Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Når materialet veks ein over hovudet

Av Klaus Johan Myrvoll
,  18.07.08


Georg Morgenstierne var ein ihuga målsamlar, men nokon stor vitskapsmann var han ikkje.

BIOGRAFI
Nils Johan Ringdal:
Georg Valentin von Munthe af Morgenstiernes forunderlige liv og reiser
Aschehoug 2008

Kva er det som er so spesielt med professor Morgenstierne? Noko må det vera som har gjort at han har fått ein murstein av ein biografi (785 sider). Og det lyt seiast: Morgenstierne (1892–1978) valde ikkje den lettaste vitskapsvegen, men tok tidleg ut på strabasiøse ferder til India og Afghanistan der han kunne driva storstilt kartleggjing og utforsking av lite kjende mål og målføre. Det var serskilt den historiske saman­hengen og tilhøvet måla imellom som interesserte Morgenstierne, og på det viset vart han ein av autoritetane på den indo-iranske målgreina. Heime i Oslo vart han snøgt ein av dei førande språkprofessorane – eitt av «fire fyrtårn», som det heitte – og som utlen­dingar kom til Oslo for å studera under.

Privilegert
Om alt dette og meir til skriv biograf Nils Johan Ringdal utførleg. Ikkje minst skriv han mykje – og interessant – om det sosiale miljøet som Morgenstierne kom frå. Alt det fulle namnet hans – Georg Valentin von Munthe af Morgenstierne – gjev ein peikepinn om at han ikkje nett var nokon kvarmannsson. Han kom frå ein av dei rikaste og mektigaste embetsmannsfamiliane i Kristiania. Rikdomen var det rett nok mora, fødd Schjelderup, som hadde tilført mest av, men faren hadde di fleire tilknytingspunkt til politiske og akademiske krinsar; sjølv var far Bredo jusprofessor og ei tid rektor ved Universitetet. Det var ein klasseallianse, dette, mellom gamal embetsmannsstand og nyrik kjøpmannsklasse, som Ringdal med rette peikar på. Men kvifor kverv det sosiale perspektivet etter kvart som biografien skrid fram? Når Morgenstierne kom frå dei mest privilegerte av dei privilegerte, vekkjer det undring at han i vaksen alder enda opp i ein trevilla på Vinderen – og til slutt i eit sokkelhusvære like ved. Dette seier sjølvsagt noko om endring i det samfunnet Morgenstierne var ein del av; det toppsjiktet han kom frå – ein fruktsam symbiose av økonomisk, politisk og akademisk elite – vart rett og slett borte med sosial­demokratiet, og Morgen­stierne sat att som funksjonær på den statlege lønsstigen.

Makt og avmakt
Heller ikkje endringane på Universitetet er noko tema for Ringdal. Det einaste utslaget av «Studenteksplosjon», som er overskrift på eit av kapitla, er visst at nokre fleire studentar – og det rett kompetente slike – fann vegen til sanskritseminara åt Morgenstierne. Kva makt Morgen­stierne eventuelt hadde på Det historisk-filosofiske fakultetet, vert heller ikkje drøft. Ein episode som Ringdal ikkje nemner, men som peikar mot at han de facto var den sterke mannen på HF, er rolla han spela som verje for den unge Fredrik Barth. Då Barth av fag­politiske grunnar ikkje fekk godkjent doktoravhand­linga si i Oslo, sytte Morgen­stierne for at den lovande 23-åringen (!) fekk eit raust og langvarig stipend.

I staden for slike drøftingar av makt og avmakt pøsar Ringdal på med biografiske detaljar som kva Morgenstierne vart servert då han vitja ekteparet Djakonov i Leningrad («soppsuppe og medbrakt bordeauxvin»), og ikkje minst tek han med mykje ålmennhistorie. Mønsteret er at kvar gong Morgenstierne støyter på eitkvart på vegen som kan henda ikkje er like vel kjent for alle lesarar, gjev Ringdal ei utgreiing, ofte på mange sider, anten det no gjeld soga åt India eller Afghanistan eller kven Samuel Johnson var. Sumt av dette kan syna horisonten åt Morgenstierne – og sumt er morosamt, som skildringa av den lett eksentriske professoren Andreas i Bonn –, men det vert trøyttande i lengda og vitnar om vantande vilje til å skilja mellom viktig og uviktig. Det er òg eit problem at det ofte er uklårt kva som er attforteljing av Morgenstiernes perspektiv og kva som er henta frå andre.

Det er fullvisst stor skilnad på det universitetet Morgenstierne steig inn i, og det han forlét. I ungdomen hadde han universitetsstipend i heile tretten år, frå 1917 til 1929. Men instituttet hans hadde ikkje nokon eigen kontorsekretær før det flytte frå sentrum og opp til Blindern i 1963; då fekk Morgenstierne ei på deling. Ei slik prioritering mellom vitskap og administrasjon kan me berre drøyma om i dag. (HF har no fire stillingar som handsamar permisjonssøknader frå bachelorstudentar.) Men dei var ikkje i tvil om kva mål som dugde; alle dei vitskaplege ar­­beida åt Morgenstierne er på tysk eller engelsk. Meir kuriøst er det at Morgenstierne og Alf Sommerfelt samarbeidde i etterkrigsåra om eit seminar dei kalla «Øvelser over indoeuropeernes urhjem». Alt dette som er so annleis, kallar underleg nok ikkje på nokor drøfting hjå Ringdal.

Statist
I mengda av opplysningar, personar og hendingar er det lett at mennesket Morgenstierne vert borte. I altfor mange kapittel vert han ein umælande statist. Skrivestilen åt Ringdal hjelper ikkje på dette. Av ein eller annan grunn har han fått det for seg at han ikkje skal nemna Morgenstierne med namn. I staden skriv han slikt som «studenten», «nordmannen», «stipendiaten» og «språkforskeren», stundom berre «GM». Det gjev eit merkeleg inntrykk og gjer det berre vanskelegare å skapa seg eit heilskapleg bilete av mannen. Ein stad byrjar eit nytt kapittel soleis: «Denne professoren hadde vært på reisefot jevnt og trutt siden han var smågutt» (s. 616). Kva er det som er so gale med «Morgenstierne»?

Lat det vera sagt at Ringdal òg kan vera velformulert, ja, rett morosam, som når han skriv om tilhøvet mellom Morgenstierne og verfar hans: «Faglig hadde han og Konow så nært sammen­fallende interesser at de aldri senere i livet skulle komme til å bli trette av hverandres selskap, noe alle rundt dem vitterlig periodevis ble – av hver og en av dem» (s. 145). Andre gonger er han berre platt. Kona til Morgenstierne, Agnes, skal t.d. ha vore «dyp, dunkel og deilig» (s. 146).

Ivar Aasen
Morgenstierne har tidlegare her i Dag og Tid vorte kalla «Afghani­stans Ivar Aasen» (29. september 2001). Etter å ha lese biografien åt Ringdal skjønar ein at det ikkje er ein råkande karakteristikk. Rett nok samla han inn tilfang frå språk som før var sparsamt skildra, og han laga grammatikkar og ordbøker, men motsett Aasens tilfelle var ikkje målet standardisering og målreising; Morgenstierne ville samla nytt tilfang for den komparative målvitskapen, ikkje minst dokumentera språk og målføre som stod i fåre for å verta utrudde. Då sume tok til ords for å reisa pashto til nasjonalt skriftmål i Afghanistan i 1920-åra, var Morgenstierne heller lunken, men i 1964, då det venteleg hadde kome meir fart i sakene, var han glad for at kong­­en ville bruka han som «ekstern konsulent» i normeringsarbeidet.

Ringdal snur heilt om på dette når han skriv om Aasen at det var «i strid med hans personlige intensjoner at det reiste seg en politisk bevegelse som til dels ønsket å gjøre Aasens deskriptive grammatikk til normskapende, sidestilt med modersmålet» (s. 91). Aasen hadde eit klårt mål om å atterreisa eit norskt skriftmål alt frå fyrste stund («Om vort Skriftsprog», 1836), og grammatikken hans var slett ikkje berre deskriptiv, men òg normativ. Her er ikkje Ringdal informert, og det er i det heile noko provinsielt over måten han omtalar nynorskfolk på gjennom heile boka. At Aasen «konsentrerte seg om et knippe tilgrensende områder i det vestlige og midtre Norge», har me høyrt før, men at Arne Garborg skal ha attdikta det indiske Ramayana-kvædet «på jærsk», «i en språkdrakt svært langt fra landsmålets normalvariant», sjå, det var nytt.

På samlarstadiet
Koss skal ein so vurdera Morgenstierne? Éin ting er i alle fall sikkert, og det er at formatet hans ikkje står i nokon proporsjon til storleiken på denne biografien. For når det kjem til stykket, var ikkje Morgenstierne nokon eigenleg original vitskapsmann. Han var ein god og inspirerande lærar, for dei flinke (studentar av han sit i dag i lærestolar i Cambridge og på Harvard), men i det vitskaplege arbeidet kom han ikkje stort lenger enn til samlarstadiet; i det stykket var han ikkje so reint ulik dei norske målføregranskarane som Ringdal har lite godt å seia om. Dei av oss som held seg med forfallsforteljingar om akademia, lyt gå ved at det her har gått framover.

Morgenstierne set ord på det sjølv, i eit tjuge sider langt sjølvbiografisk notat frå 1969 (legg merke til atterhalda): «Forholdene har ført til at jeg på en måte har blitt bundet til det materialet jeg har kunnet samle. [...] Jeg har jo for så vidt vært enestående heldig som så langt ofte har kommet til dekket bord, der det bare var å forsyne seg av de ennå urørte rettene. Kanskje har dette i grunnen passet best for mine anlegg. For de går neppe i retning av sprogteori og systematisering» (s. 689).

Det einaste meir teoretisk innretta arbeidet åt Morgen­stierne synest å vera artikkelen om Avesta-språket frå 1942, som samstundes er «hans uovertruffent mest siterte verk» etter Ringdal. Det er difor ikkje so merkeleg at Morgenstierne er nemnd i «forbausende få» oversyn over soga åt lingvistikken og då «normalt i noteapparatet». Det er innanfor iransk målvitskap han har ein viktig plass, men då som dokumentarist.

Skilnadene i metode mellom Morgenstierne og norske dialektologar var nok ikkje so store; den viktigaste skilnaden var at medan Morgenstierne skreiv opp framande og eksotiske målføre, laut nordistane nøgja seg med heimlege saker. (At Morgen­stierne trega på at han ikkje hadde fått høve til å gjera ein norsk målførestudie, stadfester dette.) Denne likskapen er Ringdal ute av stand til å sjå, for det høver ikkje med det kartet han har utstyrt seg med. No strekkjer heller ikkje interessa hans for metodane åt Morgenstierne seg lenger enn til koss han skaffa seg informantar og koss han spurde dei ut – me fær høyra at Morgenstierne ein gong laut setja seg til med nokre kvite steinar og kakla som ei høne for å provosera fram ordet for ‘egg’; Morgenstierne lukkast ikkje i dét. Men Ringdal seier lite om kva Morgenstierne gjorde med det innsamla tilfang­et og koss han ordna det til ferdige bøker og artiklar.

Oslo vest
Det er adelsmannen frå Oslo vest som interesserer Ringdal, ikkje fagmannen. Han fotfylgjer dei mange kondisjonerte skyldfolka hans til lenge etter at dei har slutta å spela ei rolle i livet åt Morgenstierne – og alle andre stader for den del –, og han skriv urimeleg mykje om målstriden i 1950-åra, som Morgenstierne vart dregen inn i, men som han helst ville halda ein viss distanse til. I eit Oslo-vest-perspektiv står dette fram som viktig.

Den labre interessa for det strengt faglege gjev seg òg utslag i slumsut omtale av dei vitskaplege arbeida. Til dømes skriv Ringdal at «ingen senere bok skulle bli like lang som doktor­avhandlingen», endå alle sju banda i hovudverket Indo-Iranian Frontier Languages var lengre kvar for seg. At Morgenstierne skal ha «innarbeidet bevisst» skilnaden mellom ø-ljodane i «en dør» og «jeg dør», er rein fantasi – dette er ein kjend fonemskilnad i gamalt frognermål som ein kan finna hjå einstaka talarar den dag i dag.

Det er tydeleg at det har gått raskt i svingane: På s. 605 fær me vita at Morgenstierne «ankom Teheran den 29. november», og so les me fire sider seinare at han nådde Fornebu att den 10. november. Vel var Morgenstierne effektiv på reisene sine, men han kom ikkje heim før han hadde reist.

Ufullført
Biografien om Morgenstierne er eit på mange måtar ufullført verk. Det byrjar lovande med analysen av det sosiale miljøet Morgenstierne kom frå, men dette vert ikkje fylgt opp utetter i boka. Det er tillaup til flog hjå Ringdal, men han synest å ha gjeve opp på vegen. Her burde Aschehoug ha hatt tolmod og venta til forfattaren hadde vunne att kontrollen over materialet. Det er ein ironi at biografen har fått røyna det same som den han skriv om – at eit stort materiale kan veksa ein over hovudet.

Klaus Johan Myrvoll er korrekturlesar i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake