![]() |
|
|
Duun toler problematisering Av Heming Gujord, 26.06.08 I Dag og Tid 20. juni går Elin Strøm hardt ut mot biografien Olav Duun. Sjøtrønder. Forteller (Aschehoug 2007). Ho krev at forlaget skal dementere påstandar i boka, noko det har avvist å gjere. Strøms målsetjing er å «få skutt ned» boka (Klassekampen 3. juni 2008). Dette er ikkje særleg venlegsinna, og eg kjenner ubehag over Strøms framstilling av mine arbeid, som alt i alt dreiar seg om minst seks heile årsverk. Likevel er eg glad for at Dag og Tid prentar innlegget slik at korta no kjem på bordet. Det samiske Når det gjeld det regionale, byggjer eg på framstillingar av Runbjørg Bremset Hansen og Håkon Hermanstrand. Truleg har det vore ein viss kystsamisk folkesetnad i Namdalen. Eg viser òg til Oluf Rygh, som analyserte stadnamna med førestavinga finn i tilknyting til det samiske. Når det gjeld «finnane» i Duuns verd, kan ein som Strøm halde folketeljing og slå fast at det ikkje er så mange av dei. Men perspektivet er til stades gjennom heile Juvikfolke. Det er verdifullt at Duuns verk viser fram ein viktig kulturkonflikt i norsk historie. Den vonde scena der samejenta Solvi blir jaga og drepen, har då òg valda mange Duun-lesarar kvalar. Halldis Moren Vesaas kunne ikkje på noko vis forstå logikken bak dette. Ein utanlandsk Duun-lesar konkluderte derimot med at juvikingen Anders Håberg var sterk nok til å gjere ei vond, men likevel naudsynt gjerning, då han jaga Solvi frå garden. Som biograf har det vore mi oppgåve å gå Duun inn på livet. Eg har lurt på kvifor han var så oppteken av tematikken om «kløyving» og «finn-blod» i ætta. Dette er eit vanskeleg tema, og dei eg har drøfta det med, er ikkje viljuge til å tale ope ut. Då kunne også eg ha late emnet liggje. Men det er òg mogleg å sjå dette som eit argument for å ta det opp til drøfting. «Sjøtrønder» Eg bad nokre av kjeldene mine om ein kommentar. Eitt av svara førde inn det samiske på det eg vil kalle eit folkeantropologisk grunnlag. Eg har elles bede om tillating til å sitere frå brevet, og eg lét kjelda mi lese gjennom heile argumentasjonen min kring dette. Strøm freistar å gjere kjelda til lått, noko ho slett ikkje har grunnlag for å gjere. Som eg skriv i boka, er kjelda både reflektert og truverdig. Men slik Strøm sjølv grip fatt i dette, kan ein forstå at folk ønskjer å vere anonyme. I Duuns brev finst det mange vitnemål om at forfattaren var oppteken av eigen utsjånad. Han hadde nok det ein i dag vil kalle for kompleks. Eg ser dette i samband med Dalgards karakteristikk av Duun som «sjøtrønder» og dei fordomane som eksisterte mot dei andre i samtida. Eg kan ikkje sjå at eg kompromitterer Duun med mi drøfting. For meg er dette først og fremst eit spørsmål om identitetsproblematikk. Det germanske Duun skildrar eit møte mellom bondeslekta og menneske med andre antropologiske kjennemerke. Over fleire slektledd giftar juvikingane seg med partnarar som er mørkleitte og/eller brunøygde. Lenge går det ei rørsle mot forsoning i og gjennom giftarmålet mellom Odin og den brunøygde nordlandsjenta Ingri. Odin skal gjere det som forfaren Anders – han som jaga «finn-Solvi» frå seg – ikkje greidde. Lenge går det godt, men til slutt er det likevel giftarmålet med Ingri som blir Odins bane. Ved å gå til åtak på henne får Odins fiendar òg has på han. Det finst døme på kvalifiserte Duun-lesingar der giftarmålet mellom Odin og Ingri blir sett på som resultat av eit feilgrep. Bente Hammerich Heltoft argumenterer for at syskenbarnet Astri i røynda er Odins store kjærleik og at han burde ha gifta seg med henne. Sett i eit slikt perspektiv blir giftarmålet mellom Odin og Ingri berre den siste demonstrasjonen av utarting i juvikætta, av systematiske giftarmål mellom juvikingane og dei andre. Dette var ein etter måten vanleg fortolkingsmodell i samtida då mange frykta degenerasjon gjennom raseblanding. Det kan tykkjast merkeleg at «sjøtrønderen» Duun kunne skildre kulturmøtet på dette viset. Sjølv trur eg at Duun har investert noko av sin eigen identitetsproblematikk i skildringa av den kløyvde ætta. Også på dette punktet har eg rådført meg med truverdige kjelder. Men det er sjølvsagt eg som står ansvarleg for framstillinga i boka. Totalt ulogisk? Det er eit faktum at førestellinga om den flatføtte moldvarpen, han som driv undergravande verksemd, er ein antisemittisk sjablong. Denne finst altså i Duuns fiksjonsverd. Eg koplar dette til ein karakterbrest hos helten, men legg til at forfattaren truleg har delt denne. Strøm finn dette «totalt ulogisk». Er dette framleis ulogisk når ein finn døme på ord som «lusjødisk» i Duuns brev? Som litteraturforskar og biograf har eg sett det som mi oppgåve å trekkje relevante liner mellom verk og liv. Her skil Strøm og eg lag i vurderinga av kva som er logisk gyldig i fagleg prosa. Steffens-prisen Steffens-prisen gav Duun pengar på bok. Men Henrik Rytter skulda han offentleg for å ha blitt teken av nazistisk «uånd». Strøm gjer eit poeng av at Didrik Arup Seip sat i priskomiteen og at han aldri har blitt lasta for dette. Her er eg av den klåre meining at Seip, som frå 1937 var rektor ved Universitetet i Oslo, var i dårleg selskap blant dei tyske nazistane i komiteen. Propagandaminister Goebbels hadde sytt for at alle tyske kulturprisar skulle sortere under hans ansvarsområde slik at dei skulle tene saka til det nye Tyskland. Det får vere opp til universitetshistorikarane å granske korleis den fremste representanten for det intellektuelle Noreg kunne setje seg sjølv i ein så umogleg posisjon. Men Seips rolle er ikkje noka orsaking for Duun. Forskingsetikk Eg har ikkje framstilt det som at Duuns svigerson kan ha trudd seg til Dalgard «om at Duun sympatiserte med nasjonalsosialismen». Eg har gjort merksam på at dei sat i Sachsenhausen på same tid og at dei hypotetisk sett kunne ha treft kvarandre der. Dette kan knapt vere kompromitterande for nokon av dei. Snarare tvert om. Biografien er kjøpt inn av Kulturrådet og spreidd til folkebiblioteka. I beste fall kan boka føre nye lesarar til Duuns rike fiksjonsverd. Duuns litteratur er uansett sterk nok til at han toler det som måtte vere av problematisering i mi bok. Slik sett er Strøms målsetjing om å skyte ned biografien mest av alt ei mistillitserklæring til litteraturen i seg sjølv. Heming Gujord er fyrsteamanuensis i nordisk litteratur ved Universitetet i Stavanger. « Tilbake |
![]() |
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|