Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Seg sjølv meir enn nok

Av Agnes Ravatn
,  04.09.08


«Ei stygg og skitten negerjente – med hengjebrøst og ditto rumpe – stygg og avskremeleg». Slik var det teatersjef Hans Jacob Nilsen tenkte seg Anitra i 1946 då han ville setje opp ein heilt ny versjon av Peer Gynt. Solveig skulle spelast av «ei gamal kjerring med ei lita sprukken røyst», og Dovregubben og trolla skulle ikkje vera «grastufsar og julebukkar, men karikaturar av norske bønder med sidrompa skinnbrok».

I år er det seksti år sidan Nilsen og Det Norske Teatret synte fram den nynorske Peer Gynt, med nyskriven musikk av Harald Sæverud. Peer Gynt gjekk frå å vere eit nasjonalromantisk helteepos til eit avromantisert stykke om ein kjenslelaus kjeltring, og endra dermed synet på «skøyaren Peer» for all framtid.

Teatersjefen ville vise fram ein heilt ny Peer Gynt, slik han meinte Ibsen sjølv hadde tenkt seg han.

No har brevet Hans Jacob Nilsen sende Henrik Rytter, som sette om stykket til nynorsk, i 1946 dukka opp etter ei sårt tiltrengd opprydding på kontoret til dramaturg Ola E. Bø ved Det Norske Teatret. I brevet gjer Nilsen reie for korleis han meiner Peer Gynt har blitt feiltolka og feilspela heilt sidan Ibsens samtid. Særleg meiner han Griegs lyrisk-romantiske musikk – Grieg hadde elles lite til overs for Ibsens tekst – har ført til ein Peer Gynt som ikkje samsvarer med teksten. Nilsen kallar Peer Gynt eit falskt nasjonalsmykke: «Vi skal ikkje kjenne oss så ovarleg glade over at vi er så nær i slekt med han Peer!» Nilsen meinte Harald Sæverud var rett mann for oppgåva: Han var på sett og vis ein musikalsk ironikar, men samtundes med mykje poesi i seg.

Midt i den verste nasjonsbygginga i 1946 skriv Nilsen til Rytter: «Det skal skjera og svi, midt i all sjarme og fest – det skal jo gje oss noko å tenke på att, no i ei tid då vi er så store og tapre og rakrygga at det tek til å lukte».

I samband med oppsetjinga av stykket heldt Nilsen eit foredrag der han forsvarte vala sine for eit fullsett Studentersamfund. Her blei han skulda for både «hærverk» og «vanhelligelse».

– Nilsens Peer Gynt er ei av dei viktigaste oppsetjingane i norsk teaterhistorie, seier Ola E. Bø.

Oppsetjinga vekte stor harme blant mange, men blei etter kvart ein suksess. Bergens Arbeiderblad omtala stykket slik: «Grieg vil nok vende seg i graven, men Ibsen vil omsider komme til å ligge riktig!»– Etter Hans Jacob Nilsen sin versjon burde det vere tvilsamt kor ærefullt det eigentleg er å få Peer Gynt-prisen, seier Bø.

Prisen, som kvart år «deles ut til personer eller institusjoner som har markert seg på en positiv måte på det samfunnsnyttige plan, og som har gjort Norge kjent i utlandet», har gått til så ulike folk som Erik Bye, Bobbysocks og Kjell Inge Røkke. Truleg seier det noko om kor uklart bildet av Peer Gynt er i dag, sjølv etter Det Norske Teatret si oppsetjing.

Tar ein dei nasjonalromantiske førestellingane frå eit gjennomsnittsmenneske, er det ikkje godt å vite kva som er att.   

Her er brevet frå teatersjef Nilsen til omsetjar Rytter i sin heilskap:


26. november 1946, Stortingsgt. 16

Kjære Henrik Rytter!

Eg skriv til deg for å be deg hjelpe Det Norske Teatret med ei sak som kan bli ei av dei aller største i teatrets historie.

Det er slik at eg har fått retten til å føre opp «Peer Gynt» på Det Norske Teatret. Tancred Ibsen har berre sett to vilkår: at ein av våre fyrste diktarar vil setja om skodespeler – og at eg skal setja det opp og spela titelrolla.

Tenk kva dette vil ha å seia for Det Norske Teatret! Heretter kan vi spela t.d. «Kongsemnerne» og seinare andre stykke av Ibsen – og så kjem Bjørnson etter. «Sigurd Slembe» – kor fint ville ikkje det vera på nynorsk!

«Peer Gynt» trur eg skal bli ei stor-hending, ikkje berre for Det Norske Teatret, men av di eg vil freista å spela stykket slik det er tenkt – som satire, ikkje som nasjonalfestspel med «helten» Peer!

Eg meiner musikken til Grieg har snudd om heile stykket – av di musikken er lyrisk og ikkje på noko vis samsvarar med teksten. Ibsen var og sers misnøgd med musikken (August Lindberg) og Grieg like misnøgd med teksten (brev frå Grieg).

Eg vil ikkje ha alle desse opphald mellom dei ulike scenebileta, som bryt av spelet, gjer framsyninga lang og krev at ein må stryke mykje av teksta.

1. akt – eit fjellandskap på dreiescene spelar eg utan opphald til og med Åses død. Scena dreier eg etter som Peer vildrar rundt i draum og ørske – Seterjentene skal ikkje vera operasongarinner, men berre ville og manngalne jenter, Peers dagdraum, etter bruderovet – Dovregubben og trolla skal ikkje vera grastufsar og jålebukkar, men karikaturar av norske bønder med sidrompa skinnbrok, «tvisyn» og seg sjølv nok – Kattemusikken er ein parodi på hardingfela.

Når Peer kjem til Aase, er det fyrste han seier då han høyrer ho skal døy «Nå igjen, jeg trodde jeg her var fri». Og så set han seg – etter Ibsens scenemerknader – med ryggen til mora og lyg seg sjølv burt frå dette, som han alltid gjer når det er noko som møter han i livet, som krev styrke i sinnet.

Musikken til Grieg – så vedunderleg mjuk og vakker – vrid heile scenen rundt, så at ho ikkje kan spelast annarleis enn slik ein no gjer det – som ei kløkkjande og harmonisk avskilsscene mellom mor og son. Nei – hardt og brutalt skal det vera, midt oppi all sjarmen til Peer skal ein kjenne ei kall frysing over kor kjenslelaus han i grunnen er – eller rettare har vorti etterkvart som han fekk fleire og fleire mot seg, og kom i opposisjon til alt og alle. Vi har sett mange døme på slikt dei siste åra!

Så kjem vi til Afrika, ein ørkendekorasjon med sfinxen og dårehuset bak ein pyramide. Anitra er no alltid på teatret ei herleg ung kvinne – vakker og harmonisk – og kan ho vera annarleis når musikken set inn med sin rokoko-fine melodi – «Anitras dans» – Kva står det i teksta? «Føttene er ikke ganske rene – ikke armene heller, især ikke den ene, og – «hun har noen ekstravagante former – ikke ganske stemmende med skjønhetens normer». Altså: Ei stygg og skitten negerjente – med hengjebrøst og ditto rumpe – stygg og avskremeleg, men, ho er hodyret – og Peer vil ha ho som han villa ha «den grønklædte». (Rolla bør etter mi meining spelast av same skodespelarinna). Musikken skal vera negermusikk slik som dei høyrer på Casino de Paris i mellomaktene når dei kjem inn i eit lite rom «for herrar» og ser på magedans. – Og slik skal og Anitra danse.

Begriffenfeldt skal spelast av same som spela Dovregubben, her berre «kultivert» og enno meir vridd og skeiv i sinnet –

Vaktarane skal likne trolla – i andlet og lite grann i kleda – og ved eitt skal Peer kjenne seg att. Då vert han så redd at han svimer av. Halvt galen sjølv midt oppe i alt dette skeive og vrangsnudde som er så mykje av han sjølv.

Siste akt. Ein tek alltid bort prestens tale. Den skal vera med. (likeeins guten som skjer av seg fingeren i fyrste akt) og alle samvetsrøystene som talar til Peer. Dei er aldri med av di det er musikk til. Ein høyrer ikkje kva dei syng og så tek ein det like gjerne burt. Og dette er noko av det viktigaste i heile Peer Gynt!

Der skal ein berre sjå andletet på Peer, og medan alt fell og sig ned – ned – lauvet, dropane, og nysto trillar etter jorda, alt dreg han nedover, ser ein andletet hans og høyrer røystene og så skjønar ein at no er han endeleg på veg til å gjera opp rekneskapen med seg sjølv.

Så kjem det endeleg naturleg: nei!» dennegang – tvers igjennom var veien aldri så trang.»Og så – Solveig – ei gammal kjerring med ei lita sprukken røyst (ikkje ei operasongarinne som set i til stort orkester).

For fyrste gong har ein så fått sjå Peer Gynt slik at den beiske meininga til Ibsen kjem fram – og for fyrste gong skal dei som har sett framsyninga gå heim som frå andre Ibsen-stykke, og kjenne seg personleg anklaga – kjenne ei trong til å gjera opp med seg sjølv!

Eg har vori så oppglødd for denne tanken på å gje Peer Gynt «for fyrste gong» – at eg ikkje har kunna slå det frå meg. Og etter at eg hadde tala med Tancred Ibsen om saka fleire gonger, og Hans Heiberg har skrive at det burde spelast på Det Norske Teatret, har han no endeleg gått med på dette.

Det er no slik at eg trur nynorsken vil gje heile stykket noko friskt og ekte. 4/5 spelar ein i bondemiljø, og eg trur det er ein stor føremun at alle «sitat» kjem att i ei ny form. (Eg såg det ved Hamlet – det gav heile stykket ei ny frisk tone). Her vil det verka som ein revolusjon! Det er dessutan noko meiningslaust i dette at ein kan spela Ibsen på indisk, japansk, tyrkisk og kva du vil – men ikkje på nynorsk før no!

No er det at eg bed deg ta på deg dette veldige verket – å setja om «Peer Gynt». Eg veit ingen annan som kan gjera det så ekte, kraftig og friskt og samstundes halde fast tonen til Ibsen. Du må gjera dette – og set du deg til med det same så skulle du vel greie det på 3-4 månader. Eg vil setja opp stykket så snart råd er – og det er nausynt å ha det ferdig i god tid – såleis omkring 1. april.

Eg veit det er eit stort ansvar både du og eg tek på oss med dette, men eg vågar det av di det er mi faste tru at vi med det vil slå eit stort slag for eit diktarverk som har vore fuska med frå fyrste stund, og som har vorti eit falsk nasjonalsmykke. Det skal skjera og svi, midt i all sjarme og fest – det skal gje oss noko å tenke på att no i ei tid då vi er så store og tapre og rakrgga at det tek til å lukte. Vi skal ikkje kjenne oss så overleg glade over at vi er i så nær slekt med han Peer!

Dette er førebels ein stor løyndom – du lyt halde heilt tett!

Men så snart eg har ditt svar kan eg skrive kontrakt med Tancred Ibsen, og då kjem den største dagen for Det Norske Teatret til no. Å hei, kor vi skal arbeide for å få denne framsyninga til å stå fast som fjellet!

Svar meg fort – og svar ja!

Din
Hans Jacob Nilsen




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake