Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Leik og blodig alvor

Av Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
,  18.04.08


Kina likar dårleg at Tibet-spørsmålet smussar til førebuingane til planlagde, strålande olympiske leikar. Som stormakter flest mislikar Kina at andre statar blandar seg inn i det stormakta meiner er interne, politiske spørsmål. Og når landet skal vise seg frå si beste side, til fredeleg og upolitisk kappestrid, skal det pussast og vaskast, det skal blenkje og skine i kvar ein krok når verda vender auga mot gull, sylv og bronse. Og stakkars idrettsutøvarar som har trena og drøymt eit heilt idrettsliv om å stå øvst på pallen, skal ikkje få augneblinken forstyrra av viktige ting. Som menneskerettar. Det tek seg ekstra dårleg ut at det var munkar som starta opprøret i mars i år, dei kraftigaste protestane frå tibetanarar sidan blod­badet i 1959.

«Flott merksemd»
Ein kommentator i NRK Radiosporten meinte det var strålande at Kina fekk tildelt OL. Kommentatoren meinte det var flott at det no vart merksemd kring Tibet-spørsmålet, for «kor mykje hadde vi høyrt om Tibet-problema før?» Med ein slik argumentasjon er det sjølvsagt ein skandale at Kina fekk OL. Nord-Korea burde ha vore arrangør.

OL er mykje meir enn idrett. Kina skal vise dugleik, presisjon, handlekraft, styrke. Difor vert det meiningslaust å snakke om at ein ikkje skal sause saman idrett og politikk. For idrett er politikk. Den udemokratiske Internasjonale Olympiske Komiteen (IOK) deler ut arrangement etter eigne, hemmelege kriterium. IOK vel sjølv komitémedlemene. Organisasjonen er skulda for å vere elitistisk, autoritær og maktmed­viten og hegnar om eigne interesser. Komiteen har ingen forum for kritisk og open debatt.

Ein olympisk medalje er det flottaste ein idrettsutøvar kan smykke seg med. Å arrangere OL handlar om å få vise fram landet sitt. Arrangørane tyner OL for alt det er verdt, for å profilere kultur, natur og dermed også politikk. Det er difor eit paradoks at IOK ikkje stiller krav til menneskerettar i arrangørlandet. Amne­sty International meiner at menneskerettssituasjonen i Tibet har vorte verre etter at Kina fekk OL. Det er urovekkjande.

Dei moderne, olympiske leikane har hatt som mål at idretten skal tene ei «harmonisk utvikling av mennesket og underbyggje utviklinga av eit fredeleg samfunn». Fleire internasjonale konfliktar har påverka leikane gjennom historia. Den største boikotten kom under sommar-OL i Moskva i 1980. USA og 61 andre land uteblei, som ein protest mot Sovjetunionens invasjon av Afghanistan. Spørsmålet er om idrettsutøvarar vil nytte høvet til ei politisk markering i kjølvatnet av leikane i 2008. IOK har varsla at dei vil straffe utøvarar som vil bruke OL til å spreie politisk propaganda.

Kan gjere ein skilnad
Skaden med å gje OL til Kina har alt skjedd. Det er utøvarane som står i fokus under leikane. Utøvarane kan ha makt til å gjere ein skilnad, til å gå inn i historia som meir enn spurtande og hoppande. Utøvarane kan bidra til å gjere IOK demokratisk og markere at det må ei ny tid til. Eit demokratisk IOK med rom for kritisk debatt bør stille krav om menneskerettar til vertslandet. Nett som dei stiller krav til innkvartering, måltid, breidd på løpebaner og vekt på spyd.

Å få drive med idrett på olympisk nivå er eit privilegium. For tibetanarar flest er det å drive idrett ikkje eingong ein fjern draum. Det handlar om å overleve, å skape eit verdig og fritt liv for seg og sine. Fleire tusen tibetanarar tek seg kvart år ulovleg ut av Tibet, mange til fots over Himalaya til Nepal. Dei mottek ingen medalje.

Olympisk ånd
Idrettsleikane hadde i oldtida ei øving som heitte pankrasjon. Der var alt lov, utanom å bite, knekkje fingrane til motstandaren eller stikke ut auga. Øvinga stod på heilt til ein av utøvarane ikkje kunne halde fram. For menneske som lever i frykt, i undertrykking og under maktmisbruk, høyrest pankrasjon ut som ein søndagstur i parken.

Vi treng eit demokratisk IOK der medlemene er representantar for heimlandet, ikkje som i dag, der IOK-medlemene representerer IOK i heimlandet. Slik kan dei olympiske leikane tene føremålet sitt: ei harmonisk utvikling av mennesket og eit fredeleg samfunn. Då kunne vi fått leikar som ville ha meir å seie for verda enn stolte, nasjonale augneblinkar. Og komiteen hadde fått vist fram leikar som var i sann olympisk ånd, ikkje ein reiskap for rotne despoti som vil reinvaske seg sjølve for all verda.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er nyhenderedaktør i Kanal 24 og er i permisjon.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake