Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


«Jeg er atter kommunist»

Av Roald Helgheim
,  12.06.08


I ettertid har dei mest pottesure kritikarane kalla ein del reaksjonar i media eit intellektuelt knefall for ein Solstad dei sjølve ikkje går av vegen for å rose opp i skyene, men som no har trakka salaten. Kva påstanden om knefall botnar i, er for meg ei gåte, då han faktisk fekk det meste av det intellektuelle meiningsmonopolet på nakken med Samtiden-essayet «Om ytringsfrihet». No var han berre ein arrogant og respektlaus motstandar av ytringsfridom, endå han på første side i essayet presiserte det motsette. Vel vitande om at det er billetten han må betale for å gardere seg: «Selv er jeg for ytringsfrihet i alle land, uten at jeg kan si at det er det viktigste problemet i noen av de land som mangler den, men jeg gjentar at jeg skulle ønske ytringsfrihet ble innført i forbindelse med de helt nødvendige endringer som skjer i fattige land, men her er det ikke mye jeg kan gjøre fra eller til, uten å støtte det arbeidet Forfatterforeningen gjør (...). Nei, ytringsfrihetens ødeleggende kraft viser seg først og fremst når ytringsfriheten blir dyrket som en hellig idé i Norge, og i Vesten forøvrig. Da kan jeg ikke annet enn protestere.»

Kva protesten førde til, veit vi, og dei negative reaksjonane har for det meste gått ut på at han skreiv feil artikkel. Eit trygt essay om kampen for ytringsfridomen verda rundt, og Solstad hadde ikkje lenger vore Solstad, og artikkelen hadde vore totalt utan interesse. Dessutan: Kva har eg og du gjort for den globale kampen for ytringsfridomen i det siste? Lite eller ingenting, kan eg svare for meg sjølv, men eg har liksom ikkje det renommeet som trengst for å stikke fingeren inn i meiningsmonopolet av intellektuelle og andre ytringskarrieristar, som meiner å forvalte etiketten for korleis kampen for ytringsfridomen skal førast. Difor stor takk til ein som har nok pondus, og som veit det, og som med stor presisjon har terga på seg både gamle og nye fiendar. Dei abonnerer alle på kronikk eller debattplass i kva organ det skal vere, og der kunne somme av dei la det rykkje i anti-AKP-foten også og hoste opp att minnet om då dei vart like provoserte av den totalitære romanen Arild Asnes. Eller som Helge Rønning og ein medforfattar skriv i Aftenposten: «Dermed er vi tilbake ved Arild Asnes’ ambivalens til det åpne samfunns bærende elementer.»

Til og med litteraturfestivalen på Lillehammer etterpå vart overskygd av dette dramaet. Alt før han vart opna, var han utgått på dato, og Shabana Rehmans patetiske stunt med nesten å brenne Koranen er alt gløymt. Og vi kan gå attende til starten, den artikkelen som kom først, som handla om Ibsens Brand, den medisinen som for meg var så sterk at eg alt kjende meg kurert før balladen om ytringsfridomen. Eg vedgår glatt at eg i mai månad skaffa meg Brand som pocket, utan å hugse stort meir av stykket enn «Det som du er, vær fullt og helt, og ikke stykkevis og delt». Det er ikkje lite berre det, men i mine augo finst også ein slektskap mellom den kritiske analysen av den gjengse Brand-tolkinga sidan stykket vart skrive i 1866, og den heimlege plaskedammen om ytringsfridom snart 150 år seinare. Solstad kunngjer snøgt at han set stykket Brand over Peer Gynt, og «når jeg hører noen si at Peer Gynt er Ibsens beste eller eneste virkelig levende/sprelske/menneskelige stykke, da vet jeg at jeg snakker med en person som egentlig ikke har noe forhold til Ibsen, men bøyer seg kun for hans posisjon i verdenslitteraturen». Utan dei store stykka Ibsen skreiv etterpå, ville både Brand og Peer Gynt berre hatt litteraturhistorisk interesse, men: Kvifor er «den naive idealistiske uskyld likevel en av de få tingene som åpenbart forbinder slekten fra 1866 med meg, en sympatisk leser fra 2008»?

Forandringa av Brand frå tragisk idealist til først fanatikar og no fundamentalist, har ikkje berre samanheng med at samfunnet har vorte meir sekularisert, meiner Solstad. Men det er gjennom den samtidige danske kritikaren Clemens Petersen han kjem på sporet av noko. «For Hovedpersonen Brands Øine see Nutidens Mennesker saaledes ut: Til at leve er de født, at leve stort, herligt, betydningsfuldt og lykkeligt.» «Hvad er det da, som Nutidens Menneske mangle, siden deres Aand er bleven slagen med Rædsel for det, der er Aandens naturlige Element: Det afgjorte, siden deres Liv er blevet saa slapt og farveløst, at det ikke fortjener at kaldes et Liv. Det er Deres Gudsbevidshet, der er fordunklet, sløvet, ja ofte tabt», skriv kritikar Petersen. Han er kritisk til Brand, «men pennen hans dirrer når han skriver, det merker jeg. Han skjønner åpenbart omkomstningene ved å skulle leve ut/skrive ut svimlende tanker, og den del omkostninger ved selve livet også», skriv Solstad. Og det er etter dette studiet av ein samtidig Ibsen-kommentator han sjølv kjenner seg fri:

«Jeg blir stående her, ved Idébevissthetens gjenoppståelse og menneskeslektens nye fødsel. Jeg tør si det åpent: Jeg er stolt. Jeg retter ryggen. Jeg er atter kommunist. Jeg innser atter det nødvendige.» Hadde han stroke ei av setningane, hadde det slutta slik: «Jeg er stolt. Jeg retter ryggen. Jeg innser atter det nødvendige.» Og alle hadde applaudert.

Etterpå kjem det ei soge om at Solstad ein gong meinte at AKP(m-l) «hadde beflittet seg på å bli Brands setterfølgere». Det trur eg mindre på. Men svekte det verknaden av Solstads medisin at han skreiv: «Jeg er atter kommunist»? Ikkje for meg. Det var snarare det som gjorde susen.





Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake