Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


– Rasisme på Hegnar Online

Av Svein Gjerdåker
,  21.02.08


Er det bare en tilfeldighet at våre to mest kjente negre, har en mildt sagt frynsete moral. Hvordan ligger det an med resten av negrene?
Debattinnlegg på Hegnar Online

Kameraljosa mot Manuela Ramin-Osmundsen er slått av og journalistane har overlate saka til kommentatorane. Papiravis gulnar fort, men på nettavisene ligg slagget att. Vi sjekka denne veka lesardebatt­sidene på nettet til VG, Aftenposten og Hegnar Online om Ramin-Osmundsen-saka. Innlegga på Hegnar Online var særleg nedslåande lesing. Svært mange av innlegga på nettstaden til Hegnar Onlie er rein sjikane. VG og Aftenposten har òg sjikanøse innlegg på nettet, men dei er langt færre og av mildare karakter. (Det skal her nemnast at desse innlegga ikkje står åleine, men er del av ein debatt der dei blir imøtegått.)

VG-Nett
Her er noko av det vi fann på VG-Nett:

«Snu på flisa. Er det tilfeldig at den eneste mørke statsråden i historien greier å bli avslørt som en notorisk løgner»
Debattant på VG-Nett

«Fantastisk godt gjort Osmundsen å kunne sitte på tv med statsministeren og smile og lyve så møkka renner ut av deg (...) en som skrev her på forumet at nå stikker a sikkert tilbake til Frankrike og da kan man jo lure på om grunnen til at Jens fikk hastevedtak på å få henne til å bli norsk statsborger var bortkastet tid allikevel (...) at Jens burde få seg en smekk er jo selvsagt, han gikk jo god for denne dama flere ganger og i tillegg brakte henne inn til landet.»
Debattant på VG-Nett

«Hun har nok gjort seg fortjent til en lønn på over millionen på retrettstillingen denne gangen. Hun er jo så flink til å stille seg til disposisjon for et eller annet skadelig for Norge.»
Debattant på VG-Nett

Ansvarleg redaktør for VG-nett er Torry Pedersen.

Aftenposten
Også i Aftenposten fann vi nedsetjande innlegg:

«Jens er så forbanna at han er hvit i trynet, mens Ramin Osmundsen sitter der med sitt maanelignende ansikt og bare smiler litt skjevet og ser dumt paa Jens (...) enda alle viste at dette var en notorisk løgner som de hadde fått inn i departementet, og som kun hadde fått jobben etter kvotering fordi hun var mørk i huden og snakket gebrokket norsk.»
Debattant på Aftenposten.no

«Da en sort dame skulle hjelpe barna i Norge så tenkte hun først og fremst på seg selv og en venn ikke på barna. Litt sånn tvert imot den oppfatning vi har når vi ser sorte barn lider. Vi ville da hjulpet barna og ikke en kamerat. Jeg foreslår neste gang vi skal ha innsamling til vanskeligstilte og fattige barn i Afrika at alle pengene blir samlet inn til en kamerat av meg som har forholdsvis god økonomi fra før.»
Debattant på Aftenposten.no
Ansvarleg redaktør for Aftenposten er Hans Erik Matre.

Hegnar Online
Men Hegnar Online stiller i ein heilt eigen klasse. Der verkar det som om redaksjonen er utan redaksjon. Hegnar Online er eigd av Trygve Hegnar og familien hans, og han er sjølv styreleiar for selskapet. Hegnar har ei eiga spalte som heiter «Hegnar mener», der han legg inn leiar­artiklane sine frå Kapital. Ansvarleg redaktør for Hegnar Online er derimot Stein Ove Haugen. Her treng ein ikkje leita i det heile, som i Aftenposten og VG, etter nedsetjande innlegg; dei ligg der på rad og rekkje. Sitata vi har med nedanfor, er ikkje dei verste. Vi lèt vera å trykkja dei grovaste, som til dømes ein serie innlegg om kva ein bør gjera med «kakerlakker».

«Alle kjente hennes fortid, at hun fylte landet med sotrører som ikke hadde rett til å være her.
Debattant på Hegnar Online

«Spark UDI-negeren. Vi trenger ikke flere slike løgnere.»
Debattant på Hegnar Online

«Er det bare en tilfeldighet at våre to mest kjente negre, har en mildt sagt frynsete moral. Hvordan ligger det an med resten av negrene?»
Debattant på Hegnar Online


Redaktør for Hegnar Online er Stein Ove Haugen. Eigar og styreleiar er Trygve Hegnar.

– Gjørmebad
– Dette er eit reint verbalt gjørme­bad. Desse utsegnene reiser spørsmålet om ein har fått eigne kloakkårer rett inn i det offentlege rommet, seier professor i statsvitskap Bernt Hagtvet då vi bed han lesa sitata. Hagtvet er styremedlem i Stiftinga menneskeretts­huset og har i mange år vore oppteken av dei prinsipielle sidene ved ytrings­fridomen.

– Meiner du innlegga på Hegnar Online er rasistiske?
– For å kunne svara på det må ein definera kva rasisme er. Om­grepet omfattar etter mitt syn tre kjenneteikn: 1. Nedsetjande karakteristikkar av heile folkeslag. 2. Forklaring av åtferd på basis av dei påståtte kjenneteikna slik at åtferda til kvart einskilt menneske vert forklart ut frå bestemte kollektive etniske og nasjonale religiøse og kulturelle kjenneteikn. 3. Det vert operert med eit hierarki av folkeslag der den kvite rasen gjerne vert sett øvst.

– Eg vil særleg leggja vekt på den kollektive brennemerkinga av heile folkeslag og bruken av nedsetjande uttrykk. For meg er den klassiske rasisten sheriffane i sørstatane som sat på tiltalebenken under borgarrettskampane og lo av føderale statsadvokatar.
– Ta så sitatet: «Alle kjente hennes fortid, at hun fylte landet med sotrører.» Det er rasistisk fordi det er ein grov karakteristikk av ei heil folkegruppe basert på fordomar mot ikkje-kvite folkeslag.

– Kva konsekvensar meiner du slike ytringar har?
– Det er ei grunnleggjande forsøpling av det offentlege rommet. Ingen er motstandarar av energisk politisk debatt. Men her er det ikkje anna tankeinnhald enn reine fordomar. Dei som fremjar slike synspunkt, definerer seg under eit sivilisatorisk lågmål. Nettstaden pliktar òg, av omsyn til dei som sender inn innlegga, å verna dei mot å forråa seg sjølve.

Melder Hegnar Online
– Spørsmålet reiser seg med ein gong om redaktøransvaret for slike nettstader, seier Bernt Hagtvet.
Han har bestemt seg for å melda ansvarleg redaktør Stein Ove Haugen i Hegnar Online og styreleiaren i det same selskapet, Trygve Hegnar, til politiet for brot på rasismeparagrafen.

– Kvifor?
– Det er no trong for ein juridisk grenseoppgang mellom ytringsfridom, rasistiske ytringar, injurielovgjeving og redaktør­ansvar på desse offisielle nettstadene som aviser og andre medieselskap driv.

– Er ikkje du for restriktiv?
– Då må eg minna om at den opplyste offentlege samtalen er kjerneverdien til demokratiet. Men det er ein samtale som føreset at ein ikkje stengjer for kommunikasjon, men framfører resonnement og synspunkt som må gå ut over dei reine spyttklysene. Det å brennemerkja heile grupper stengjer for kommunikasjon og minner oss om historiske epokar og tenkjemåtar som manar til ettertanke.

– Eg vil hevda at mange av nettstadene representerer eit trugsmål mot demokratiet og må ikkje få skin av legitimitet ved at respekterte presseorgan tek dei inn under sine venger.


Oslo, 21. februar 2008

Til Oslo politidistrikt

Anmeldelse av ansvarlig redaktør i Hegnar Online, Stein Ove Haugen, og Hegnar Online AS ved styre­formann og eier i Hegnar Online, Trygve Hegnar, for brudd på paragraf 135 A i straffeloven.

Jeg anmelder med dette ansvarlig redaktør Stein Ove Haugen i Hegnar Online og styreleder og eier i samme selskap, Trygve Hegnar, for brudd på straffe­lovens paragraf 135 A – rasismeparagrafen. Hegnar Online har offentliggjort flere sterkt nedsettende og hånende karakteristikker av hele folkegrupper generelt og tidligere statsråd Manuela Ramin-Osmundsen spesielt.
Behovet for en juridisk klargjøring av det redaksjonelle ansvaret for debatt­fora på nettstedene er nå åpenbart. Hegnar Online står for en type kommunikasjon som ikke fremmer ytringsfriheten som konstruktiv meningsbrytning og sannhetssøking.
Her har vi å gjøre med sårende og krenkende karakteristikker basert utelukkende på basis av hudfarge og/eller etnisk opprinnelse. Skal paragraf 135 A ha noen mening og ikke bli redusert til en ren plakat, bør nå det offentlige ta ut tiltale i dette tilfellet.

Bernt Hagtvet





Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake