Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Iran som den gode fiende

Av Roald Helgheim
,  21.08.08


Orda er ikkje mine, men dei opnar ein artikkel av Thomas Powers, forfattar av to bøker om CIA og amerikansk etterretning og av andre bøker, og skribent i The New York Review of Books. I mai stilte han spørsmålet «Iraq: Will We Ever Get Out?». Denne gongen er tittelen «Iran: The Threat». Det er ikkje berre i Det kvite huset politikarane har mist evna til å tenkje klart. Den krigshissande retorikken mot Iran møter veik opposisjon i det demokratiske partiet, der Israel-lobbyens mest trufaste støttespelar Hillary Clinton like før ho tapte for Barack Obama, truga med at USA kunne utslette Iran dersom landet truga Israel. Etter nokre pliktmessige ord om fredeleg løysing, insisterer også Obama på at eit USA-åtak mot Iran må vere ein av mogleikane som «ligg på bordet».

Sjå bort frå spørsmålet om USA moralsk eller «legalt» kan rettferdiggjere ein krig, meiner Powers. Sjå heller konkret på spørsmålet om å gå til åtak på ein nasjon med 70 millionar innbyggjarar, eit land som kontrollerer transporten av 40 prosent av oljestraumen i verda gjennom Hormuz-stredet, og tenk på kva det vil seie, i praksis, å gå til ein åtakskrig mot eit så stort og mektig land som sjølv ikkje har starta krig, men som opplevde at USA støtta Saddams krig mot Iran. Herbert Pundik i Politiken konstaterte nyleg at trugsmåla mot Iran no er ein amerikansk bløff som ikkje lenger står til truande, og som president Mahmoud Ahmadinejad har avslørt for lenge sidan. USA gjorde jobben for Iran med å gå inn i Irak og styrte Saddam Hussein, den einaste motvekta mot Irans hegemoni i Midtausten og Golfen, og sette inn eit Iran-venleg styre i Bagdad.

Då Bush etter Annapolis-fiaskoen i fjor haust drog til Midtausten i januar for å gjere sine hoser grøne, oppdaga han at land han trur er USAs allierte, framleis ser på USA som ein mykje større fare enn Iran. Det han oppnådde, var ein våpen­avtale med Saudi-Arabia, mens Irans president vart invitert til den årlege konferansen i Rådet for samarbeid mellom Golf-statane, eit råd som vart skipa som ein reaksjon på Khomeini-revolusjonen i 1979! Den historiske rolla USA i moderne tid har spela i Iran, starta med eit CIA-støtta kupp mot det lovleg valde Mossadeq-styret i 1953 og innsetjinga av sjahen på trona. At det er USA som dermed er den historiske rota til utviklinga i landet, har også den opposisjonelle nobelprisvinnaren Shirin Ebadi slått fast. Og som også Thomas Powers peikar på, sa Ebadi at med den uforsonlege USA-linja mot Iran når landet hadde ein meir moderat president, skadde dei ikkje berre opposisjonen, men hjelpte Ahmadinejad til makta.

At israelarar kjenner seg truga av retorikken til Ahmadinejad, er lett å forstå. Men det fiendebiletet av Iran som tilmed får europeiske nasjonar til å gje plass til eit amerikansk rakettskjold i Europa retta mot «det iranske trugsmålet», har lenge funne grobotn over midten av det politiske spekteret i vest, også etter øydelegginga av Irak. Thomas Powers slår kaldt fast at ei omfattande bombing av Iran åleine ikkje vil føre til kapitulasjon. Neste steg vil bli invasjon, øydelegging av den iranske hæren, okkupasjon av Teheran og innsetjing av eit nytt regime. Det har faktisk vore diskutert, samstundes som verda har røynt at atommakter same kven dei er, ikkje har brukt våpenet. Ikkje sidan USA sjølv gjorde det, i det vi i dag ville kalla eit brotsverk mot menneskeætta. Atomprogrammet til Iran vart sett i gang under sjahen, og trua på at Iran vil ha bomba som eit trugsmål for å dominere Golf-regionen, er ei mistyding av rolla atomtrugsmålet har spela tidlegare. Som diplomatisk pressmiddel er dei ubrukelege, «men dei er ekstremt effektive når det gjeld å hindre storstilte åtak».

Thomas Powers skriv at 11. september 2001 skapte ein politisk Dirty Harry-kultur under Rumsfeld der normale freistnader på problemløysing vart bytte ut med ein politikk utan varsemd i bruken av makt. Og det er tankevekkjande å lese at opposisjonen mot åtak på Iran ikkje kjem frå Kongressen, men frå Pentagon. Då administrasjonen planla å sende ei tredje flyvåpengruppe til Femte flåte i den persiske Golfen, vart det blokkert av den då ferske sjefen for den sentrale kommandoen, admiral William Fallon, som sa at krig mot Iran «kjem det ikkje til å bli på mi vakt». Til han gjekk av i mars, underminerte han stadig den tøffe tonen til administrasjonen og sa til Financial Times at «den konstante tromminga for å lage konflikt er verken hjelpande eller brukande». Seinare har Fallon også reist med kritisk blikk i Afghanistan. Forsvarsminister Robert Gates var snøgg med å seie at Fallon gjekk av friviljug, men Powers meiner Fallon har medverka til ei meir kritisk haldning i Pentagon til nye krigseventyr. Han samanliknar krigshissinga mot Iran med den katastrofale opptrappinga av Vietnam-krigen under Robert McNamara og Lyndon B. Johnson i 60-åra, basert på like falske premiss som invasjonen i Irak.

Vietnam var eit historisk nederlag og ein lærdom så dyr at han martrar USA den dag i dag. No snakkar amerikanske embetsmenn om å ha ein representasjon i Teheran frå september, den første sidan presterevolusjonen i 1979. Iran duger ikkje lenger som «den gode fiende». Det bør både presidentkandidatar og andre merkje seg.

Roald Helgheim




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake