Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Distriktspolitikk på engelsk og norsk

Av Jon Hustad
,  05.06.08


OXFORD, ENGLAND: Nordmenn likar å sjå på seg sjølve som innbyggjarar i eit uvanleg land. Det er det ikkje noko uvanleg i; dei fleste nasjonalitetar kjenner seg unike. Særleg likar vi nordmenn å fortelja utlendingar kva for ein god velferdsstat vi har, men sanninga er at dei fleste andre vestlege land òg har gode velferdstatar: Overalt vert barnehagar subsidierte, skuleplassar gjevne bort gratis, operasjonar utførde utan kostnad for den opererte, eldre vert gjevne pengar på konto, uføretrygd vert løyvd og så bortetter.

Men på eitt felt er vi nordmennene verkeleg unike, og det er i overføringane til distrikta, og lite tyder på at det systemet skal endrast: Dei siste tre åra har Senterpartiet pøst pengar ut over Distrikts-Noreg, auken i over­føringane har vore formidabel. (At veljarane ikkje har oppdaga dette, er ei anna sak, truleg må Sp sparka PR-rådgjevarane sine.) Og meir skal det verta.

I desse dagar drøfter Stor­tinget framlegg til nytt inntektssystem. Kven får prosentauke? Distrikta. Kven får prosentreduksjon? Dei store byane. Men i absolutte tal får alle meir; Magnhild Meltveit Kleppa har tvinga Jens Stoltenberg og Kristin Hal­vorsen til å sukra pillene med ein ofseleg auke i dei ålmenne overføringane.

To ulike system
I Storbritannia denne veka la tenkjetanken Centre for Policy Studies fram ein rapport om det statlege overføringssystemet til britiske kommunar og korleis det har utvikla seg under Labour-styret. Og for å seia det slik: Utviklinga samsvarar ikkje med den norske. Trenden er klår: Byane, særleg dei indre by­delane, har fått ein klår auke sidan 1997, forstadene ein mindre auke, og distrikta ein reell attendegang i høve til BNP.

Då må vi på ny henta inn norske tilhøve for at vi skal skjøna kva vi talar om. I Noreg er målet at kommunane skal greia seg på eiga hand, til dømes avgjer kommunane sjølve nivået på inntektsskatten, staten set berre eit tak. (Alle kommunane tek rett nok maksimalt av det dei kan taka, men det er ei anna skål.) Kommunen avgjer òg om dei vil ha eigedomsskatt og kva nivå han skal liggja på (her er det store skilnader mellom kommunane).

Berlevåg vs. Stavanger
Dette var teorien, men sidan staten i praksis tek brorparten av skatteinntektene, greier ikkje kommunane seg på eiga hand. I tillegg: Om kommunane skulle greia seg heilt på eiga hand, hadde det vorte enorme skilnader på det offentlege tenestetilbodet. Og slik vil vi ikkje ha det. Difor har då også Stortinget vedteke at staten skal jamna ut skilnadene; ja, ikkje berre jamna ut skilnadene mellom kommunane, men òg vedteke at utvalde distriktskommunar (les: kommunar i Finnmark) skal få ekstra­peng­ar.

Ei kjapp jamføring mellom norske kommunar illustrerer poenget. Tala er henta frå SSB og er frå 2006. Det året hadde Oslo 34.701 kroner i såkalla frie inntekter per innbyggjar. (Frie inntekter er pengar som kommunane fritt kan disponera utan andre bindingar enn lover og føresegner. Frie inntekter får kommunane gjennom skatt på inntekt og formue og råmetilskot frå staten, men ikkje eigedomsskatt.) Tilskotet staten yter til dei frie inntektene i Oslo, var 3,5 prosent. Oljehovudstaden Stavanger hadde på si side frie inntekter på 27.962 per innbyggjar, det statlege tilskotet av dette var 5,5 prosent. Sagt på ein annan måte: Om staten slutta å overføra pengar til dei store by­­kommunane, så hadde dei overlevt utan altfor store nedskje­ringar.

Ikkje slik for distriktskommunane: I 2006 hadde Dovre 35.327 kroner i frie inntekter per innbyggjar; den statlege prosent­delen av dette var på 36,6 prosent. Dovre ligg likevel langt etter kommunane i Finnmark: Berlevåg hadde 58.863 kroner i frie inntekter; det statlege tilskotet var på 49,8 prosent, og då må vi hugsa at kommunar i Finnmark ikkje betaler arbeidsgjevaravgift.

Uføretrygd hjelper òg
Om vi tek med uføretrygd, som staten betaler, vert skilnaden i overføringsregime endå tydelegare. I Oslo er 7,3 av folkeset­naden i arbeidsfør alder uføretrygda, nett den same prosent­delen har Stavanger. Dovre, på si side, har ein uføredel på 11,4, medan Berlevåg kjem ut på topp med prosentdelen 16,4. Og no skal altså skilnaden mellom distrikt og by verta endå større. Jamført med det overføringssystemet som er i dag, vil framlegget frå kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa føra til at Dovre i 2008 får 600 kroner meir per innbyggjar, medan Oslo får 300 kroner mindre.

Så Storbritannia. Det er eit land som knapt har kommunalt sjølvstyre. Det meste av politikken vert avgjort i London, og overføringane til kommunane er såkalla bundne, kommunestyra avgjer altså ikkje korleis dei statlege pengane skal nyttast. I gjennomsnitt betaler staten 75 prosent av utgiftene ein kommune har; den resterande skatten vert samla inn gjennom såkalla council tax, som er ein kombinasjon av avgifter og eigedomsskatt.

Unnataka frå desse reglane er dei ikkje-engelske regionane Nord-Irland, Skottland og Wales, som har utstrekt sjølvstyre og eigne parlament som sjølve av­­gjer skattenivå og ei rad andre åtgjerder. Her ser vi bort frå desse regionane og konsentrerer oss om England.

England har elles ikkje nokon tradisjon for å driva distrikts­politikk – om vi med distrikt meiner landdistrikt (sjå sidesak), men toryane likar å framstilla seg sjølve som distriktspartiet. Tradisjonelt har då også dei konservative hatt høg veljarsstønad utanfor byane, men tala frå det siste året dei hadde makta, syner ikkje nett stor ihuge etter å driva utjamning. Tal som dette hadde neppe vorte godtekne av Kleppa: I 1997 fekk London 1256 pund per innbyggjar, altså om lag 12.560 kroner (heretter skriv vi kroner og reknar med ein kurs på ti kroner per pund), medan ein gjennomsnittleg forstad fekk 9500 kroner. I distrikta var den tilsvarande summen 7270. Med andre ord: Ein som levde i distrikta, fekk berre 57 prosent av det den gjennomsnittlege London-buaren fekk.

Bypartiet Labour
Så kom Labour til makta. I dag får London 27.430 kroner per person, forstadene 19.690 kroner og landsbygddistrikta 14.130 kroner. Gapet mellom London og Distrikts-England er altså på 13.330 kroner, så no får ein som lever på bygdene, berre 51 prosent av det ein som lever i London, får.

Slikt får sjølvsagt konsekvensar. Tala er klåre: Det er liten tvil om at byelevar får langt meir stønad og oppfylgjing i skulen enn det borna i distrikta gjer. Prioriteringane ser ein òg i kriminalpolitikken; distrikta har mist 384 politistasjonar sidan 1997, byane berre 81.

Så då vert spørsmålet: Kvifor den store og raske endringa? Toryane meiner dei har svaret:

– Gordon Brown har ein einfeld strategi for å vinna det neste valet: Å smørja dei tradisjonelt gode områda for Labour med peng­­ar han har naska frå Tory-røystande område, seier Philip Dunne, leiar for distriktskomitéen i Parlamentet og MP for toryane til The Daily Telegraph.

Om ein ser på utviklinga i kommuneskatten, er det freistande å gje Dunne noko rett. For kva må kommunane gjera når dei statlege overføringane går ned? Dei må auka avgiftsnivået. Dei tjue kommunane i England som har hatt lægst auke i kommuneskatten dei seinaste elleve åra, har alle vore Labour-styrde. Dei sytten som har hatt den største auken, har alle hatt anten tory- eller liberaldemokratisk styre. Labour-byen Manchester har til dømes hatt ein auke i kommuneskatten på 42 prosent dei seinaste elleve åra, i landkommunen South Shropshire er den tilsvarande auken på 133 prosent.

Det vert ikkje lett for Tory å argumentera med at dei er skattelettepartiet med eit slikt rulleblad; vi kan nokså trygt gå ut frå at Gordon Brown veit så pass.

Finnmark
Men i Noreg rullar altså distriktspolitikktoget vidare. Det såkalla Sørheim-utvalet leverte tilrådinga om nytt inntektssystem i oktober i 2007. Så vart kommuneproposisjonen lagd fram i Stortinget i midten av mai. I neste veke kjem kommunal- og forvaltingskomitéen med si tilråding – etter alle solemerke stort sett i tråd med framlegget frå regjeringa. Systemet skal gjerast gjeldande frå 2009 og er tufta på to hovudgrep, båe gode for distriktskommunar:

1) Auka utjamning av skatteinntekter frå skattesterke til skattesvake kommunar. Alle kommunar med skatteinntekter over landsgjennomsnittet taper.

2) I tillegg vert den kommunale selskapsskatten avvikla og gjord statleg – atter ein gong. (Solberg gjorde delar av denne skatten kommunal i 2005.) Mange store byar taper på dette òg.

Og som så ofte før: Finnmark, som får klårt mest, skal få endå meir. Kvifor? Tja, om vi ikkje leng­er har noko forsvar i nord, må vi vel ha nokre folk til å bu der.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake