Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Regjeringa vil setje pris på kysten

Av Per Anders Todal
,  06.03.08


Oppover langs norskekysten har merdane til oppdrettsanlegga formeira seg kraftig dei siste tiåra. Regjeringa har kasta blikket på desse areala. Burde ikkje oppdrettarane eigentleg betale for det arealet dei legg beslag på, er spørsmålet som blir stilt.

Det er ikkje første gongen ei arealavgift blir diskutert. Også i 2001 vart eit slikt forslag oppe i regjeringa, da vart det ingenting av. Men i år kan det bli alvor. Finansdepartementet hadde ein førebels høyringsrunde før jul for å få innspel i saka, og det er venta eit lovframlegg i løpet av året. Om arealavgifta blir ved­teken, kan ho kome inn i statsbudsjettet for 2009. Fiskeriminister Helga Pedersen har sagt at ei slik avgift kan vere med på å gjere kommunane meir positive til fiskeoppdrett, skriv Bergens Tidende.

Knapt om plass
Førebels er det uklart kva utforming og omfang ei slik avgift kan få. Eitt av framlegga har vore å differensiere avgifta, slik at be­­drifter med hovudkontor i kommunen der anlegga ligg, betaler ei lågare avgift enn dei med hovudkontor i ein storby, skriv Kyst.no, som er ei nyheitsside for oppdrettarane.

Det kom inn nær femti høyringsfråsegner om arealavgift for oppdrettsanlegg. Medan næringsorganisasjonane er svært skeptiske, er nesten alle dei spurde kystkommunane positive.

– Kommunestyret i Jondal ser positivt på ei ordning med arealskatt for fiskeoppdrettarane, seier Sigrid Brattabø Handegard, ordførar frå Senterpartiet. Jondal kommune i Hardanger er liten i areal, men har mykje oppdrettsverksemd.

– Kommunestyret har bede administrasjonen om å vurdere denne saka. Vi vil sjå positivt på dette. Vi ser det som rimeleg at areal på sjøen blir betalt for, for det tek til å bli knapt med areal også der, seier Handegard.

– Her i kommunen er det oppdrett på elleve lokalitetar, og vi er ikkje ein stor kommune. Oppdrett er ei av dei viktigaste næ­­ringane her.

Lokale pengar
Men inntektene til kommunen frå næringa er avgrensa, fortel ordføraren.

– Det meste er personskatten til dei som jobbar med oppdrett, selskapsskatten er ikkje all verda. Så ei arealavgift ville leggje att meir pengar lokalt.

– I tillegg er det mange som meiner at oppdrettsnæringa be­­lastar miljøet, ikkje minst i Hardanger?
– Det er delte meiningar om kvifor miljøet er som det er i Hardangerfjorden. Men vi ser at det ofte blir kamp om areal på sjøen, mellom nærings- og fritidsinteresser. Mange ønskjer å bruke sjøområde til bading og båtliv.

– Regjeringa trur òg at kommunane skal bli meir positive til oppdrettsnæringa om de får inntekter frå arealavgift. Blir de det i Jondal?
– Eg vil seie at vi er positive til oppdrett her, og har vore det lenge. Men når næringa går bra, bør også lokalsamfunnet ha meir att for areala som næringa brukar. Vi opplever ein del konfliktar mellom oppdrett og fritids­interesser, og det blir lettare å argumentere for å ta omsyn til oppdrettarane om dei betaler ei arealavgift.

– Staten er problemet
Ikkje overraskande er oppdrettsnæringa sjølv ikkje like positiv til ei ordning med arealskatt som kystkommunane er.

– Denne avgifta er seld inn som noko som skal stimulere kommunane til å setje av areal til fiskeoppdrett. Men det vi opp­lever, er ikkje at kommunane avgrensar arealtilgangen for næringa. Det er det staten som gjer, gjennom bandlegging og arealvern. Om staten vil leggje til rette for oppdrett, må han leggje om arealpolitikken sin, seier Geir Ove Ystmark, direktør for næringsutvikling i Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening.

– I tillegg er næringa vår globalt konkurranseutsett. Vi eksporterer det aller meste av produksjonen vår til ein tøff global matmarknad. Da blir det heilt feil å skjerpe skattetrykket og redusere konkurranseevna vår. For oss er det eit ufråvikeleg krav at ei arealavgift må kompenserast gjennom reduksjon av andre skattar og avgifter, fortel Ystmark.

Han meiner problemet ikkje er at oppdrettarane betaler for lite i skattar og avgifter til kommunane der dei driv verksemda.

– Hovudproblemet er at staten gjev for lite til kommunane. Staten må gjere noko med inntektsfordelinga mellom stat og kommune. Det er ikkje vår oppgåve.

– Men det er ikkje uvanleg å skatte for bruk av areal på land – og det er ganske store sjøareal næringa dykkar legg band på?
– Nei, det er faktisk ikkje så store areal. Det samla arealbeslaget til oppdrettsnæringa kan samanliknast med arealet til flyplassen på Gardermoen.

– Kor stort areal snakkar vi om da?
– Nei, det hugsar eg ikkje heilt. Men det var ei undersøking for nokre år sidan som viste at alle merdane langs norskekysten til saman var på storleik med Gardermoen. Og sidan da har arealbruken til oppdrett minka litt, seier Ystmark.

– God plass
– Det er feil å framstille det som om kysten er overbefolka av oppdrettsmerdar. Og anlegga ligg ofte i område med nedgang i folketalet, der det er god tilgang på areal. Om kommunane stod friare i arealplanlegginga si, kunne ein løyst det som er av lokaliseringsproblem.

Geir Ove Ystmark meiner ei arealavgift kan vere destruktiv for utvikling av ny næringsverksemd i distrikta.

– Eg fryktar dette vil hemme næringsutvikling og nyskaping. Lakseoppdrett, som er ganske etablert, vil tole ei slik avgift betre enn dei som driv med torsk eller andre nye oppdrettsartar.

– Burde ikkje oppdrettsnæringa leggje att meir pengar i dei kommunane dei opererer?
– Problemet er at staten er så grådig. Staten tek inn store avgifter for nye konsesjonar, og dei brukarfinansierte gebyra for næringa er mykje større enn dei reelle kostnadene for staten. Vi har ikkje noko imot å betale meir i skattar og avgifter til kommunane. Men i staden for å omfordele mellom stat og kommune, vil regjeringa no innføre ei ny avgift.

– Du trur ikkje på at kommunane blir meir positive til oppdrettsnæringa om dei får inn pengar frå arealavgift?
– Nei, for kommunane er allereie flinke til å leggje til rette. Det er arealpolitikken til staten som er avgrensinga for oss, seier Geir Ove Ystmark.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake