Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Meir slurv frå språkekspertane

Av Klaus Johan Myrvoll
,  01.09.06


Det var godt at nokon sette fingeren på dei mange mistaki og upresise formuleringane i spyrjeboki Quizleis. 1001 spørsmål og svar om språk, som kom ut på Det Norske Samlaget i fjor haust. Som Frode Korslund skriv (Dag og Tid 19. august), er det bisnelegt at høgt profilerte forfattarar som Per Egil Hegge, Sylfest Lomheim og Helene Uri kann taka so lett på korrekturlesing og kvalitetskontroll.

Sylfest Lomheim svarar i kjend stil (Dag og Tid 26. august): Han gjev seg på det minste av mistaki, problematiserer eit anna punkt hjå Korslund – og ser heilt burt frå dei elleve andre. Elles er det mykje utanumsnakk. Det er vel ingen som held Quizleis for å vera ei uppslagsbok, men i ei spyrjebok ventar ein å finna klåre og utvitydige spursmål, og presise, fullstendige og ikkje minst rette svar. Lomheim hev rett i at «ting kan seiast på fleire måtar utan at det nødvendigvis er slik at det eine er feil og det andre er rett», men det er langt derifrå til å låst som det alltid er soleis.

Lomheim meiner kritikken kokar ned til at «Korslund ønskjer seg andre svar og lengre svar enn det me har formulert», ei hendig umformulering av rette svar og fullstendige svar. Me er fleire som ynskjer oss det. Det kann vel ymsa kva ein legg i at «boken kryr av faktafeil og uholdbare og/eller mangelfulle opplysninger», som Korslund hevda i innlegget sitt. Men at Quizleis inneheld fleire mistak og brester enn dei trettan som Korslund peika på, bør det ikkje vera tvil um. Difor legg eg fram denne lista, som held fram der lista åt Korslund slapp:

14. I bolken for «klassisk danning» spyrr forfattarane kva «ars longva, vita brevis» tyder (s. 10). Rett latin er «ars longa, vita brevis».

15. I same bolk skriv dei at namnet på Beethovens 3. symfoni, Eroica, er avleidt av «gresk heroe» (s. 11/79). Rett græsk er heros.

16. I iveren etter å finna so mange tydingar til ordet fly som råd hev dei teke med «skjer» (s. 12/80), men då hev dei blanda saman med(ei) flu «(flatt) skjer el. grunne som er under vatn i flod sjø» (Nynorskordboka). Derimot hev dei ikkje fenge med seg tydingane ‘rusk, grann’, ‘dike, sump’, ‘stupbratt bergvegg, flog’, ‘lunka’ og ‘stupbratt’ (alt etter Nynorskordboka).

17. På s. 14 vert det spurt koss det kann ha seg at «konservativ (politisk) og konserveringsmiddel (matlaging) er same ord». Nei, seg det.

18. Forfattarane spyrr i kva for luter av landet me finn kløyvd infinitiv, men svarar med målføregruppor: «I austlandsk, trøndersk og nordmørsk» (s. 17/84). Nordmørsk vert rekna for ei undergruppa av trøndsk, og er dimed uturvande å føra upp for seg sjølv. Ålvorlegare er det at austlandsk (i motsetnad til austnorsk) i språkleg samanheng ikkje femner um midlandsmåli, som òg hev kløyvd infinitiv. Skulde ein vera heilt korrekt, laut ein dessutan nemna byklemål og (tradisjonelt) ranværingsmål.

19. I bolken «Importert vare» spyrr dei kva «forstavinga» mega tyder. Svaret skal vera «Milliard» (s. 24/90). Til det er det tvo ting å segja: For det fyrste kann mega tyda ålment ‘stor-’ (som det græske upphavet mégas), jf. ord som megafon og megalitt. Og for det andre: Når mega- vert nytta i mæleeiningar, tyder det ikkje «milliard», men er «brukt for å vise at heile ordet står for 1 million gonger den måleeininga som er nemnd i etterleddet» (Nynorskordboka).

20. «Ligg Romsdal på Mørekysten?» spyrr dei, og svarar «Nei», utan nokor grunngjeving (s. 33/97). Dersom ein med mørekysten (sic) meiner ‘den luten av Møre og Romsdal fylke som vender mot havet’, lyt svaret verta «ja», for det geografiske umrådet Romsdalen gjeng heilt ut til kysten, med kommunar som Aukra og Fræna. Dersom dei tenkjer på sjølve dalføret Romsdalen, vert svaret «nei», men då burde dei i minsto ha skrive Romsdalen i bundi form.

21. Dei nyttar formi «Hedemarken» um det historiske landskapet som i dag er ein lut av Hedmark fylke (s. 34/98). Her er den offisielle skrivemåten Hedmarken, altso utan -e-, som i fylkesnamnet (sjå Nytt om namn nr. 39 – 2004).

22. Dei spyrr um Den røde plass heiter «Den raude plass» på nynorsk og stadfester med nett denne namneformi – Den raude plass – i svaret (s. 34/98). Det lyt sjølvsagt heita Den raude plassen på nynorsk, og det er den formi som er uppførd i Geografilista åt Språkrådet òg.

23. Når forfattarane skal forklåra at initialane i kunstnarnamnet I. C. Dahl stend for Johan Christian, skriv dei at «tidlegare veksla ein ganske fritt mellom i og j» (s. 35/98). Det skulde då vera på 1800-talet, då kunstnaren livde. Det er sjølvsagt ikkje tilfelle. Grunnen til at J. C. Dahl hev vorte til I. C. Dahl, er at skrifttypen fraktur, som rådde grunnen på 1800-talet, ikkje skilde millom stor I og stor J (men derimot millom liten i og liten j).

24. Dei hevdar at Shakespeare hadde eit større ordtilfang i bøkene sine enn Hamsun (s. 36/99). Men det er snaudt rett. Her kann eg visa til heimesidone åt Språkrådet (www.sprakrad.no), som fortel at «Hamsun danker ut Shakespeare», og som gjev desse tali: 33.000–34.000 ulike ord hjå Hamsun mot um lag 29.000 hjå Shakespeare.

25. Dei hevdar at den sveitsiske lingvisten Ferdinand de Saussure (1857–1913) «sette opp klassifiseringssystemet for den indoeuropeiske språkfamilien» (s. 36/99). Rett nok gjorde Saussure ein stor innsats for indoeuropeisk målvitskap, men det var ikkje han som klassifiserte dei indoeuropeiske måli i ulike greiner. Det var det August Schleicher som gjorde, alt i 1861.

26. «Er Kristin Lavransdatter skriven på nynorsk eller bokmål?» spyrr dei, og svaret skal vera bokmål (s. 37/99). Dette vert både anakronistisk og litt av ei målpolitisk tilsniking, for Sigrid Undset skreiv då visseleg riksmål. (Den fyrste utgåva av Kristin Lavransdatter låg fyre i åri 1920–23.)

27. Dei hevdar at «gang kan vere både ‘korridor’ og ‘omgang’, medan gong berre er ‘omgang, tid’» (s. 38/100). Etter dette kunde det sjå ut til at dei tvo ordi er delvis synonyme på nynorsk, men det er dei ikkje: gang tyder ‘det å ganga’, òg ‘det ein gjeng gjenom’, medan gong tyder ‘einskild tid, einskilt tilfelle’.

28. På spursmålet «Kven brukte kileskrift?» svarar dei berre «Sumerarane» (s. 50/109). Det var truleg sumerarane som fann upp kileskrifti, men ho vart med tidi teki upp av ei rad kulturfolk i Nær-Orienten. Det gjev best meining å nemna upp dei språki kileskrifti vart nytta til, for det var mange folkeslag involverte på ymis vis (t.d. nytta faraoen i Egypt akkadisk kileskrift i brevskifte med hettittarkongen): akkadisk (assyrisk, babylonsk), hurrisk, hettittisk, luvisk, palaisk, urartisk og elamittisk. Dessutan laga folket i Ugarit sitt eige kileskriftalfabet, og det same gjorde persarane seinare.

29. Forfattarane skriv at Norsk språkråd vart skipa i 1971 (s. 60/116). Sjølve lovi vart vedteki 18. juni 1971, men rådet vart formelt skipa i 1972, jf. at Språkrådet feira 25-årsjubileum i 1997 (sjå Språknytt nr. 2/1997).

30. Dei hevdar at pronomenet vi er eldre i norsk enn me, med den grunngjevingi at vi skal koma «frå klassisk norrønt», medan me «vart utvikla seinare, i mellomalderen» (s. 61/117). Det er rett at formi me kom til i millomalderen (i formi mér), men ho trengde etter kvart heilt til sides den eldre formi vér. Den nynorske formi vi kann ikkje førast attende på vér (nokon ljodyvergang frå é til i er ikkje kjend), men er lånt frå dansk og svensk. Det høver òg heilt med det yverleverte millomnorske tilfanget, der formi vi kjem upp fyrst i kongebrev og andre stormannsbrev. Med andre ord er formi me eldre i norsk enn vi.

31. Uttydingi forfattarane gjev av ordlaget «å gå i baret», at det skal tyda «å vase seg bort» i «kvist, greiner og rask» (s. 65/120), er ikkje yvertydande. Det kann vera rett at ordet bar her er det same som i t.d. granbar, men då lyt bakgrunnen snarare vera fanging av dyr i graver i bakken der dei lagde greiner og kvister yver; nett som bjørnen kunde «ganga i baret», kunde so folk – reint metaforisk – fara likeins.

32. Forfattarane opererer med eit skil millom å disputere og å doktorere der ein doktorerer på eit emne, men disputerer på ei avhandling (s. 68/123). Etter Bokmålsordboka tyder doktorere beint fram å «ta doktorgrad», og det gjer ein som kjent både på bakgrunn av eit emne og ei avhandling. Skilnaden millom dei tvo ordi gjeng snarare på at disputere knyter seg beinveges til det som hender på sjølve disputasen, men doktorere gjeld det å taka doktorgraden reint ålment.

33. Dei tyder ut ordet (ein) gòde med «[o]fferprest i heidensk tid i Noreg» (s. 71/126), men nemner ikkje den andre tydingi, som er vel so kjend, d.e. ‘hovding på Island i fristattida’.

Språk er ikkje einfelt, og det er lett å misfota seg, serleg når mengdi av upplysningar vert so stor som i Quizleis. Di viktugare er det å røkja etter ein gong til um alt hev vorte rett og klårt. Trispannet Hegge, Lomheim og Uri hev ikkje vore grannsame nok, og forlaget hev forsømt seg og teke for lett på kvalitetskontrollen. Her er det godt høve for betring.

Klaus Johan Myrvoll er masterstudent i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo og korrekturlesar i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake