Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Mjølk, dugnad og kongepokalar

Av Ottar Fyllingsnes
,  29.05.08


Jordbruksforhandlingane er så innfløkte at det finst berre to som skjønar seg på dei: Vårherre og departementsråd Per Harald Grue i Landbruksdepartementet, vert det sagt.
Så lenge folk flest kan minnast, har den mektige departementsråden presentert tilbodet frå staten for bøndene kvar vår. Og like sikkert som Grue har sagt sitt, har bortimot eit par tusen slitne bønder sett kroken på fjøsdøra kvart år.
Men framleis finst det bønder som kjempar vidare i fjellregionen i Nord-Østerdalen, og det gjer broren til departements­råden også.

Kølbua kafé
Like før ein forlèt Hedmark fylke i nord, dukkar det opp tre gule sauebjøller på grøn botn på eit skilt i vegkanten. Det er kommunevåpenet til Os kommune. På den eine sida av vegen renn Glåma, og bortanfor ligg det snøkvite Håmmålsfjellet.
Os kommune i Østerdalen – med 2047 innbyggjarar – høyrer til dei minste i landet. Gjennom Flytt hit-prosjektet har kommunen gått samen med fem andre kommunar for å få folk til å flytta til fjellregionen. Mellom 20 og 25 familiar skal ha følgt oppmodinga, men spør ein kor mange som har flytta til Os, får me ikkje noko svar.

– Det flyttar mellom femten og tjue personar til Os kvart kvartal, og om lag like mange flyttar ut. Folketalet i kommunen er svært stabilt – med 2054 hausten 2006 og 2047 i dag, seier prosjektleiar Ragnhild Dåsnes i Flytt hit-prosjektet.   

Vaffel-økonomi
Tek ein av frå riksvegen i Os og køyrer fem kilometer vestover, kjem ein til Dalsbygda der ho breier seg ut med fine gardsbruk i slakke lier. Somme tun er tydeleg prega av forfall, men i overraskande mange tun lyser det i raude og velhaldne driftsbygningar. Herifrå kom far til Johan Falkberget, og herifrå kjem den blidaste av dei norske skijentene.
For ei veke sidan hadde bjørka enno ikkje sett farge på bygda, men bygdefolket vona på grønfarge denne veka.

I bygdesenteret tronar den gule Meierigarden, som tok mot mjølk fram til slutten av 80-åra. I dag hyser han ulike tiltak, mellom anna ei forvitneleg krambu.Like ved ligg Kølbua kafé.
I tidlegare tider brukte meieriet kol, og det vart lagra i kolbua. Sidan vart det bygdekafé, og eit skilt utanfor fortel at dette er staden der «der bygdainger og anna godtfolk treffes». Kaféen er open både fredagar og laurdagar, og særleg den siste dagen i veka er det fullt her.
Denne regnfulle fredagsføremiddagen i slutten av mai har fleire av fjellbøndene teke seg tid til å gå på kafé. Utanfor står det solide firehjulsdrivne doningar og vitnar om pengedryss også i denne bygda.

Sterk dugnadsånd
I eit hjørne står Oddbjørg Johaug og steikjer vaflar. Ho er trønder og inngift i bygda. Ho er det inkarnerte dugnadsmennesket og strekar under at ein må engasjera seg – om ein skal få ei lita bygd til å sviva.
– Eg stiller gjerne på dugnad, og det gjer dei fleste i Dalsbygda. Det har alltid rådd ei sterk dugnadsånd her, og for ein innflyttar fører det til at ein fort vert kjend med folk.
Oddbjørg Johaug arbeider dugnad både for helselag, friviljugsentralen og på kyrkjearrangement. På jobben i kommunen har ho ønsketurnus, slik at ho tidleg kan ta fri den dagen det høver betre å steikja vaflar på Kølbua kafé.

Vaffelrøra har Oddbjørg Johaug kosta sjølv. Fem liter røre går med når det skal serverast vaflar på kaféen. Johaug sjølv tener ikkje eitt øre på vaflane eller arbeidet. Inntektene frå salet av kaffi og kaker går til lutlaget og drifta av kaféen.
– Det finst sjølvsagt folk som seier at dei har det så travelt at dei ikkje har tid til å drikka kaffi her, men dei drikk no kaffien sin heime, seier bygdefolket.
Her dukkar dei opp – den eine etter den andre – både bønder og andre – med hatten på snei for å sjekka vaflane og sjokoladekaka.
Ved eit bord sit ordførar Arne Grue og studerer arealplanen saman med ein bonde. Ordføraren er bror til den mektige departementsråden Per Harald Grue.
– Skal tru om dei vert samde om landbrukspolitikken når dei møtest ved middagsbordet, seier ein som har benkja seg ved eit anna langbord.

Skule i tynn tråd
Med 25 år i lokalpolitikken er Arne Grue veteran i kommunepolitikken i Os, men det var først i fjor at han vart ordførar. Han representerer Arbeidarpartiet, og med hjelp frå SV greidde han å setja Senterpartiet på plass ved kommunevalet. No har ordføraren teke seg tid til å møta bygdefolket og høyra deira meining om utkastet til arealplan. Dagen før var han i Tufsingdalen i den sørlege delen av kommunen; denne dagen i Dalsbygda.
– Tufsingdalen har om lag hundre innbyggjarar, men det er svikt i folketalet, og skulen med åtte–ti elevar heng i ein tynn tråd. Vert han nedlagd, må ungane reisa fire mil for å koma på skulen, og det er ikkje berre bra, seier ordføraren.
I møtet med bygdefolket var dei fleste opptekne av at hyttefeltet med førti hytter ikkje skulle verta for stort. I bygda strevar også butikken for å overleva, og i den samanhengen er hyttefolket viktig.

Mangel på arbeidskraft
I Dalsbygda er det eit aktivt jordbruk, og bygdefolket lokkar gjerne folk til grenda ved å visa til gode høve for både jakt og fiske. Dei kan lokka med at det er tillate med spreidd bustadbygging, men når det gjeld bygging på dyrka jord, er politikarane restriktive.
– Folketalet har vore relativt stabilt, men den siste tida har det gått ned, og det er ikkje særleg gunstig.
– Me må ha fleire og varierte arbeidsplassar. Me treng langsiktige investeringar, seier ordføraren – og nemner husdyrmerke­fabrikken, mekaniske bedrifter og trebedrifter som viktige arbeidsplassar i kommunen. No opplever bygda til og med mang­el på faglærd arbeidskraft.

Ordføraren fortel at mange som reiser ut, vender tilbake til heimbygda.
– Godt oppvekstmiljø har ein god del å seia. Kommunen ligg dessutan mellom to regionsenter – Røros og Tynset –, og over 200 pendlar frå Os til Røros.
– Kva har lokalpolitikarane lukkast best med i dei 25 åra du har vore med i lokalpolitikken?
– Me har både lukkast og ikkje lukkast med å få folk til å busetja seg i kommunen. No har me tomter, men Røros har fleire å velja mellom, og det er nok lettare å slå seg ned der. Den største utfordringa for Os kommune er å auka folketalet. Prognosane viser at barnetalet går ned, og for oss er det viktig å få familiar til å slå seg ned her og satsa på mange born. Skulen i bygda har kring sytti elevar. I Os er det ikkje uvanleg med familiar som har både tre og fire born, men det skulle vore både fem og seks, seier ordføraren.

Internasjonal triumf
Ved det andre langbordet på Kølbua kafé sit Thorvall Johaug, faren til Therese Johaug, eitt av dei største stjerneskota i norsk langrenn. I fjor kjempa attenåring­en seg til bronse i verdsmeisterskapen i Sapporo, og i vinter tok ho kongepokalen med heim. Men ho er ikkje den første kongepokalvinnaren frå grenda. Thorvall Johaug er rask med å rekna opp glimrande kombinertløparar.
– Før krigen stod Ola Norman Bakken att som kongepokalvinnar, og sidan har Kåre Olav Berg teke fleire kongepokalar.

Skisporten er viktig for bygda, og då Dalsbygda feira kongepokalen til Therese Johaug, kom det 300 personar – i ei grend med 500 innbyggjarar. Mest kvar einaste ein er med i idrettslaget – i alle fall 400. Her er det langrenn og turn som er dei store idrettane.
Thorvall Johaug kan skryta av lett tilgang til flotte lysløyper – og han slår fast at milliardane burde heller vore brukte på Holmenkollen enn på operaen i Bjørvika.
– Holmenkollen trekkjer langt fleire enn Operaen!

Mjølk i tilbakegang
I 1950-åra var det mjølkekyr på kring 150 av gardane i bygda. No er talet redusert med hundre, men likevel er det imponerande med åtti bønder og femti mjølkebønder i ei så lita grend.
Thorvall Johaug har tretti kyr og driv med mjølke- og kjøtproduksjon.
– Stort meir enn det kan eg ikkje ha. I Dalsbygda driv folk med kyr og sau, og dei fleste har mellom femten og tretti kyr. 49 driv med mjølkeproduksjon og 30 driv med sau, fortel Johaug.
Han meiner at det er styresmaktene som avgjer framtida for bøndene i bygda.

Tinn og tang
Ved langbordet i kaféen sit det ein som har flytta frå hovudstaden med familien, men han tømmer kaffien i seg og går.
Den kvite skjorta til ein av dei andre er prydd med påskrifta Øster­dal Billag.
Sidan broren var odelsgut, valde Rolf Egil Krog å driva med anleggsmaskiner i tjue år. Sidan vart han tusenkunstnar. Det seier han ikkje sjølv, men det skjønar ein etter ein tur i krambua hans. Der held Daltinn til, og det er overdådig fullt av alt!
Rolf Egil Krog er både tinnstøypar og kramkar. Han lagar flotte ostehøvlar, kakespadar, beltespenner og karskrotarar i tinn.
Ein gong selde han for 100.000 kroner til USA, men globaliseringa pregar livet til kramkaren i Dalsbygda også.

– På dei siste fem åra er råvareprisane på tinn tredobla. Tidlegare hadde eg litt eksport til USA, men no har den låge dollarkursen gjort eksporten vanskeleg, fortel Krog.
Han reiser gjerne på messer i England for å sjå kva dei har der, og for å få impulsar.
– Då ser ein kor veloppdregne britane er. Nordmenn har vorte hovne bleier, etter kvart som dei har fått for mykje pengar mellom hendene, seier krambueigaren.
– Eg reiser mykje, og det beste med turen er alltid å koma heim att. Ein får verkeleg trua på å driva dugnad når ein bur på ein slik plass. Alt som skjer her, skjer på dugnad. Eit lokalt lutlag har teke over butikken, og me har fått både post og bank i butikken.

– Kva manglar Dalsbygda?
– Investorar med risikoviljug kapital, så me kunne fått produksjonsverksemder her.
– Er du optimist på vegner av Dalsbygda?
– Eg må vel seia det. Kanskje har det vore teikn på stagnasjon, men det er stor aktivitet her, seier Krog.
Han er medlem i fotoklubben, skyttarlaget og idrettslaget i bygda.
– Eg er svært avhengig å vera nær naturen, og dermed er Dalsbygda den beste plassen for meg!   



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake