens kontor i tidsromet 28. august–25. september. Meir om han om litt. Skikken med statssekretærar overalt vart dinest fylgd opp då Einar Gerhardsen skipa den fjerde regjeringa si etter at riksstyret til Lyng måtte ta hattane sine og gå. Kva meir? Ordninga med fleire statssekretærar i einskilde departement byrja under sentrumsregjeringa til Lars Korvald ti år seinare. Då var det eit bel to slike i Sosialdepartementet. Sidan: stendig fleire heimlar heile vegen. Grunnlov og orden Nær fire år før – den 1. juni 1976 – hadde statssekretærordninga vorte innskriven i grunnlova med 146 mot 9 røyster. Fire grunnlovsparagrafar vart endra. Eit av brigda gjorde at statssekretærar no kunne nominerast til Stortinget utan å seia opp stillingane sine. Motsett opna dette for at stortingsrepresentantar kunne utnemnast til statssekretærar. – Det vil bety at vi slipper de komedier vi har hatt med avskjed til statssekretærer som vil la seg nominere, og eventuelt gjenoppnevning av de samme etter at valget er foretatt og vedkommende ikke er nådd fram ved valget, sa Guttorm Hansen heilt på tampen av ordskiftet før grunnlovsendringane. Siste talar lydde namnet Carl I. Hagen. Han bruka ikkje lang tid og slutta slik: – Jeg skal ikke bruke mer tid, bare si at Anders Langes Parti vil stemme mot disse grunnlovsforslag fordi vi mener at ordningen med statssekretærer ikke er fornuftig. Utanom dei fire tingmennene frå Anders Langes Parti røysta tre frå Høgre, ein frå Senterpartiet og ein SV-representant mot å innlema statssekretærane i den grunnlovsfastsette organisasjonen av statsmaktene. Paul Thyness: A til Å Det er førebels den siste samla framstillinga av denne gruppa politiske aktørar her til lands. Der har eg henta dei historiske opplysningane frå, der låg grunnlaget for grunnlovsendringane av 1976 – og her kjem Paul Thyness attende i denne teksten: Thyness vart stortingsrepresentant for Høgre (Oslo) etter stortingsvalet i 1965. Den 12. november 1968 fekk han stortingsfleirtalet med på dette vedtaket: «Det henstilles til Regjeringen å ta opp til nærmere vurdering statssekretær-embedets funksjon og status, og eventuelt fremme forslag om hvorledes embedene mest hensiktsmessig kan innpasses i forfatningen.» Så, den 13. mars 1970, sette Borten-regjeringa ned eit utval som skulle gjera jobben. Guttorm Hansen var med frå byrjinga. I oktober same året drog Egil Endresen seg ut di han vart justisminister. Dimed kom Thyness med i staden. Nett Hansen og Thyness var det òg som den 22. september 1972 formelt fremja framlegg om grunnlovsbrigde som galdt statssekretærane: Dok. nr. 13 (1971-72). Brorparten av dei vart vedteken røyndom i 1976. I 1947 meinte den borgarlege opposisjonen at statssekretærordninga ville føra med seg ein «forfatningsmessig unødvendig anomali». Den borgarlege Thyness løyste derimot ut ei turvande konstitusjonell normalisering av rolla, funksjonen og statusen til statssekretærane – tufta på ny kunnskap, nye spørsmål og svar, nytt ordskifte. Rapport frå kontaktflata I 1980 vart Helen Bøsterud ein vellukka prøvekanin i så måte – tre år etter at ho vart vald til stortingsrepresentant: – Det er viktig også for statssekretærar å kjenna Stortinget. Dét gjer stortingsrepresentantar betre enn dei fleste. Motsett var tida som statssekretær nyttig då eg fyrst gjekk attende til Stortinget og seinare vart statsråd. Eg lærde uhorveleg mykje – eg vart politisk realitetsorientert. Eg spør kvifor ho like fullt vart ei einsleg svale: Liknande døme, tilsvarande politiske liv kan i alle fall teljast på éi hand. – Stortinget vakar over sin eigen posisjon og status, svarar Bøsterud. – Det ligg tungt over vatna at statusen til parlamentet må lida og partigruppene tappast for sterkt om for mange representantar vert utnemnde til statssekretærar. Difor er det meste som før 1976. Det same kan seiast om dette: Korleis styra rike og land? Ein sein haustdag i 1868 var det trollvêr i Jotunheimen: Det bles og snøa og regnde om einannan då Aasmund Olavsson Vinje, Ernst Sars og H. E. Berner rodde over Bygdinsjøen. Framom Torfinnsdalen og dei andre løynske tverrdalane busa stormen fram «uventande som til eit sideaatak fraa eit bakhald!» skreiv Berner i 1917. I dag er ikkje området berre nasjonalpark; ei av dei usynlege yttergrensene for mobildekkinga går òg oppe i Torfinnsdalen. Det røyner vi når ein av statsrådane ringjer til statssekretæren i fjellfylgjet. Statssekretæren lyt snu: Han går femti meter mot Oslo før han høyrer ordren om å venda attende til hovudstaden før tida. Sjølv har eg NOU 1974: 18 med i sekken. Der står det at eit anna mål med grunnlovsombøtene i 1970-åra var å utvida grensene for politisk og konstitusjonelt ansvar: oppheva vernet av statssekretærar andsynes Stortinget, draga dei inn i parlamentarismen for alvor. Slik skulle rike og land styrast – det er: betre. – Det har eg lita tru på, seier statssekretæren der og då i fjellheimen. – Ansvaret vil måtte verta pulverisert; tilhøvet mellom storting og regjering meir uoversynleg. I 1868 fekk Vinje derimot både Berner og Sars til å snu baken til, bøya seg og sjå på Falketind – «kjæraste-fjellet» – mellom føtene. Sumtid ser ein klårare opp-ned; også kva som bør rettast opp. Kodeord 1851 Eit liknande grunnlovsforslag la Guttorm Hansen og Paul Thyness òg fram i 1972. Meininga var at Stortinget skulle få heimel for å gje statssekretærane tilgjenge til Stortinget – og ikkje minst høve til å regulera dette. Slik ville Stortinget kunna underkasta statssekretærane parlamentarisk og konstitusjonelt ansvar. Under stortingsførehavinga i 1976 kjem det fram at Kongen – regjeringa – er imot dette. Då «bøyer jeg meg for det syn», konkluderer Guttorm Hansen i stortingsdebatten. Paul Thyness skriv i tilrådinga frå utanriks- og konstitusjonskomiteen at han framleis er for framlegget deira, men ser at det ikkje går. Litt samisk, elles stilt Eit pragmatisk unnatak er kan henda Senterpartiet: Dei gjekk til val tre gonger med lovnad om å oppretta ei statssekretærstilling for samiske spørsmål. Det vart røyndom då Bondevik I-regjeringa kom til i 1997. - Meir samane sin representant i regjeringa enn omvendt, kommenterer ein tidlegare statssekretær i sentrumsregjeringa. Alt i alt: Det parlamentariske kartet har lege fast sidan 1976 medan terrenget har endra seg. Stendig fleire utøvarar av utøvande makt opererer litt i løynd, mest bortanfor beinveges folkevald kontroll frå Stortinget. Slik er det. Slik bør det kanskje òg vera. Men ikkje sånn utan vidare – stilt og stillteiande, slik som no. Morten Søberg er sosialøkonom
« Tilbake |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|