Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Hjelp til sjølvrespekt

Av Svein Gjerdåker
,  29.05.08


Hendinga i Bergen, der ei nitten år gamal jente nyleg døydde av ein overdose, er sterkt opprørande. Det synest utanfor all tvil at politiet i Bergen må gå grundig gjennom rutinane sine, sidan dei lét vera å rykkja ut då dei fekk melding om at jenta var sterkt rusa.

Dødsfallet aktualiserer dei store utfordringane som narkotikapolitikken står overfor. «Kampen mot narkotikaen er over. Narkotikaen vann.» Denne overskrifta i ei britisk avis oppsummerer treffande narkotikasituasjonen i Noreg òg. Sjølv i fengsla verkar det umogeleg å stoppa narkotikatilgangen. Krav om meir kontroll og strengare straff er i dag slagord utan reell innverknad. Det må satsast på førebygging og behandling.

Her berre kort to tema: Gatenarkomane må vera den mest hundsa gruppa av alle i dette landet. Det verkar som om det er ei naturlov at dei store byane skal ha garva narkomane gåande i gatene – tydeleg sjuke og med ein svært dårleg prognose. Å hjelpa menneske i prekær naud til levelege liv med eit snev av sjølvrespekt må vera maktpåliggjande for eit velferdssamfunn. Større satsing på metadonbehandling er ein ting – små og store sosiale tiltak eit anna.

I tillegg må det målretta oppsøkjande ungdomsarbeidet styrkjast. I dag har kommunane inga lovpålagd plikt til å driva dette arbeidet. Det bør dei ha for å sikra ei offensiv line og hindra nedprioritering når budsjetta blir laga. Mange foreldre opplever at det må verta svært dramatisk før noko skjer. Terskelen for hjelp må derimot verta lågare, og det som det offentlege måtte kunna bidra med, må inn så tidleg som råd. I tillegg – og det må repeterast om att og om att: Det store rusmiddelproblemet er alkoholen. Difor bør heller ikkje sal av alkohol styrast av næringspolitikken – slik som i dag.






Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake