Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Dømd på tvilsamt grunnlag
Lars Gule,  11.04.08

Ein mann av bangladeshisk opphav vart i fjor dømd til tre og eit halvt års fengsel i Borgarting lagmannsrett for systematisk mishandling av den bangladeshiske kona si. I tiltalen heiter det mellom anna at den tiltala, vi kallar han Mansour, gjennom «hele perioden fra fredag 18. mars 2006 til 24. august 2006 (...) utøvet (...) ved gjentatte anledninger vold mot sin ektefelle B [vi kallar henne Taslima], blant annet ved å binde henne fast og henge henne opp i taket etter bena og/eller armene, og ved å slå og sparke henne, samt ved å ta kvelertak på henne.» I domen vert det lagt til grunn at den fyrste valden her gjekk føre seg kort tid etter at Taslima kom til Noreg. «Han kunne slå henne både med flat hånd og knyttneve (...) han kunne sparke henne (...) han kunne dra henne etter håret, og han kunne slå hodet hennes mot veggen.»

Den alvorlegaste klaga, som gjer at mishandlinga får eit torturliknande preg, er at Mansour ved fire høve skal ha hengt Taslima opp etter armane eller føtene. Desse opphengingane er særleg foksuserte i tiltalen og domen: «Opphengningene kunne vare en time eller mer og var gjerne kombinert med slag mot kroppen eller under føttene», står det i domen. Dette er grotesk og alvorleg – dersom det er sant.

Prova
Domen synest for ein lekmann for det meste bygd på indisium. Difor vert truverdet til partane og vitna avgjerande. Nokre tekniske og medisinske prov finst likevel. Lat oss fyrst sjå nærare på desse.
Sentrale tekniske prov i saka er ei koffertreim med spenne, 210 x 6 cm, og eit støvspor i ein takbjelke, 6 cm breitt.
Dei medisinske prova omfattar diverse røntgenfunn, sår på oklene, nokre blåmerke og sår i hovud­botnen og ei sakkunnig vurdering av desse funna

«Mektig irritert»
Prova må sjåast i samanheng med forklaringane til Taslima og diverse vitneprov. Påtalemakta har lagt til grunn at forklaringa til Taslima er rett. Om den siste og grovaste valdsepisoden, som utløyste at Taslima rømde til krise­senteret, seier domen at Man­sour «ble mektig irritert fordi fornærmede hadde sett på TV uten lov. Han stengte henne først ute fra leiligheten i flere timer. Da hun ble sluppet inn igjen, bandt han henne rundt anklene med ei koffertreim og heiste henne opp i en takbjelke i stua slik at hun ble hengende opp ned etter føttene. Da hun ropte om hjelp, kom han og slo henne med en kjepp, før han gikk til sengs igjen. Fornærmede mener selv at det gikk nærmere 4 timer før hun endelig kom seg løs ved egen hjelp. Hun hadde vondt i hele kroppen og var følelsesløs i beina, slik at hun måtte krabbe til toalettet.»

Her synest dei teknisk-medisinske prova å stø forklaring­ane til Taslima – opphenging med reim i ein takbjelke. Reima er funnen og det er spor etter henne i støvet på bjelken. Men påtalemakta har ikkje gjort ei nærare gransking av om forklaringane faktisk samsvarar med desse prova, det vil seie om reima er lang nok, om Mansour kan greie det lyftet som må til, og så bortetter.
Og i det som fylgjer, skal vi sjå at dette provet er meir enn problematisk. Det ligg føre andre prov, i hovudsak vitneutsegner, men desse skal ikkje granskast nærare i denne artikkelen. Her analyserer vi opphenginga mellom anna av di domen, og førehandsdomen i media, legg til grunn at den grove valden har gått føre seg. Når så grov mishandling har skjedd, er det heller ikkje vanskeleg å tru at mindre grov, men systematisk og lang­varig vald har gått føre seg. Difor kjem vi heller ikkje unna at om Taslima har forklart seg urett om opphenging­ane, så minkar truverdet hennar sterkt.

Rapport frå SINTEF
Mansour og advokatane hans har heile tida bede om ein rekonstruksjon. Det har vorte avvist av politiet og påtalemakta. Dei har ikkje hatt ressursar til dette og ville ikkje utsetje Taslima for ei slik prøving, seier dei. No ligg det likevel føre ei fråsegn frå SINTEF etter oppdrag frå advokaten til Mansour. Der har professor Erik Thorenfeldt undersøkt «fysikken» i opphenginga. Konklusjonen i rapporten er som fylgjer:

– Lyfting og binding: Om reima vert lagd kring oklene som Taslima har forklart, kan ein rett nok lyfte i ei dobbel reim, men Mansour må då halde 50 kg med ei hand medan reima vert bunden kring bjelken.
– Binding kring bjelken med dobbel reim, slik Taslima har forklart: Reima er for kort.
– Heising med reim over bjelke: Reima må bindast med spenna kring oklene og leggjast enkel over bjelke for å vere lang nok. Stor heisekraft er då naudsynt. «Med de angitte vektforhold mellom de involverte personer må personen som heiser, yte en vertikal dragkraft (...) som vil innebære at han må henge i reimen og samtidig sparke fra med beina mot takbjelken.»
– Det er knappast mogeleg å kome laus på den måten Taslima har gjort greie for: «Frigjøring fra opphenging (...) ved å heise seg opp og oppnå tilstrekkelig avlasting av strammingen rundt ank­lene synes likeledes svært vanskelig.» SINTEF-rapporten konkluderer altså med at reima er for kort til ei opphenging slik Tas­lima har forklart. Det er heller ikkje mogeleg å kome laus slik ho seier.

Medisinske prov
Kan då dei medisinske prova styrkje forklaringane hennar? Tilsynelatande gjer dei det. Ein medisinsk sakkunnig, overlækjar Helle Nesvold, som har gått gjennom journalane frå Legevakta og sjølv undersøkt Taslima, meiner at røntgenfunn av ein avbroten tapp på ein nakkevirvel og eit brot i ein finger, attåt blåmerke og skrammer, er samsvarande med forklaringane hennar om omfemnande mishandling.
Men det er vanskeleg å tidfeste brotskadar frå røntgenbilete. Den sakkunnige kan difor ikkje utelukke at frakturane er av eldre dato eller har andre årsaker. Taslima har sjølv fortalt ein kjenning at ho hadde ein gamal nakkeskade.

Det er òg viktig å merkje seg at då Taslima vart send til Legevakta i juni 2006, av di politiet fekk mistanke om mishandling då ho vart evakuert i samband med ein brann i bygarden dei budde i, var det ikkje nokon merke på kroppen. Det vart gjort inspeksjon av rygg, nakke og bryst utan at skadar vart observerte. Det såg likevel ut som ho hadde fått to blåveisar, men dette kjem av eit såkalla brillehematom, noko som opptrer om ein har fått eit hardt slag mot bakre delar av hovudet. På Legevakta vart det konstatert ei kraftig heving på venstre side. Ein frykta til og med brot på hovudskallen. Men lækjarane finn ikkje grunn til å tru at Taslima har vorte slegen i andletet, jamvel om dei frykta at ho var vorten slegen i hovudet. Taslima forklarte at ho hadde falle.
Det viser seg altså at dei medisinske funna slett ikkje er så eintydige som påtalemakta vil ha det til. Og jamvel om Helle Nesvold trudde på Taslima, kunne ho ikkje utelukke andre forklaringar enn dei Taslima har gjeve.

Ny medisinsk fråsegn
Overlækjar Nesvold har òg sett på kva rettsmedisinsk litteratur seier om å verte hengd opp ned. Dette finn ho ikkje avklarande og legg til grunn at Taslima talar sant.
No, etter rettssaka, ligg det føre ei ny medisinsk fråsegn frå sakkunnige, utarbeidd på oppdrag frå advokaten til Mansour. Professor dr.med. Trond Eskeland har gått gjennom forklaringane Taslima har gjeve til politiet, og gjort ei vurdering av å verte hengd opp etter armane og føtene. Eskeland har òg sett på det som finst av rettsmedisinsk litteratur og røynsle om slike tilfelle. Det er ikkje mykje, men ut frå ei samla fagleg vurdering konkluderer han med at forklaringa til Taslima neppe held.

«Hvor lang tid det vil ta før det inntrer betydelige svekkelser, besvimelse og død etter oppheng­ing etter bena med hodet ned, er (...) usikkert, men det er bare tale om få minutter før de første svekkelsene inntrer og som så vil øke med tiden. Jeg anser det som lite sannsynlig at en person som har hengt med hodet ned i 2,5–3,0 timer (...) deretter skulle være i stand til å frigjøre seg selv. En godt trent person kan antakelig ved egen hjelp komme løs fra en slik stilling like etter å ha blitt opphengt, men mulighetene for å frigjøre seg med egen hjelp avtar antakelig meget raskt også for en slik person.»

Hovudkonklusjonen, fagleg varsamt formulert, om å henge med hovudet ned er: «Det mest sannsynlige er at en person ville være betydelig svekket, muligens også bevisstløs, etter å ha hengt i et rep etter bena med hodet ned i 2,5–3,0 timer. Det er lite sannsynlig at en person som skulle være såpass kjekk at personen skulle kunne frigjøre seg selv i løpet av den etterfølgende 1,5 time.»

Ville døydd
For ein lekmann som les vurderinga, synest det meir truleg at Taslima hadde mist medvitet eller døydd av opphenginga enn at ho hadde makta å ta seg ned ved eiga hjelp etter nær fire timar.
Den rettsmedisinske kommisjonen har sett på Eskelands vurderingar. Dei hadde fyrst «godkjent» Nesvolds vurderingar før ho vitna i tingretten i april 2007. Det skal ikkje underslåast at kommisjonen meiner ei opphenging medisinsk sett kan ha skjedd slik Taslima forklarer, men at det då er «grunn til å anta at opphengningen har vært understøttet ved at fornærmede har hatt kontakt med gulv/bord og dermed unngått en livstruende situasjon og skader som gir varige følger».

Og kommisjonen meiner no det i alle fall må vere «noe usikkerhet omkring varigheten av opphengningene». Ei slik uvisse er det likevel ikkje spor av i Taslimas forklaringar. Den siste opphenginga skal ha gått føre seg frå like etter klokka 21 til mellom 01 og 01.30. Det veit ho av di ho såg på klokka.
Det er i tillegg viktig å få med at den rettsmedisinske kommisjonen i ettertid dreg inn eit nytt moment i dei medisinske vurderingane som ikkje har vore nemnt av Nesvold eller Eskeland. Kommisjonen seier: «Etter langvarig (timer) opphengning med hodet ned ville man kunne forvente at det ville opptre blød­ninger i hud/slimhud, spesielt synlig i øynene som punktblødninger pga. økt trykk i samle­årene.» Undersøkinga på Legevakta dagen etter at den nær fire timar lange opphenginga skal ha skjedd, viser ingen slike symptom. Ingen andre har heller sett noko slikt.
Dei medisinske prova er med andre ord slett ikkje ei klar styrking av Taslimas forklaringar. Her er det grunnlag for rimeleg tvil i stor mon.

Ord mot ord
Når dei teknisk-medisinske prova til politiet, som i hovudsak er knytte til den siste opphenginga, slett ikkje er avgjerande, vert dette ein klassisk situasjon i familievaldssaker – i hovudsak ord mot ord. Det handlar til sjuande og sist om truverdet til partane. Truverde er ikkje noka enkel sak. Truverde er påverka av mange faktorar, ikkje minst fordomar. Likevel finst det nokre objektive kriterium på truverde. Om Taslimas forklaringar er i strid med dei fysiske lovene og medisinsk kunnskap og røynsle, er det klårt at truverdet hennar vert redusert.
Taslima har gjeve den same forklaringa om opphenginga fleire gonger gjennom heile rettsprosessen og har brukt reima til å demonstrere korleis reima vart fest rundt oklene. Når dette fører til ein fysisk umogeleg situasjon, er ein rekonstruksjon heilt naudsynt for å sikre rettstryggleiken til Mansour.

Taslima kan heller ikkje tidfeste tidspunktet for dei verste overgrepa, men endrar forklaring. Når ho leverer meldinga inn til politiet, hevdar ho at den siste opphenginga skjedde torsdag 24. august om kvelden, dagen før ho rømer til krisesenteret. Konfrontert med at dei den kvelden hadde gjester, endrar ho dette til ein annan dag. Likevel er det ingen av dagane i den aktuelle veka som er meir trulege. Onsdagen ville innebere at læraren ville merke noko – raude augo, dårleg gange, vonde armar – då ho gjekk på norskkurset på torsdag føremiddag. Tysdag kveld er like urimeleg, for denne kvelden kjem grannen opp for å klage på bråk, men dette var sit-ups, og Taslima seier sjølv at ho ikkje vart slegen ved det høvet. Måndagen var Mansour på jobb til klokka 16 og kan ikkje ha vore heime i 12-tida, slik det står i domen at han skal ha vore den dagen opp­heng­inga fann stad. Difor passar ikkje måndagen (og eigenleg ikkje nokon av dei andre dagane) heller. Og i helga var paret på tur med danskebåten. Såra på oklene er òg ferske når ho kjem til krisesenteret og Legevakta. Dette ville òg innebere at Taslima venta fleire dagar med å røme etter denne uhyggjelege mishandlinga når Mansours ekskone og grannane alt hadde involvert henne i ein plan om å røme. Dermed vert heile spørsmålet om når den grovaste valden skal ha skjedd, hengande i lause lufta.

Ingen skrik
Det er heller ikkje slik at Taslima heldt ut all smerte og mishandling, for ho seier sjølv at ho under den siste oppheng­­inga ropa om hjelp. Då skal Mansour ha kome og slege henne til ho tagde. Men heller ikkje denne ropinga har grannane høyrt. Ja, nokre av grannane trudde at springelydar og dunking tydde at det gjekk føre seg mishandling og var såleis på vakt for slike lydar. Og det er svært lydt til husværet under.

Taslima fortel at ho har vorte slegen med ulike kjeppar eller stokkar. Politiet har gjennomført éi ransaking, men ikkje funne nokon av desse. Kanskje har Mansour kasta kjeppane? Men politiet fann koffertreima Taslima skal ha vorte hengd opp med, under sofaen tre veker etter at Taslima kom seg til krisesenteret. Det finst tallause andre problem, hol og sjølvmotseiingar i forklaring­ane til Taslima som heller ikkje er fylgde opp.
Grannane som bur rett under Man­sour og Taslima, meiner bråket dei har høyrt, er prov på mishandling. Dei fylgde difor godt med i det som hende i husværet over, og dei høyrde mykje gåing. Dei trudde òg dei høyrde gråt, men dei høyrde ikkje rop eller skrik.

Vald ikkje utleukka
Det er ført fleire vitne i saka. Nokre uttala seg slik at dei styrkjer truverdet til Taslima, andre styrkjer truverdet til Mansour. Men ingenting av det som kjem fram til støtte for Mansour i vitneprov og sakkunnige fråsegner, provar at han er ein engel. Han har vedgått dytting, slag med ein linjal og nokre øyre­fikar i samband med krangel og provokasjon. Nokre vitne fortel om ein Mansour som var paternalistisk mot Taslima og andre kvinner, andre seier det motsette.
Vi kan heller ikkje seie at det er heilt umogeleg at han har hengt opp Taslima, men då på andre måtar enn det ho har forklart, eller at det ikkje har gått føre seg anna mishandling. Elendig politiarbeid gjer at vi ikkje veit noko om dette.

Derimot veit vi at dei forklaringane frå Taslima som ligg føre, ikkje er konsistente og i det heile ikkje er sannsynlege når det gjeld den grovaste valden – opphenginga etter føtene og armane. Altså er Mansour dømd til den strengaste straffa nokon gong for familievald, utan at skuldspørsmålet er av­­gjort utanom all rimeleg tvil. Det er dette som utgjer justismordet, om ikkje Høgsterett opphevar domen når saka vert teken opp der neste veke.

Lars Gule er fyrsteamanuensis ved Høgskolen i Oslo. Som (tidlegare) studieleiar var Gule Mansours næraste overordna. Dei kjende kvarandre berre som arbeidskollegaer, men Gule har fylgt saka både som arbeidsgjevar og som engasjert i kulturforståingssida av dette sakskomplekset.





Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake