Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Journalismen som samfunnslære

Av Roald Helgheim
,  03.04.08


I boka Pressen er løs stilte Odd Raaum spørsmålet: «Hvordan kan det ha seg at så mange journalister tydeligvis har en så ukomplisert tro på sin egen og journalistfagets betydning?» Eit grunntema i boka, som Raaum som første­amanuensis i journalistikk ved Høgskolen i Oslo gav ut i 1999, er at få eller ingen stiller spørsmål ved det opp­draget pressa meiner å ha fått av samfunnet, men som i røynda er eit oppdrag pressa har gjeve seg sjølv på vegner av det. Når spørsmålet ein hende gong blir stilt, viser mediefolk til eit allment samfunnsansvar for handlingane sine, ein samfunnskontrakt med utgangspunkt i myten om ei fjerde statsmakt. Samstundes set ein seg med nebb og klør mot alle slags krav om innsyn og kontroll av den typen dei stiller til andre statsmakter. Difor er representantane til pressa i fleirtal i sin eigen domstol, og ho peikar sjølv ut dei andre som får vere med.

Det fine, samansette ordet om samfunn og kontrakt har vi høyrt sjeldnare dei siste åra, men det låg tydeleg på tunga hos mange av medias eigne kommentatorar då politikarane Audun Lysbakken frå SV og Torbjørn Røe Isaksen frå Høgre i vinter saman gjekk ut mot det etablerte kommentatorveldet i den politiske journalistikken. Når det gjeld Raaum, følgde han i 2002 opp med boka Selvsensur. Der siterte han Kåre Valebrokk, som i Aftenposten ein gong i 2001 skreiv at «Alle vår feil til trass, virkelig­heten bestyres best av journalister». Ein grunntese hos Raaum er at presse­etikk ikkje først og fremst er eit mål på kor edelt lauget er. Det bør heller sjåast som ein bransjestrategi som skal overtyde styresmaktene om at alle partar er tente med at pressa tuktar seg sjølv, utan innblanding utanfrå. Det lyder kynisk, men det høyrer med at forfattaren på spørsmål om det fanst ein annan og betre justis, sa at han ikkje trudde det fanst nokon betre. Så kva er då nytt under den presseetiske sola?

Som alle veit, vart utspelet til Røe Isaksen og Lysbakken ikkje berre avvist av eit medielaug som verkeleg levde opp til flokkdyr­instinktet sitt. Maken til inngrep mot dei som samfunnet sine vaktbikkjer skal vere, hadde det faste kommentatorpanelet vi møter i kvar einaste debatt på alle kanalar i radio og fjernsyn, sjeldan opplevd. Store gamle ord om pressa som endeleg hadde frigjort seg frå alle politiske band, flaug veggimellom. Vi treng ikkje referere heile debatten, for dei medvitne som følgjer med, kan han utanboks. Men det forløysande og lite påakta innlegget kom i Dagbladet midt i den stille påskeveka, signert høgskulelektor Magne Lindholm ved Journalisthøgskolen i Oslo.

Med sympati for dei to kritiske ungdomspolitikarane korrigerte han med at media formidlar ikkje dei sentrale politiske bodskapane gjennom kommentarane sine, men på nyhendeplass. Den dominerande pressa har ikkje som fremste oppgåve å spreie informasjon. Det er berre ein bi­effekt av ei anna verksemd. Difor er informasjonen både usystematisk og tilfeldig. Den viktigaste oppgåva er å selje annonsar, som er det kommersielle medium lever av, og journalistane skal vere lokke­fuglar for reklamebransjen. Oppdraget føreset at pressa er politisk nøytral, og korleis kan ein vere både kritisk og nøytral? «Mediene er firmaer som lever av å vekke oppsikt, samtidig som de ikke skal støte noen», hevdar Lindholm. Saksinformasjon sel dårleg, og politiske meiningar er tabu. Men normer er populære. Difor: «Alle store nyhetshistorier er i dag irettesettelser». Dei handlar om brot på normer, kritikken frå journalistane blir moraliserande og døme-orientert, han er ikkje under­søkjande og systemkritisk. Avvik frå det normale blir slått ned på, og det konvensjonelle blir norm, boren fram av journalistar som hevar seg over politikken og definerer kva som er normalt, og korleis samfunnet skal fortolkast. Journalismen har utvikla seg til ei heil lita samfunnslære, som liknar verda i folkeeventyra, meiner Lindholm.


Kva som blir att av samfunnsoppdraget etter dette, er ikkje lett å få auga på. Utan tvil finst det nokre dyktige og kunnskapsrike kommentatorar, men det er ikkje lett å byggje kvass analyse på konvensjonell tenking. Ofte blir det å setje fokus på personlegdomen til politikarane og å oversjå meiningane. Dette vart banen til både Valla og Ramin-Osmundsen, meiner Lindholm. Best råkar karakteristikken hand­saminga av den siste. Klønete framferd i ei tilsetjingssak utløyste ein mediestorm heilt ute av proporsjonar i høve til det bagatellmessige ved saka. Likevel briska høgstemde kommentatorar seg etterpå som om det var utført ei journalistisk bragd, etterfølgt av ei jakt på endå fleire politiske nettverk av kven som kjende kven i den vesle og gjennomsiktige politiske andedammen, som nærma seg det komiske. Det gav også slike tragiske utslag som at Loveleen Brenna, som tenkte å søkje jobb som barneombod, trekte seg av redsle for ein ny habilitetsdebatt, då ho kjende likestillingsministeren. I staden for å stå på søknaden og kunngjere for alt folket at ho tok det for gjeve at ministeren ville vurdere henne på lik line med andre. Politisk skuggeredsle vart til politisk ansvarsfråskriving.

Om journalistiske team like store som dei som vart brukte i Ramin-Osmundsen-saka, hadde vore sette inn på verkeleg viktige saker, kunne vi hatt medium til å leve med. Slik dei nærmar seg politikken no, blir han tømd for politisk innhald og forfell til moralisme. Og journalisten spør kommentatoren: «Kor alvorleg er dette?» «Det er svært alvorleg», får han til svar. Og då snakkar dei ikkje om det faktum at soga om utruskapen til ein kjend teaterregissør var viktigaste sak i VG i veka som var.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake