Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Attende til antikken

Av Solveig Aareskjold
,  21.08.08


TEATER
Desse auga
av Jon Fosse
Regi: Oskaras Korsunovas
Rogaland teater

Norsk utandørsdrama har helst dreia seg om uforpliktande kostymeframsyningar om vikingar og andre fortidsvesen. Men Desse auga av Jon Fosse, som hadde premiere på Lundsneset nord for Stav­­anger no i denne veka, tek i fullt alvor opp arven frå det antikke friluftsamfiet og siktar rett mot kjernen i det å vera menneske.

I Hellas kunne dei alltid rekna med solskin i teatersesongen. Her nord er vêret eit ekstra spenningsmoment. Ved denne oppsetjinga blei det nytta til fulle ved at me først måtte gjennom ei lang vandring gjennom kulturlandskap og milde regnbyer, ein oljehyrekledd prosesjon til forsoning med jord og klima. Dess større var kjensla av himmelsk nåde då skyene gleid til sides og Boknafjorden låg og skein i hertervigsk blåtone.

Smakfull scene
Aldri har menneskeauga skoda finare teaterscene: til høgre ein smakfull orkesterpaviljong av glas, til venstre ein eventyrskog full av tussefolk, i bakgrunnen fjerne fjell. Kring nokre sølvblanke installasjonar på den glitrande vassflata svevar fire Edvard Munch-aktige kvinner og menn før dei langsamt og bibelsk kjem skridande inn mot land.

Der inne blir det straks meir fart i dei. Den unge jenta stormar omkring i yr forelsking og endå yrare glede ved nettopp å ha oppdaga at ho finst, at ho er fødd, at ho er. Den unge mannen opptrer med større atterhald, men like inderleg undring. Vona om ei sorgfri framtid kjem til syne i dei eldre utgåvene av dei to, så lette og ledige at det er som om livet skal gå sin gang utan sår, utan vanskar. Det einaste som skaper uro, er ein svart skugge som heng omkring og insisterer på at han har vore der sidan opphavstida og skal bli verande i all æve.

Etter det søte ungdomssvermeriet følgjer eit stormfullt samliv. Tussepakket frå trollskogen myldrar inn på scena i vill ballett. Dei elskande misser einannan i tummelen, slik det kan skje når barn, slekt og arbeidskollegaer krev altfor mykje merksemd. Og ein demonisk framandkar lokkar kvinna i freisting ved å dansa fram som ein forførande garborgsk haugkall.

Ror seg i land
Ektemannen ropar på kona si, at ho skal koma, og ho svarar at ho kjem. Men dei andre held henne fast så ho ikkje kan røra seg av flekken. Då får han endeleg samla seg til eit avgjerande storverk og dreg henne tvers gjennom alle dei stengjande kroppane slik at dei rullar bort under henne.

Så døyr ho likevel frå han. I den tredje livsfasen sit han åleine igjen og ser seg tilbake med desse auga som stykket har fått namn etter.

Etter ei bråkete massescene kan ei påfølgjande stille gjera dramatikken endå meir intens. Det kunne òg ha skjedd når den gamle hustrua prøver venda tilbake frå dødsriket som ei anna Evrydike. Men det rotar seg bort i ein dragkamp utan ende mellom henne og den svarte skuggen, ei føremålslaus trakking att og fram mellom sjø og land, mens eit altfor høglydt orkester nær på druknar den einstonige Fosse-dialogen.

Til all lukke greidde ikkje denne unødvendige fomlinga i ein elles feilfri regi å køyra stykket på grunn. Då skodespelarane steig fram i samla flokk for å ta mot applausen, var lekkasjen tetta, og gleda ved å hylla dei medverkande utan atterhald. Og i mørkret etterpå stod menn og kvinner med tende faklar og lyste oss tilbake til parkeringsplassen.

Solveig Aareskjold er forfattar.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake