Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


OL-floken i Tromsø

Av Svein Gjerdåker
,  02.10.08


Då OL-på Lillehammer fekk statsgaranti av Stortinget i 1985, skulle leikane kosta 1,1 milliardar, pluss 300 millionar til investeringar etter leikane var over, som Kultur- og vitskapsdepartementet la til. Totalt var statsgarantien på 1,4 milliardar. Willoch-regjeringa gjorde ikkje kontrollarbeidet sitt, slik Trond Giske og regjeringa har gjort denne gongen. Rekninga på Lillehammer vart til slutt på sju milliardar.

I god Lillehammer-tradisjon hadde OL-komiteen i Tromsø budsjettert med det halve av det leikane vil kosta. No syner derimot nye tal frå Veritas at staten må inn med 19 milliardar og ikkje 9 som komiteen presenterte i søknaden sin.

Men OL-entusiastane i Tromsø er ikkje lette å snu. «Vi kan ikke la oss psyke ut av en kritisk gjennomgang av OL-prosjektet. Det er uansett drømmene og håpene til folket i nord som er avgjørende for hvilken politikk vi skal føre, ikke revisorene», seier fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Bjørn Inge Mo.

Taleføre arbeidarpartifolk frå Tromsø kjem med klare meldingar: «Uansett ligger det fast at vi ikke aksepterer noe annet fra vårt eget Arbeiderparti enn at det går inn for en statsgaranti til OL-prosjektet i Tromsø», skriv Troms Arbeiderparti i ei pressemelding. Punktum.

Og dei får støtte hjå senterpartifolk – som òg verkar nærast upåverka av om budsjettet vert dobla. Det er fascinerande å sjå kor mykje enkelte politikarar og OL-entusiastar er viljuge til å bruka av statlege midlar. Her er det samla mykje folk utan blygskap for tunge statlege løyvingar.

Men OL-arrangementa har vakse ut av alle fornuftige proporsjonar og kan ikkje vera ei norsk statleg oppgåve kvart 25. år. Vi får overlata arrangementet til land som ikkje veit betre. Kina brukte 200 milliardar på sitt OL i sommar. London-OL har eit budsjett på 110 milliardar. Og Russland skal visst bruka 80 milliardar kroner på vinter-OL i 2014. Lykke til.





Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake