Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Skjønnånd mot kvardagsmodernist

Av Svein Gjerdåker
,  21.08.08


Ryktet hadde forfalska profilen til Olav H. Hauge, skriv Asbjørn Aarnes i boka Tid å hausta inn, som kom ut på Samlaget denne veka. Aarnes meiner Hauge korkje var primitivist eller materialist slik omtalen av han i 1960- og 70-åra hevda, men snarare ein åndsrealist med religiøse antenner. Hovudansvaret for denne forvrenginga legg Aarnes på Jan Erik Vold og Profil-miljøet.

Frå to kantar
Vold og Aarnes er to av våre største lyrikkformidlarar. Men frå to ulike kantar: Aarnes, seksten år eldre, rett frå A. H. Winsnes til Morgenbladet, Blindern og Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur; Vold frå poesistudium i California og Uppsala til Profil, Vinduet og Basar. Den eine frankofil skjønnånd, den andre pragmatisk kvardagsmodernist. Begge med tung kunnskap om poesi. No står dei midt i ein strid om kva for verdiar som skal vektleggjast i diktinga vår.

Einsidig
– Den einsidige satsinga frå Vold og Profil-miljøet på det denne­sidig enkle hjå Hauge har fortrengt den andre sida av han, seier Aarnes til Dag og Tid.

– Profil-miljøet har forvrengt Hauge og gjort han til ein livskunstnar på den «rette» sida mot overklassen. På denne måten tok Profil frå det norske folket den eigenlege Hauge. Dei flådde han og lét oss få berre det enkle eplefrøet.   

– Men du var fast poesimeldar i Morgenbladet på denne tida. Du kunne jo sjølv ha lyft fram Hauge? Det går ti år frå diktet «Gullhanen» i 1950-åra til Vold skriv noko som helst om Hauge?
– Eg forsømde meg. Eg høyrde ingenting om Hauge på denne tida, og nynorskbøkene gjekk ikkje til meg.

– Men han fekk Kritikarprisen i 1961, og du vanka i poesimiljøa. Gjekk det ikkje noko rykte om at her var det ein du burde lesa?
– Svaret er nok at livsfaren riksmålet stod i, påverka det eg las. Eg hadde mine fire store: Boyson, Gill, Reiss-Andersen og Alf Larsen. Eg skreiv ustanseleg om desse. Og når Rolf Jacobsen oppmoda meg på slutten av 60-åra om å lesa Hauge, gav ikkje det noko inntrykk. Då hadde folk som eg stod langt frå og som hadde vore ei plage for meg, gjort at eg ikkje hadde noka interesse av Hauge.

– At eg ikkje skreiv om Hauge, er eit myrkt kapittel i livet mitt som eg angrar på.

Klårgjering 1
– For at vi betre skal skjøna denne striden du har starta med Vold: Kva syn har du på poesi?
– Eit dikt må vera av eit slikt slag at det ikkje kan tolkast eller seiast på ein annan måte enn det som står i diktet. Hjå Hauge er det mykje som kan seiast på ein annan måte. Desse dikta fell utanfor poesien etter mitt syn. Men så er det mange dikt som er så fint forma at ein om og om att må gripa tilbake til teksten for å koma vidare.

– Kvar vil du plassera Hauge?
– Han er ustabil. Det er for mykje prat, snakk og forteljing som ein kan drøyma vidare på sjølv – som dei om sagi, hoggestabben og katten – yndlingsdikta til Vold. Men den store poesien kan ein ikkje drøyma vidare på, den er ikkje til å rikka. Dei enkle dikta hjå Hauge er ikkje dårlege, det er ikkje det eg meiner, men det er ikkje døme på framifrå poesi. Det er ikkje mange som har skrive så dårlege dikt som Olav Nygard, men samstundes har han skrive ei handfull dikt av verdsklasse. Slik er det med Hauge òg.

– Kvar er dei gode dikta?
– Dei finn ein mellom sonettane. Og «Gullhanen» står som den lysande stjerna. «Gartnaren drøymer», som ikkje er ein sonett, set eg òg svært høgt.

Klårgjering 2
– Eg har eit anna poesisyn enn Aarnes, seier Jan Erik Vold.

– For meg er ein poet ikkje ein som har skrive ei viss mengd dikt i meisterklasse. Eg les ein poets samla verk som ein «roman». Nokre dikt er betre enn andre, men sterkast er heilskapen.

– Då eg var på universitetet i USA tidleg i 60-åra, vart eg slått av ei anna haldning til poesien enn den eg hadde møtt i Noreg. Ein skulle ikkje lesa eitt, fem eller sju dikt av ein diktar, men heile verket. For ein poet er det ikkje tale om å skyta blink eller nesten blink, men noko som startar ein stad og utviklar seg.

– Dikta til Hauge kan lesast som ei storslått forteljing om ein mann som både sansar og tenkjer gjennom eit langt liv. Difor må vi lesa «Gullhanen» frå 1956 i ljos av både det som kom før og det som kom etter. Hauge polemiserer sjølv mot den opphøgde haldninga, som Aarnes står for, i diktet «Kor lenge har du sove?» frå 1980: «Dette vågar du, / slå augo upp / og sjå deg ikring? / Jau, du er her, / her i denne verdi ...» Det skal mykje til for å skriva så enkelt. At han har vunne fram til denne enkle forma, er ein del av Hauges poetiske verk og stordom, som vi andre kan ta del i. Difor les vi diktet «Sumarmorgon i Ulvik» frå 1938, som stod i seinaste nummeret av Dag og Tid, med interesse. Ikkje fordi det er verdas beste dikt, men det var der diktaren byrja før han kom ut, som vi veit, på ein heilt annan stad.

– Eg tenkjer ikkje som Aarnes på gullmedaljar, men på eit større organisk syn på kva eit poetisk livsverk er. Men eg har respekt for hans syn på poesi og har ofte sitert hans synspunkt både på Reiss-Andersen og Rimbaud og vinkla det mot mi eiga oppfatning.

– Eg er samd i at «Gullhanen» er sentral i Hauges verk, men det som strålar ut frå det senteret, har vi ulikt syn på. At eg skal ha forkludra Hauge og gjort han mindre enn han er, skjønar eg ikkje. Aarnes talar om Profils «materialistiske» syn. Men eg er korkje materialist eller ikkje-materialist. Eg veit at «ånda» finst. Og at «materien» finst. Eg veg dei begge likt og søkjer balanse.

Ut or berget
– Men har du skrive om «Gull­hanen»?
– Ja, i 1967 i Samtiden, i den fyrste artikkelen eg skreiv om Hauge. Der dreg eg opp lina frå Hauge som ekspresjonist fram til Hauge som tingdiktar.

– Kva med sitatet som Aarnes dreg fram, om at du påla diktaren å slutta å tenkja «og gi deg hen til tingene i verden»?
– Dette er Aarnes’ tolking. Eg har alltid vore atterhalden med velsigninga av det «nyenkle». Vi har nok av flate dikt. Det forfriskande med Hauge er at han kom frå ei kompleks livsrøynsle og nådde fram til ein enkel måte å seia tinga på.

– Mitt svar til Aarnes er at eg såg i 1966 at Dropar i austavind var noko heilt nytt. Og utan at eg nytta dei orda då, så kan ein i dag seia at det var ei av dei viktigaste diktsamlingane frå det førre hundreåret. På ørnetuva (1961) var kanskje like fin, men ikkje like oppsiktsvekkjande. I 1966 kom ein stor poet ut or berget. Hauge hadde vore plaga med sjukdom, men den psykiske faenskapen sleppte taket om han då han makta å skriva ei slik samling.

Sjølvkritikk?
– Er det ingenting du ville gjort annleis i den mangeårige formidlinga di av Hauge?
– Eg starta med «Gullhanen». Skulle eg ha starta ein annan stad, vil eg gjerne ha eit tips. I 1978 inviterte eg til ein sonett-enquete i Basar, der òg Hauge skreiv om den strenge forma. Å seia at eg har forenkla Hauga, er ikkje rett. Slike skuldingar heng rundt meg heile tida. Dei kan eg ikkje ta på meg.

– Aarnes seier han ikkje las Hauge før etter dagbøkene kom. Han har ikkje lese så mykje Uppdal heller, eller Orvil, eller ytra seg så mykje om Gunvor Hofmo. Men eg har ikkje lese så mykje Boyson eller Nygard som eg kanskje burde. Vi har ulik smak. Men når det gjeld Reiss-Andersen, møtest vi ein stad.

– Arne Dvergsdal i Dagbladet ymtar om at sidan du skriv om Olaf Bull i den nye boka om Hauge, vedgår du at du har hatt feil fokus på Hauge?
– Nei, eg samanlikna Bulls kjærleiksdikt med Hauges kjærleiksdikt. Artikkelen er eit døme på at eg set Bull høgt, men tillèt meg å lesa han på mitt vis.

– Kva vil du seia til Aarnes?
– Lat oss saman redigera «Samlede dikt» av Gunnar Reiss-Andersen.

Stor skilnad
– Eg merkar den store skilnaden i synet på poesi mellom meg og Vold, seier Aarnes.

– Eg held meg til Claes Gills syn: Ein skal leita etter det store og opphøgde diktet i ein forfattarskap. Det er det «kostelege destillat» som gjer at dikta lever.

– Om ein gjer som Vold og ser på verket til ein lyrikar som ein roman, då neglisjerer ein fullstendig det poetiske. Det synet har sett Vold i stand til å gå inn i ulike forfattarskapar, som Ernst Orvil, Sigurd Bodvar og Kristofer Uppdal. Han er oppglødd for desse, ikkje ut frå Gills «kostelege destillat», men ut frå kva dikta fortel om livet til diktaren.

– Vold seier han skreiv om «Gullhanen» alt i 1960-åra.
– Ja, men om han ser på «Gullhanen» som eit kapittel i eit romanverk, er det likevel med ei heilt anna haldning enn mi. At diktet fortel noko om livet til Hauge, er greitt, men det sentrale er at diktet har det uattseielege som gjer at du kjem ikkje over til livet til diktaren, men du vert ståande og skjelva innanfor dei fjorten verselinene.

Moderera kritikken?
– Etter Volds svar: Vil du moderera noko av kritikken din?
– Nei, ikkje eigenleg. Vold må gjerne lesa Hauge på sin måte, men eg reagerer på at han har pålagt Hauge sitt poesisyn. Eg har ikkje feillese Vold. Han skriv: «Og det er denne kjærlighet til ting omkring seg som gjør det mulig å skape bærekraftig poesi ut av ting­ene.» Dette er å påleggja Hauge den nyenkle stilen.

– Kva med å redigera Reiss-Andersen i lag?
– Om han trur at dei ulike syna våre tillèt at vi kan finna fram til det beste hjå Reiss-Andersen, vil eg gjerne det.

Ingen ordre
– I 1966 fokuserte eg på tingdikta til Hauge fordi det var noko han sjølv tidlegare ikkje hadde lagt så stor vekt på, seier Vold.

– I dei tidlege dikta sine er Hauge mykje av ein platonikar: «Opn mine augo, Herre / so eg kan betre sjå / underet, ikkje berre / avglansen utanpå.» – Der er altså tinga berre ein avglans av noko anna, men i Dropar i austavind er tinga tinga sjølve. Dette var ein ny dominans i Hauges dikting og for norsk poesi i det heile.

– At eg peikar på dette, er sjølvsagt ingen ordre om at Hauge skal halda fram med det. Det inneber ikkje at den usynlege verda ikkje finst. Men har ein stirt lenge nok på det usynlege, er det herleg å sjå at også det synlege finst – og kan gjerast til dikt.

Etter at samtalen med Aarnes og Vold er avslutta, kjem denne faksen frå Aarnes:

«Eg har lenge lurt på kva ein skal kalla filosofien som Profil-krinsen fann og frei­­sta elska fram hjå Olav H. Hauge. Marxisme, materialisme og vitalisme har vore nemnde. Men då eg las essayet åt Einar Økland som står i boka Tid å hausta inn, kom namnet av seg sjølv. Det er den filosofien som har fylgt naturvitskapane, naturalismen, som endeframt tolka tyder: Alt har ei naturleg forklåring.

Det kjem fram hjå Øk­­land når han jamsteller psykiske lidingar, sinnssjukdom, med cancer. Eg trur det er ei krenkjing å setja lidingane hjå Hauge på line med so­­ma­­tisk sjukdom. I dagboka åt Hauge går det fram at sjukdomen vil han noko, vil seia han noko, som han må tyda og gjeva ut­­trykk for. Sjukdomen av­lar draum og syner, og av draum og syner kjem diktinga. Det er her han styd seg på den franske diktaren Gérard de Nerval, som kalla lidinga og draumen «det andre livet».

Når det gjeld verknaden frå Profil-krinsen på Olav H. Hauge, seier Einar Økland i Klassekampen at han mest har vore av «helsemessig art». Han seier ikkje noko om lækjerådene; kan henda lærde dei han å eta gulrot og å pussa tenner.

Eg har sett på Jan Erik Vold som ansvarleg for filosofien åt Profil-krinsen. Eg tek skuldingane attende, for eg kjenner Vold so godt at eg veit han ikkje står for den same naturalismen som Økland. Hadde han det, ville det store tydingsverket hans om Gunvor Hofmo vore umogeleg.»




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake