Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Francis Meyers konstruktør

Av Klaus Johan Myrvoll
,  28.09.07


ROMANPRODUKSJON

Det er ikkje kvar dag forfattarar svarar på meldingar av bøkene sine, men Henrik H. Langeland tykte visst det var naudsynt då han fekk den fyrste kritiske meldinga av den seinaste romanen sin, Francis Meyers lidenskap (Dag og Tid 14. september). Langeland svarar ikkje på kritikken min, som er at romanen hans ikkje lever opp til dei uttala realistiske ambisjonane for boka, men gjev seg i staden til å skryta av alle dei gode redaktørane, konsulentane og språkvaskarane som har hatt hendene sine borti manuskriptet hans. Langeland sluttar at det «ikke er mange norske romaner som har fått en grundigere redaksjonell og korrekturmessig behandling enn Francis Meyers lidenskap de siste årene». Men det gjer då saka berre verre: Koss kan manuset ha passert so mange presumptivt kompetente personar utan at det låke presisjonsnivået vart oppdaga og påtala?

Det avgjerande er sjølvsagt det ferdige produktet, romanen som Langeland gjev frå seg, og mot kritikk av det kan ikkje forfattaren skuva redaktørar og konsulentar framføre seg, same kor mange eller kunnige dei måtte vera.

Eg har likevel vanskeleg for å tru at alle konsulentane åt Langeland skal ha vore like blinde for den haltande realismen og dei mange faktafeila i romanen. Ein teori: Når det ferdige produktet har vorte som det har vorte, er det av di den skøyre konstruksjonen åt Langeland ikkje har tolt fundamental kritikk. All pirking i grunnlaget som romanen byggjer på, måtte truga med å velta heile prosjektet. Om til dømes Francis Meyer hadde hatt klårt føre seg at den «tilslørde kurtiseringa» i rimbreva mellom Petter Dass og Dorothe Engelbretsdotter berre var vanleg retorikk i samtida, og at det var uråd for Petter å gifta seg med Dorothe då ho vart enkje, av di han sjølv var gift på annan kant, ja, so kunne heile kjærleikssoga ramla i hop.

Kor viktige desse konstruksjonane er for Langeland, syner kan henda nettmøtet på Dagbladet.no 21. september, same dag som svaret hans stod på prent i Dag og Tid. På spørsmål frå ein uinformert gymnaslærar om det er noko hald i soga om Petter og Dorothe, svarar Langeland at «de brevene som er bevart, er bemerkelsesverdig kameratslige og joviale, ja nesten litt pikante i tonen», og han tek opp att den ville idéen om at Petter Dass kan ha trått etter sokneprestembetet som mannen åt Dorothe døydde frå – «og få Dorothe med på kjøpet». Her synest ikkje Langeland å ha fått med seg noko av det eg skreiv i meldinga mi. Francis Meyers konstruktør er stendig like uimot­takeleg for den røyndomen han hevdar å byggja på – han kan ikkje sleppa myten han har skapt, utan at romanen hans samstundes misser truverde.

«Ingen romaner er feilfrie», skriv Langeland. Det er greitt, og det var då heller ikkje teiknsetjingsfeil eg kritiserte honom for, men for at sjølve personskildringa av Francis Meyer ikkje vert truverdig av di det han seier, tenkjer og gjer, ikkje er det ein skulle venta av ein litteraturprofessor av hans kaliber. Han skulle vita betre – om barokk retorikk og ortografi, om livssoga og tekstene åt Petter Dass, om filologi og kjelde­gransking. Når Meyer ikkje veit betre, er det av di Lange­land ikkje veit betre. Eg hevda at Langeland ikkje er fortruleg med det stoffet han gjev seg i kast med, og inkje i svaret hans avsannar den påstanden.

So til det eine punktet som Langeland faktisk svarar meg på: Han skriv at dei færraste av oss er «fullstendig sosio- og dialektkonsekvente når vi snakker», og det har han rett i. Det eg kritiserte honom for, var at han lèt personane sine tala på ein måte som ingen annan i dette landet kan tenkjast å gjera: Eg har enno til gode å høyra austlendingar seia slikt som «ei lita svipptur» og «ere ikke Norabakken hu kalles hu vesle gatestompen», eller at nokon kløyver infinitiven med -e i «læse», men -a i «unnervisa». Det undrar meg at ein pretendert realistisk forfattar ikkje har betre kontakt med røyndomen.

Klaus Johan Myrvoll er korrekturlesar i Dag og Tid.

Les meldinga av boka her:
Realisme på krykkjer
Les innlegget frå Henrik H. Langeland her:
Francis Meyers korrekturleser



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake