Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


EU-fiskarane får milliardar

Av Arvid Bryne
,  18.07.08


Den ekstraordinære støtta i EU skal i hovudsak vera kompensasjon for høge bunkersprisar og kjem i tillegg til den årlege støtta frå EU til fiskarane, som er på 5,6 milliardar kroner.

– Dette er òg ein del av det arbeidet EU gjer for å omstrukturera fiskefloten. Det skal hjelpa dei som er hardast råka i fiske­industrien. Høg drivstoffpris og kronisk overkapasitet gjer at europeisk fiskeri er i ei djup krise, seier EUs fiskerikommissær, Joe Borg, til Financial Times.

– I eit møte med fiskeriminister Helga Pedersen for kort tid sidan gjorde vi det klårt at vi ville krevja dei same kompensasjonane for omstrukturering som dei no får i EU, seier formannen i Fiskarlaget, Reidar Nilsen, på telefon frå feriestaden i Finnmark.

Krise har lenge vore den rette omtalen av tilhøva i EUs fiskeflote. Fiskarar frå Spania, Portugal, Frankrike, Italia, Storbritannia og Belgia har protestert både på heimebane og utanfor EU-hovudkvarteret i Brussel. I Spania miste to lastebilsjåførar livet under demonstrasjonane. I Brussel måtte opprørspoliti setjast inn mot fleire tusen fiskarar frå dei største fiskerinasjonane og ta i bruk både tåregass og vasskanonar.

Tre krav
Demonstrasjonen utanfor hovudkvarteret til Kommisjonen kom ut av kontroll; bilar vart velta og sette i brann, og vindaugo i fleire bygningar vart knuste. Hamner i Spania og Frankrike har vore blokkerte av fiskefarty, i England har det kome til tumultar og nevekampar mellom engelske fiskarar og franske etter at dei sistnemnde har freista lossa fangstane sine der.

Fiskarane har tre krav: Dei vil ha prisane på bunkers sette ned med 40 prosent frå nivået 1. juli, dei vil ha ein auke av fiskekvotane, og dei vil både ha strengare kontroll med import av fisk frå andre verdsdelar og minska makta til dei heimlege fiskeoppkjøparane, som dei meiner betalar for dårleg.

Både frå høgre- og venstresida er dei skeptiske til at Kommisjonen no gjev etter og kompenserer fiskarar for drivstoff som på førehand er utan avgift. Verdas naturfond (WWF) seier at dei høge bunkersprisane heller bør setjast inn for å redusera talet på farty. Det er i dag 40–60 prosent høgre enn det skulle vore, og 90 prosent av fiskeslaga i EU vert overfiska. Dei nye støtteordningane vil stimulera fleire til å halda fram som fiskarar i staden for å gå over til anna verksemd, seier ein talsperson for WWF til Financial Times.

Katastrofe
Ein ikkje namngjeven diplomat seier til avisa:

– Dette er pengane til skattebetalarane. Dei går ikkje til å kondemnera båtar, som ville vore det einaste rette, men til å hjelpa dei til å fiska vidare. Det er ein kata­strofe som på kort sikt berre vil utsetja smerta som vert langt større når meir radikale åtgjerder må takast i framtida.

Tidsskriftet Economist skriv at Kommisjonen, når det handlar om fisk og fiske, viser seg som ein feig kujon. Fiskarane har fått ei politisk tyngd som er langt større enn manntalet seier. Det kjem av at dei bur på stader der det tradisjonelt ikkje er så mange andre arbeidsplassar. For det store publikumet verkar arbeidet deira tøft og farleg. Den regjeringa som set hardt mot hardt, vil ha ein vond og usympatisk verknad på millionar av veljarar som aldri har vore i nærleiken av ein båt eller ei not.

Større båtar, mindre fisk
Frå år til anna vert fartya større og utstyrde med større maskiner. Med stendig meir avansert elektronikk treng dei ikkje å leita etter fisken. Dei finn han raskare, men i gradvis mindre kvanta. Regjeringane deira har i alle år kjempa for større kvotar, som i staden er vortne mindre. Særskilt spanske fiskarar dreg langt for å fylla fryseromet. The Economist siterer ein canadisk økonom som har funne ut at dagens båtar må brenna fire gonger meir diesel enn før for å fiska opp eit tonn, jamvel om maskinene i mellomtida er vortne meir kostnads­effektive.

Medan båtar frå Canada brukar 30 liter drivstoff for å få eit tonn fisk, kan spanske båtar som kjem til same farvatn, bruka meir enn 1000 liter dersom dei skal dra tunge trålposar, eller 3000 liter drivstoff per tonn om dei fiskar med lange liner etter tunfisk.

Aldri billegare
Mange europeiske farty vart planlagde for ikkje så lenge sidan, då diesel var billeg. I staden freistar reiarar å gjera det beste ut av supertrålarar som berre har eit mannskap på tjue, der menneskekraft er bytt med maskiner. Dei fleste innser at prisen på olje berre kjem til å gå opp og ikkje ned. I Nederland har dei den mest effektive trålarfloten for flatfisk i verda, målt i fanga tonn per båt per dag. Men i dag er det mest ikkje mogeleg å driva lønsamt. I førre veke sa den nederlandske fiskeridirektøren, Albert Vermue, til The Economist at subsidiar på drivstoff ikkje er noka løysing.

No får dei nederlandske fiskarane likevel billegare diesel, på line med yrkesbrørne sine i dei andre EU-landa. Så får vi sjå kor lenge det er til neste krise.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake