Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Myten om kraftmangelen

Av Per Anders Todal
,  13.02.08


Det har blitt sagt så mange gonger at det liknar ei etablert sanning: «Noreg er nettoimportør av kraft i eit normalår.» Sidan midten av 90-åra har dette blitt hevda opp att og opp att i den norske energidebatten. Her er nokre døme:

«I dag er Norge ikke lenger selv­forsynt med strøm selv i et såkalt normalår for nedbør.»
(Torbjørn Andersen, stortingsrepresentant for Frp, i Stortinget 18.12.07)

«Selv i normalår har vi stort kraftunderskudd, og selv en sterk satsing på fornybar energi kan ikke fylle det hullet.»
(Tore Nordtun, Ap-medlem i Energi- og miljøkomiteen, sitert i Aftenposten 22.9.06)

«Norge er i dag netto importør av kraft i år med normal nedbør. Det er beregnet at importen i et normalnedbørsår i dag vil være 7–8 TWh.»
(Olje- og energiminister Odd Roger Enoksen i Stortinget, 1.6.2006)

«At energinasjonen Norge i et normalår skal være i en situasjon hvor vi er avhengig av å importere kanskje så mye som 10 TWh i året, er ingen bærekraftig situasjon for landet vårt.»
(Børge Brende, Høgre, i stortingsdebatt 25.11.05)

«Norge er i normalår nødt til å importere omtrent 7 TWh. (...) Norge må bli mindre avhengig av kullkraftimport.»
(Jens Stoltenberg, Ap-nestleiar, i stortingsdebatt 8.12.1999)

I mange år har det altså vore noko nær tverrpolitisk semje om at Noreg har eit stort kraftunderskot i såkalla «normalår». Dette underskotet var kanskje det viktigaste argumentet for gasskraftforkjemparane, som kunne hevde at gasskrafta skulle erstatte den store importen av kolkraft frå kontinentet.

Men argumentet var falskt. Det kroniske, norske kraftunderskotet er ein myte.

Eit Kårstø i året
Lat oss sjå på dei tørre tala for import og eksport av kraft. Fram til 1990 hadde Noreg romslege kraftoverskot nesten kvart einaste år. Frå 1990 har biletet vore meir blanda, men eksporten er i sum klart større enn importen i desse åra. I tolv av dei siste atten åra har Noreg eksportert meir kraft enn landet har importert, syner tala frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Nettoeksporten av kraft frå 1990 til og med 2007 har vore på nesten 55 TWh. I snitt vil det seie over 3 TWh i eksportoverskot i året. Den årlege eksporten til­svarar omtrent årsforbruket til 150.000 norske husstandar, eller nær den venta årsproduksjonen av straum ved gasskraftverket på Kårstø.

Kva er normalt?
Når myten om kraftunderskotet ikkje har blitt pulverisert forlengst, heng det nok saman med det vage omgrepet «normalår». Å seie kva som er eit normalår, er sjølvsagt vrient, sidan nedbøren som vasskraftproduksjonen av­­heng av, svingar frå år til år. Men om «normalår» skal ha noko fornuftig innhald i det heile, må det byggje på tal over tid. Og tala til NVE talar tydeleg: Noreg har dei siste atten åra eksportert langt meir kraft enn landet har importert.

Det er to hovudgrunnar til dette: Det har regna meir enn før i Noreg, og forbruket har vakse lite sidan 90-talet. Da blir det mykje kraft å selje: I det regnfulle året 2007 åleine eksporterte Noreg over 10 TWh til utlandet.

– Vi er sjølvforsynte
– Vi har lenge prøvd å oppklare misforståinga om kraftunderskotet. Faktum er jo at Noreg er netto­eksportør av kraft, seier energirådgjevar Torhildur Kristjansdottir i Norges Naturvernforbund.

– Når vi har eit tørrår og høg kraftpris, blir det blåst opp på framsidene i avisene. Men når vi har eit stort eksportår som i fjor, høyrer vi nesten ingenting. Eg trur ikkje mange har fått med seg kor mykje kraft Noreg eksporterte i fjor. I importåra er det masse merksemd om at Noreg importerer kolkraft. Men Noreg er normalt sjølvforsynt med kraft.

– Men kvifor har denne oppfatninga om at Noreg har eit kronisk kraftunderskot, fått etablere seg som ei sanning?
– Eg trur energilobbyistane har spela ei viktig rolle. Og vi ser gong på gong det påståtte kraftunderskotet brukt som argument i konsesjonssøknadene.

– «Kraftunderskot i eit normalår» har i mange år blitt brukt som argument for gasskraftverk?
– Ja, det har det, og argumentasjonen er latterleg. Det har vore ei misforståing om at vi må produsere stadig meir kraft. Vi ser det òg på den mengda av konsesjonar som er gjevne til småkraftverk.

– Men også NVE har i mange år snakka om at Noreg har kraft­underskot i normalår. Kva motiv skulle dei ha for å desinformere om dette?
– Det er eit godt spørsmål, som eg ikkje har noko godt svar på. Men vi ser at både Statkraft og Statnett no er i ferd med å gå bort frå denne framstillinga og oppjusterer tala for kraftproduksjonen i eit normalår, seier Kristjansdottir.

– Vi ser ikkje på snittet
Det er tid for å gå til kjelda. NVE er kanskje den viktigaste premissleverandøren for norsk kraftdebatt, og analysane til NVE har lenge vore brukte som dokumentasjon på at Noreg lir av kronisk kraftmangel. På nettsidene til NVE kan ein framleis lese at Noreg ikkje er sjølvforsynt med kraft. Vi ringjer til NVE-direktør Agnar Aas for å finne ut korleis dette kan ha seg.

– Du og NVE meiner at Noreg har underskot på kraft i eit normalår. Korleis kan de hevde det?
– Eit normalår for tilsig og kraftproduksjon er definert som gjennomsnittet av åra 1970–1999, og slik kan ein rekne ut produksjon og forbruk i eit normaltilhøve. Valet av normalperiode er noko NVE tek stilling til kvart tiande år. Fram til hausten 2007 har Noreg hatt eit kraftunderskot om ein reknar på denne måten.

– Eg har sett på forholdet mellom eksport og import frå 1990 til 2007, og Noreg har eksportert klart meir enn landet har importert i denne tida. Det samla overskotet er på nesten 55 terawattimar, i snitt over tre TWh i året. Korleis kan de da meine at vi har underskot på kraft i eit normalår?
– Tala dine er sikkert rette. Men det er problematisk å bruke gjennomsnittet på den måten. Det har vore nokre år med ekstremt mykje nedbør som trekkjer opp snittet for kraftproduksjonen mykje. Det er ikkje tvil om at klimaet har blitt våtare dei siste åra. Men vi ser ikkje på snittet for samla produksjon når vi skal finne ut kva som er eit normalår.

– Men gjennomsnittet i løpet av ein periode på atten år må vel fortelje oss noko om kva eit normalår er for noko?
– Ja, om ein legg perioden 1990–2007 til grunn, er konklusjonen din rett. Til no har det vore semje om at perioden skal vere tretti år for å få eit godt resultat. Forbruket varierer med temperatur, prisar, konjunkturar og andre forhold. Kva som er normalt forbruk, er difor usikkert.

– Meiner du at det gjennomsnittlege kraftoverskotet dei siste atten åra er irrelevant for kva som skal kallast eit normalår?
– Som sagt, slike utrekningar bør gjerast for ein periode på tretti år. Overskotet dei siste atten åra kan tyde på ei klimaendring, seier Agnar Aas.

– Ingen forventingar
– Definisjonen dykkar av «normalår» er jo avgjerande for dei som skal planleggje kraftforsyninga framover?
– Det ligg ingen forventingar frå vår side i omgrepet «normalår». Det er produsentane som avgjer om det skal investerast i meir produksjon. Dei siste åra har vi sett at forbruket òg varierer mykje. I år med låg produksjon er forbruket lågt som følgje av høge prisar. Difor er ikkje normalbalansen så interessant lenger, seier Agnar Aas.

– Men politikarane har i mange år brukt påstanden om at Noreg har kraftunderskot i normalår, som eit argument i debatten om kraftforsyninga?

– Det kan godt hende. Eg er ikkje i det politiske miljøet. NVE legg vekt på tryggleik i energiforsyninga, også i tørrår.

– Om det ikkje stemmer at Noreg har underskot i eit normalår, så er vel ein viktig premiss for norsk energipolitikk direkte feil?
– Med gasskraftverket på Kårstø i drift, utbygging av fornybar kraft i Sverige og ny kabel til Nederland har mykje endra seg.

– Men det nettooverskotet vi har hatt dei siste atten åra, var der før gasskraftverket på Kårstø og kabelen til Nederland, og ut­­bygginga i Sverige spelar inga rolle for det norske kraftoverskotet?
– Fram til hausten 2007 har Noreg hatt eit kraftunderskot etter vår reknemåte.

– Påstanden om kraftunderskotet har vore flittig brukt i argumentasjonen for å byggje gasskraftverk i Noreg?
– I regionale underskotsområde har dette vore brukt som argument for å betre forsyningstryggleiken. 

– Dette har ikkje berre vore brukt når det gjeld regionale underskot. Påstanden om eit nasjonalt kraftunderskotet i Noreg har blitt brukt av ei lang rekkje politikarar for å grunngje at Noreg må byggje gasskraftverk. Kva synest NVE om det?
– Det er ikkje NVEs rolle å gje ein karakteristikk av den norske energipolitiske debatten.

– Men tala fortel i alle fall at Noreg har hatt ein nettoeksport på 55 TWh dei siste atten åra?
– Det er rett, men utan stor interesse. NVE er oppteke av at Noreg skal ha ei trygg kraftforsyning også i tørrår, seier NVE-direktør Agnar Aas.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake