Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Thailandsk draum
Cathrine Brøymer,  07.08.08

FILM
Ploy
Regi: Ratanaruang Pen-Ek
Thailand 2007

Kanskje er filmen Ploy berre ein merkeleg draum nokon har på ei lang flyreise til Thailand? Det er i alle fall her historia byrjar: på flyet. Det er lett å sjå kor slitne dei to reisande må vere, for det er ikkje berre trøyttleiken, svevnmangelen og dei tronge flyseta. Dei dehydrerte, fargelause tryna deira formeleg skrik etter liv og ei tung pute. Det summar tungt og bassliknande frå motoren, ei during som held fram også etter at dei har landa. Mannen og kvinna i flyskrotten har ikkje vore i Thailand på ti år. No skal dei i ei gravferd.

Upassande vitjing
Filmbileta er duse og uskarpe og syner godt kor slitsam, kor triviell reisa er. Dinest eit framandt hotellrom. Det er nettopp dette framande, upersonlege rommet vi skal opphalde oss i, med nokre avstikkarar. Den sedate stemninga mellom ekteparet Dang og Wit blir raskt avbroten når Wit går ned i baren for å kjøpe røyk og kjem opp att med nittenåring­­en Ploy. Han har sagt at ho kan få sove og vaske seg litt på rommet medan ho ventar på mor si som er på veg frå Stockholm. Dang held høfleg maska overfor den unge jenta, men er rasande på mannen. Klokka er seks om morgonen! Og det er no handlinga tek til, stort sett utan kart og kompass.

Strukturen er draumeliknande, eller kanskje meir som ei svinging mellom lett svevn og vaken tilstand. Det er akkurat dette eg likar så godt med denne filmen, at blandinga av det normale og dei litt underlege tinga som hender, verkar så naturleg og rett. Nett slik det kan vere i ein draum. Eg kjenner ikkje nokon stor trong til å finne ut kva som er røyndom og kva som ikkje er det, så lenge alt er del av denne svevande draumen. Vi kan til dømes sjå ei stovejente gøyme seg inne i ein dusj på eit av hotellromma. Tidlegare har ho stole ein dress nede på reinseriet, og det er den dressen bartenderen på hotellet tek på seg når han «tilfeldigvis» kjem inn på rommet og ser jenta bak dusjforhenget. Snuskete draum, fantasi eller berre høveleg filmsex? Desse vakre scenene passar uansett særs godt saman med dei andre dempa og litt konturlause scenene i denne interessante thailandske filmen og blir eit passande bilete på kva det er som manglar mellom paret vi møter på flyet.

Tapt i Thailand
Ploy minner meg på fleire vis om den amerikanske filmen Lost in Translation frå 2003. Den gongen var det Bill Murray og Scarlett Johansen vi såg, då den femti­årgamle skodespelaren Bob Harris og den unge Charlotte møttest i Tokyo. Begge to er framande i denne byen, og det er natta, staden, hotellet og mangelen på svevn som pregar stemninga. Dessutan kan ein sjå korleis det er å treffe ein heilt ukjend person på ein fullstendig ukjend plass og likevel oppleve ein fantastisk kontakt. Mykje av dette finn eg også i Ploy, og då tenkjer eg særleg på det fine møtet mellom Wit og nittenårige Ploy. Dei to har ein heilt annan og meir avslappa, triveleg tone enn Wit har når han talar med kona si. Kontrasten er heilt utruleg, og det er frykteleg trist. Samtalane mellom det eigenleg unge ekteparet er like kjølige og sørgjelege som det upersonlege hotellrommet. Ingen av dei gjer noko for den andre, og begge er nedtyngde av åra dei har hatt saman.

Likevel er det duka for eit nytt møte, og det er som om filmen vel å by dei ein ny sjanse gjennom ei samanstilling av alt det framande og merkelege som hender: draumelandskapet som om­­gjev ekteparet, dei vakre scenene med stovejenta og bartenderen. Dessutan er det underlege, søte Ploy og heilt til slutt ein galen, valdeleg mann. Som Bob Harris i Lost in Translation er også Dang skodespelar, berre meir falma. Heime hos ein gamal fan freistar Dang å ringje ektemannen som ligg og søv på hotellrommet. Men når ho skal finne ein telefon i den surrealistiske stova ho er i, er det plutseleg fem ulike, gamaldagse telefonar å velje mellom. Attmed telefonbordet ligg ein diger skulptur, forma som ei hand. Draum eller maredraum. Alt dette snirklar seg rundt det opphavlege paret og gjev til slutt eit slags håp.

Ploy vann importprisen på Kosmorama filmfestival i Trondheim tidlegare i år, og det er takka vere dette at vi no kan sjå denne forfriskande og litt rare filmen på kino.


Cathrine Brøymer er litteraturvitar og fast filmmeldar for Dag og Tid.





Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake