Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Stanghellismen

Av Jon Hustand
,  07.08.08


Dagsavisen har i sumar sett søkjeljoset på elendet som Dagbladet er inne i. (Dei kan ikkje berre skriva om kor stort eit trugsmål Frp er mot verdsfreden og eigen pressestønad.) Mellom andre har dei intervjua ein tidlegare kommentator i Dagbladet, Peter Normann Waage:

«– Jeg fikk valget mellom sluttpakke eller å jobbe i ‘Idolavde­lingen’, eller ‘lettere kultur’ som de kaller det. Da jeg valgte sluttpakke, fikk jeg til svar at ‘det regnet vi med’. Det var ikke jeg som gikk fra Dagbladet. Dagbladet gikk fra meg, sier Waage.
Han beskriver årene i avisen som de fineste arbeidsårene han har hatt.
Men Waage mener det vil være en ‘tragedie’ hvis avisen forsvinner.
– Vi trenger flere stemmer og flere organer i norsk offentlighet.»

Underleg tanke
Dagsavisen har fått fleire til å hevda det same som Waage, både Ragnar Kvam junior og Per Edgar Kokkvold seier at det vil vera ein «tragedie» om Dagbladet forsvinn.

Det er ein underleg tanke, og det er det av to grunnar: For det fyrste har Dagbladet alt forsvunne; eg veit ikkje om nokon som tek den avisa særleg seriøst lenger, og for det andre har ho alt stått opp att, men no under namnet Aftenposten.

Peter Normann Waage, Ragnar Kvam jr., Harald Stanghelle, Dag Kullerud, Vibeke Knoop Racheline... lista over tidlegare tilsette i Dagbladet som no skriv i Aftenposten, kan gjerast lengre, og alle har dei det sams at dei skriv og meiner nett det same som dei skreiv og meinte i Dagbladet. Dagbladet er daudt, lenge leve Dagbladet.

Det som er «tragedien», er at Aftenposten har forsvunne som ei meiningsberande konservativ avis, og at det har hendt utan større ordskifte.

Likesæla
Nett i Aftenposten, i A-magasinet, som elles er til forveksling likt Magasinet til Dagbladet (eit av hovudoppslaga i A-magasinet for to veker sidan var om swingersex mellom nudistar), set tidlegare kulturredaktør i Dagbladet Hans Fredrik Dahl ord på utviklinga, men utan at det verkar som om han skjønar kor dehumaniserande det han skildrar, er, og utan å forstå kor feil han tek:

«I et moderne land er ingen egentlig uunnværlig. Alle institusjoner er byråkratisert, og alle byråkratier sikrer sin egen rekruttering. Det er slik samfunnet virker. Hvem som er sentralbank­direktør, finansråd, sjef for Stat­oil, redaktør av Aftenposten eller leder av Arbeiderpartiet, blir slik sett likegyldig.»

For det fyrste: Det har noko å seia kven som leier alle desse institusjonane, og for det andre: Berre av og til sikrar dei si eiga rekruttering. Aftenposten er eit svært så godt døme på kor feil Dahl tek. Eg veit ikkje kven det var som tilsette Harald Stanghelle som politisk redaktør, mannen som gjekk frå Dag og Tid til Arbeiderbladet, til Aftenposten, til Dagbladet, til Aftenposten... Men eg veit at han er vesensulik tidlegare politiske redaktørar i Aftenposten. Han er for ein stor og sosialdemokratisk stat, han er sterkt USA-kritisk, har kalla staten Israel eit «mareritt», tek til ords for ein liberal innvandringspolitikk, meiner den nye ekteskapslova er eit sivilisatorisk høgdepunkt – lista kan gjerast mykje lengre. Sidan Stanghelle kom til Aftenposten, er avisa radikalt endra og er no i hovudsak eit sentrum-venstre­organ.

Nokon er likare
Så kvifor er dette tragisk? Vel, no kan ein kanskje stilla seg spørsmål om noko som helst er tragisk i Noreg, men les ein norske aviser, ser og høyrer ein på NRK, ja, så er det nær umogeleg å skjøna kvifor Obama no er i ferd med å skifta meining og gå inn for å halda amerikanske styrkar i Irak, eller at McCain faktisk kan vinna det amerikanske valet, eller at Sarkozy vann det franske valet, eller å forstå at Israel kjempar mot eit Hizbollah som vert leitt av ein person som har sagt: «Di fleire jødar som kjem til Israel, di betre, for då slepp vi å reisa verda rundt når vi skal utrydda dei.»

Ein måte å sjå Noreg på er som eit land der dei som les Aftenposten, betaler mellom 60 og 70 prosent av inntekta si i skattar og av­gifter til ein stendig meir dysfunksjonell stat. Men det får ein ikkje lenger høyra om – eller skriva om som tilsett i Aftenposten. Så er då også Egil Sundar død. Men stanghellismen lever, og Dagbladet lever – i eit stendig snevrare rom.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake