Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Viktig, viktigare, viktigast

Av Ottar Grepstad
,  14.08.08


Ikkje noko nytt under sommarsola, det. Den som gradbøyer adjektivet viktig, til dømes ved å skrive litteraturhistorie eller hente fram bøker som har skilt seg ut, kan ikkje vente prinsippfast kritikk.

Bergen, 1978–83: Mykje bra kan seiast om Georg Johannesen, skriv Bakka, men nokon dialogens mann var han ikkje. Andre kritikarar undrar seg over at ein kommunist hamna øvst. Å redusere Johannesen til ein kommunist blir like presist som å for­enkle Knut Hamsun til å vere ein mann med nazisympatiar.

Så kva var det med Johannesen? Han tenkte gjennom påstandar og prøvde ut kor langt desse bar i forståinga av retorikk, litteratur, tradering, danning. Han gav kunnskapen form og viste korleis form pregar kunnskapen. Som i den klassiske retorikken skilde han ikkje mellom kunnskap og kunst, men mellom meiningar og kunnskap. Berre den som meinte utan å vite, fekk meir tyn av han enn den som undervurderte krava til kunnskap.

For den som fekk Johannesen i tale, var dialog om meiningar underordna tankespranga i all verdas kulturhistorie. Den som då ikkje lærte noko uventa nytt, forsømde seg. Små utfall kunne romme store perspektiv: «Alle og naturlig er borgerlige begreper.» Sidan den dagen har ikkje eg brukt naturlig om nokon menne­skeskapt eller menneskestyrt prosess.

Om den norske tenkemåten markerer ein overgang hos han frå meiningsprosa til refleksjon over språk, tale, skrift og litteratur. Det han sa og skreiv i 1970- og 80-åra, var ein nødvendig føresetnad for å kunne kåre dei viktigaste sakprosabøkene i 2008 – av di han endra forståinga av det mest grunnleggjande eit menneske gjer offentleg: å ytre seg. Åleine om dette var han ikkje, men han dreiv fram endringar i tenkjemåten om språk og litteratur slik berre han kunne.

Oslo, juni 2008: Ni medlemer av sakprosajuryen møtest to gong­er på ei veke. Åtte av dei går gjennom oslogatene, ein flyg over fjella. Den som set saman ein slik jury, har anten stort mot eller veit for lite om skilnadene i norske tenkjemåtar.

På førehand har Dagbladet invitert eit ukjent tal personar til å føreslå listekandidatar. Nokon føreslår eigne bøker, andre treffer betre. Heile 18 av dei 25 utvalde bøkene er å finne blant desse framlegga, som juryen står fritt til å forkaste.

Før første møte har kvar jurymedlem nominert 15 bøker for allmennmarknaden, utgitt i 1945 eller seinare. Bøker som endra kvardagen, prega eller endra allmenne tenkjemåtar, eller fekk store følgjer innanfor viktige grupper i samfunnet, og som gjorde meir enn å spegle samfunnsendringar. Styrande kriterium: endring, utbreiing, popularitet, verknadshistorie, litterære kvalitetar og intellektuelle kvalitetar.

Neste gong vi møtest, har kvar gitt frå 1 til 50 poeng til 25 av dei nominerte bøkene. Røystene fordeler seg på heile 70 titlar. Av desse får 20 einast røyster frå éin jurymedlem. Berre to bøker får røyster frå alle ni: Om den norske tenkemåten og Vi som elsket Amerika. Så taktisk har vi røysta at vi blir samde om å løfte nokre bøker og flytte andre ned under streken.

Noreg, august 2008: Sakprosa­kåringa er blitt ei liste over dei bøkene jurymedlemene las då dei var unge, veit Bakka å fortelje. Om det veit han ingen ting. Skulle eg ha laga ei slik liste, hadde Mennesket og naturmiljøet, redigert av Arild Holt-Jensen, og Den radikale liberalismen av Gunnar Garbo vore inne blant topp fem. Det er stas med teoriar om formative år, men litt empiri er no ikkje av vegen.

Lista er overrepresentert av radikal kritikk av verda som ho er, meiner Bakka. No var altså oppdraget å finne fram til bøker som endra Noreg. Då blir det kanskje ikkje så rart at radikal kritikk for endring gjer seg gjeldande? Betutta kom juryen til at det ikkje er gjennom bøker Frp-arane har hevda sine opplagt samfunnsendrande oppfatningar. Det same gjeld i forbausande stor grad høgrefolk.

I første spalta nemner Bakka at berre forlagsutgitte bøker for ein allmenn marknad skulle vurderast. Fire spalter seinare etterlyser han likevel ei offentleg utgreiing og to akademiske lærebøker i økonomi. Ja, det finst nok 25 statsbudsjett som har endra Noreg meir enn noka sakprosabok kan oppnå. Difor slo eg eit slag for Odd Aukrust og Petter Jakob Bjerves Hva krigen kostet Norge (1945), grunnboka for det sosialøkonomiske hegemoniet. Den marknadsøkonomiske vendinga i 1990-åra kan vanskeleg knytast til bestemte bøker, men juryen henta iallfall fram Personlig økonomi (1982) av Knut Boye og Terje Hansen. Begge bøkene hamna blant dei 20 som berre éin jurymedlem røysta på.

Som fast sakprosameldar i ny­­norskavisa Dag og Tid ser Bakka bort frå det språklege. 4 av 25 bøker er skrivne på nynorsk, og den språkdelte Åse Gruda Skard som skreiv mykje på nynorsk, er inne med ei bokmålsbok. Han kunne kritisert Dagbladet for at ingen av dei 25 bokpresentasjonane tematiserte språkperspektivet. Men nei. Bakka vil heller byte ut ei nynorskbok av Ingrid Espelid Hovig frå 1967 med ei bokmålsbok ho skreiv i 1975.

Bokhistorie 1945–2008: Bakka sorterer bøkene etter år og oppdagar noko viktig, dvs. noko kritikkverdig, når einast to bøker frå 1950-åra er med. «Andre viktige bøker vart altså ikkje skrivne i det tiåret», påstår han. Eg påstår at det å lage ei liste over viktige bøker er noko heilt anna enn å velje ut dei 25 viktigaste bøkene. Både for sakprosakrønika i Det litterære skattkammer (1997) og i nomineringa denne gongen gjekk eg gjennom årskatalogane over bøker for allmennmarknaden frå 1949 til 2005. Andre må gjerne gjere det same. Det er vanskeleg å finne sakprosabøker som skilde seg ut i form og innhald i 1950-åra, og som hadde dei nødvendige litterære og intellektuelle kvalitetane.

Lista er blitt ein faglitterær kanon for kulturradikale 68-arar, skriv Bakka. Då skriv eg: Ein forfattar som såkalla 68-arar hadde lite til overs for, var Dagfinn Grøn­oset. Hans Anna i ødemarka (1972) las dei ikkje som ei vending tilbake til naturen, slik Bakka gjer, men som ei tildekking av klasseskilnader, med ein bodskap om at den som vil, har makt over kvardagen sin. Den som vil gjere boklista til ein 68-kanon, må altså forklare korleis ei slik bok kunne hamne der, i selskap med Erik Dammanns individualistiske oppgjer i Framtiden i våre hender (1974) og Jeg vet på hvem jeg tror (1946) av Carl Fredrik Wisløff.

Saknet av bøker frå ikkje-humanistiske fag er til å forstå. Det er også lett å forstå kvifor dei manglar. Når litterære og dermed også språklege kvalitetar skal reknast med, fell skrekkeleg mange samfunnsvitarar og realistar gjennom. Faget sitt kan dei, men altfor sjeldan ser dei kva språket gjer med kunnskapen deira og kva dei kan bruke språket til. Dei skriv rett og slett ikkje godt nok, dvs. ikkje klokt nok, som Georg Johannesen sa i eit av sine mange skjulte sitat frå klassisk retorikk. Difor er det bra viss sakprosakåringa minner om at humanistar faktisk kan noko som er allment viktig, og som ofte er det viktigaste.

Ottar Grepstad er direktør for Nynorsk kultursentrum og var medlem av Dagblad-juryen.





Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake