Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Trålar får segl

Av Arvid Bryne
,  18.07.08


«Libas» er Noregs største fiske­båt. Som kombinert ringnotfarty og trålar er han bygd for framtida og dimensjonert for andre rammevilkår og krav enn dei den pelagiske floten har i dag. «Libas» måler 94 meter og er på 4400 bruttotonn. Båten held ein fart på 21 knop. I tillegg til å vera ein framifrå fiskebåt etter sild og kolmule er «Libas» laga for oppdrag innanfor havforsking.

Slik er reknestykket til reiar Lars Olav Lie i Lie­gruppen frå Straume på Lillesotra i Hordaland:

Seglet som er prosjektert, kan utløysa 1500 hestekrefter. Me reknar med å kunna bruka segl femti dagar. Det vil gje ei innsparing på 300 liter til 1800 kroner timen. På eit døger kan det verta 40.000 kroner i innsparing. På femti døger vert det to millionar kroner. Ikkje berre det, det er miljøvenleg, seier Lie til Fiskeribladet Fiskaren.

Motor i ro
«Libas» har 8000 hestekrefter i maskinromet. No reknar ein med at dei kan få kvila i lange periodar eller tilpassast ulike lågare nivå i ei såkalla hybridløysing. Fartyet driv fiske i frå 90 til 120 døger – utanom ymse forskingsoppdrag. Om vinteren kan det verta god vind i segla når kolmulefangsten skal førast i land. Turen frå feltet vest for Irland tek tre døger. God siglingsvind kan det òg verta på den lange turen frå Vestlandet til sildefeltet vest for Hammerfest.

Ny baug
Skal «Libas» fungera som seglbåt, må baugen endrast. Saman med Innovasjon Norge skal reiaren vurdera kven ein skal samarbeida med. Det engelske SkySails har markert seg som langt framme når det gjeld alternative energikjelder. Dei har prosjektert eit segl som kan utløysa 6000 hestekrefter. Ein reknar med at SkySails vil koma inn i biletet når «Libas» skal byggjast om.

Landlege
Den høge prisen på drivstoff gjer at mange fiskarar vel landlege framfor fiske. I Japan skal fiskeria ta eit opphald frå midten av denne månaden, uvisst kor lenge. Mange norske sjarkfiskarar vil òg venteleg velja å liggja i land.

Den nye fiskeripakken frå EU vil tilby fiskarane 240.000 kroner for å liggja ved kai i opptil tre månader.

Segl på motorskip er ein gamal draum. Lars Olav Lie seier at han har leika med tanken i mange år. Han går ved at tanken kan synast vill.

– Men ein må vera litt vill om verda skal gå framover. Eg har tenkt tanken at dette kan verta ein fiasko. Men eg tek sjansen. Eg er viss på at «Libas» har segl ved årsskiftet, seier han.





Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake