Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Rotnande skog

Av Jon Hustad
,  13.03.08


Norske Skog var verdsleiande på spesialisert papirproduksjon. Så fekk dei ny sjef. Jan Reinås fann at han skulle kjøpa alt og, viste det seg, ingenting, av avispapirprodusentar. No er aksjane i selskapet knapt verde papiret dei er trykte på, anten det no er laga i Follum, Skogn eller Skien. Stendig fleire reknar med at eitt eller anna internasjonalt fond kjøper opp restane og legg ned dei norske papirprodusentane som er att. Kven skal norske skogeigarar då levera trea til?

Erik Trømberg er forskar ved Universitetet på Ås.

– Kva er bakgrunnen for Norske Skog?
– Eit stendig aukande engasjement frå norske skogeigarar for å sikra avsetning av norsk tømmer. Skogeigarane kom til at den av­­setninga vart best sikra ved å gå inn som eigarar. Tømmerproduksjon er ei svært transportintensiv næring. Tradisjonelt går om lag 25 prosent av prisen på massevirke med til å få tømmeret fram til vidareforedlaren. Di lengre veg til marknaden, di mindre sit skogeigaren att med.

– Har strategien vore vellukka?
– Historisk sett har prisen på norsk tømmer nytta i Noreg vore høg. Prisen på eksporttømmer har vore mykje lægre. Difor har det vore lønsamt å laga papir for så å eksportera det.

– Kvar gjekk det gale?
– Grunnen til at vi har hamna i denne situasjonen, er hovudsakleg denne ideologien som vart så populær i 1990-åra, nemleg at ein skulle konsentrera seg om kjerneverksemda, ein skulle verta stor på det ein var god på. Norske Skog var av dei fremste eksponentane for denne ideologien. Dei selde unna skog, kraftverk og det meste anna enn avispapirproduksjon. Leiinga la så å seia alle egga i ei korg og byrja å kjøpa produsentar ute i verda. Etter det meste å døma kjøpte dei for dyrt. Tradisjonelt har etterspurnaden etter avispapir gått opp i oppgangstider, det hende ikkje denne gongen. Prisen har gått ned endå dei økonomiske tidene har vore gode. Auka bruk av internett er ein viktig grunn til det.

– Om dei norske papirprodusentane vert sanerte vekk, kva skjer då med norsk tømmerproduksjon?
– I dag er prisane på trelast høge, til dømes er det mykje husbygging. Det er ein glidande overgang mellom kva som går til trelastproduksjon og kva som går til massevirke, men ein del massevirke kan nok nyttast til trelast. Det er òg truleg at noko meir av tømmeret kjem til å verta nytta til bioenergi, som i det siste har vore med på å lyfta prisen på massevirke ute i Europa. Men det som vil vera avgjerande for kor mykje av tømmerproduksjonen som vert halden oppe, er eksportprisane.

– Men då sit produsentane att med mindre marginar grunna transportkostnadene?
– Ja, og det vil få konsekvensar. Dei som er langt frå hamn, vert skvisa.

– Då høgg dei mindre skog?
– Ja. Men marknaden ventar auka prisar i Europa. Russarane har no varsla ei eksportavgift på tømmer for å få bygd opp eigen foredlingsindustri. I tillegg kjem auka etterspurnad etter biobrensel, så det vil framleis vera mogeleg å få avsett tømmer. Og om vi får dyrare straum her heime, kan det òg verta auka prisar her. Men per i dag er prisane på kraft for låge til at til dømes gran vert lønsam i energiproduksjon. I alle høve må ein satsa store summar her i Noreg for å få ein verkeleg stor bioenergiproduksjon.

– Det enorme kapitaltapet til skogeigarane må vel òg få konsekvensar?
– Skogeigarforeiningane har tradisjonelt hatt gode finansielle resultat. Desse pengane har vore nytta til å gje skogeigarane høg­are prisar for tømmer enn industrien har vore viljug til å betale. No fell det bort.

– Så aksjeutbyta har vorte nytta til å få opp prisane for dei som har hatt del i skogeigarforeiningane, som igjen eig store delar av Norske Skog?
– Ja, og når desse pengane vert borte, får foreiningane òg mindre konkurransekraft i den norske marknaden.

– Torer du å koma med konkrete overslag over kor mykje mindre avverkinga kan verta om avispapirproduksjonen i Noreg stoggar opp?
– I verste fall kan 20 til 30 prosent av det som Norske Skog i dag tek, verta ståande att i skogen, lat oss seia opp mot éin million kubikkmeter (det går 3–4 tre per kubikkmeter, red.merk.). På sikt trur eg likevel at størstedelen av tømmeret kan eksporterast.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake